Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Borgarleg fleirtal i ny måling

Framstegspartiet aukar og Venstre kjem over sperregrensa, medan Høgre taper veljarar i ei ny måling. Likevel viser ho eit borgarleg fleirtal.

Framstegspartiet får ei oppslutning på 23,9 prosent i partibarometer frå Altinget og ABC Nyheter for mai.

Dermed er dei klart størst på borgarleg side. Blant alle parti er dei berre slått av Arbeidarpartiet, som får ei oppslutning på 26 prosent.

– Dette er jo ei veldig god måling for Framstegspartiet, og det er veldig gledeleg at det ikkje er sosialistisk fleirtal, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug til Altinget.

Høgre-leiar Erna Solberg er også fornøgd med borgarleg fleirtal, men må konstatere at Høgres oppslutning søkk 4 prosentpoeng frå april – den einaste signifikante endringa i målinga. Høgre får støtte frå 18,5 prosent.

Solberg seier ho har ambisjonar om at Høgre skal bli større enn Frp. Listhaug står fast på at det største partiet bør få statsministerposten.

På venstresida går Arbeidarpartiet fram 0,9 prosentpoeng til 26 prosent oppslutning. Senterpartiet går marginalt fram til 5,4 prosent, og SV så vidt fram til 6,5 prosent.

Målinga er gjennomført av Opinion på oppdrag frå Altinget og ABC Nyheter. 1000 personar i eit representativt utval er spurde i månadsskiftet april-mai. Feilmarginane er mellom 1,0 og 3,1 prosentpoeng, med størst feilmargin for dei største partia.

Målinga samla sett ser slik ut, med endring frå sist måling i parentes: Raudt 5,0 (-0,3), SV 6,5 (+0,3), MDG 2,5 (uendra), Ap 26 (+0,9), Sp 5,4 (+0,1), V 4,6 (+0,8), KrF 3,6 (+0,5), H 18,5 (-4,0), Frp 23,9 (+2,8), Andre 3,9 (-1,1). (©NPK)

Powered by Labrador CMS