Hjelpeorganisasjonane kan bidra med gåver, måltid og matposar, men det betaler ikkje rekningane til folk. No etterlyser dei statleg hjelp. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Dobbelt så mange ber om julehjelp

Dobbelt så mange ber om hjelp til å klare jula – har ikkje pengar til å leve

I fjor fekk Kirkens Bymisjon i Haugesund inn 1.800 ønske frå folk som trong hjelp til jul. I år er det hittil komme inn over 4.000. Det skriv NRK. Kirkens Bymisjon er vane med at folk slit økonomisk før jul, men omfanget er mykje større i år:

– Vi kan hjelpe med gåver og måltid. Men det betaler ikkje rekningane til folk, seier Helene Skeie Østhus i Kirkens Bymisjon til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Over ein halv million nordmenn lever under grensa for låginntekt. Studentar er ikkje rekna med. Tal frå SSB viser at 115.000 barn under 18 år lever i familiar med vedvarande låg inntekt. EU sin definisjon av låginntekt er inntekt under 60 prosent av medianinntekta.

Nye fattige

Østhus i Kirkens Bymisjon meiner det har komme ei ny gruppe fattige i samfunnet, og at folk som før hadde heilt normale liv, blir ramma av høge utgifter. Også til Frelsesarmeen i Stavanger kjem det mange som treng eit gratis måltid. Dei fortel at pågangen er blitt større i haust, spesielt blant barnefamiliar som ikkje har trengt hjelp før. Somme av dei har ikkje råd til mat.

Fleire av organisasjonane har også merka at det er vanskelegare å få inn pengegåver i haust. «Hjerte for Menneske» er ein av hjelpeorganisasjonane som fortel at det er kome inn færre hjelpebidrag i år. Organisasjonane etterlyser statleg hjelp.

– Januar blir nok krevjande. No må AS Noreg hjelpe til, seier Helene Skeie Østhus i Kirkens Bymisjon til NRK. (©NPK)