
- NEI til gruveavfall i Førdefjorden – JA til naturmangfald og artsrikdom !
Vi har framleis tid til å skape eit samfunn som tek omsyn til naturen og gjev alle menneske ein høg livskvalitet, men då må bruken av naturressursar vere styrt slik at den held seg innafor rammene av naturen sine tålegrenser. Skal vi få til det, må vi og ta vare på naturmangfaldet og økosystemet.
Ein av dei mest ukloke politiske avgjerdene i nyare norsk historie er tillatinga som selskapet Nordic Mining fekk til å dumpe 170 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden. Dette er berre eit symptom på ein langt større systemfeil i verda i dag, der vi menneske brukar opp naturressursar for kortsiktig profitt for eit lite mindretal av rike menneske. Vi er no i ein situasjon der nokre få som kan tene store pengar på omfattande miljøøydeleggingar vert verdsett høgare ein å sikre framtidige generasjonar eit miljø og ein planet kor ein kan leve gode og trygge liv.
Ingen selskap burde få tillating til å nytte sjødeponi for gruveavfall. Ei undersøking frå Havforskningsinstituttet fann den høgast moglege graden av artsrikdom i sjøbotnen utanfor Engebøfjellet i Førdefjorden, med påvising av mellom anna korallar og raudlisteartar som blålange. Stortingsfleirtalet godtek altså at Nordic Mining skal få øydelegge dyre- og plantelivet i dette området. Det er nesten ikkje nokon land i verda der det vert nytta sjødeponi for gruveavfall, det er det berre Papua Ny-Guina og Tyrkia som gjer, i tillegg til Noreg.
Motstanden mot dette har òg vore stor i Noreg. Ei meiningsmåling som Norstat utførte i desember 2021, synte då at 80 prosent sa nei til at gruveselskap burde kunne få lov til å deponere avfallsstoff i sjø. På trass av dette fekk Nordic Mining det same året tillating til å sleppe ut stoffet SIBX i Førdefjorden, eit stoff som er særs skadeleg for organismar som lever i vatn.
På Arbeidarpartiet si nettside står det at Ap sjølv meiner at det er viktig å «ta vare på det biologiske mangfaldet», at vi bør ta omsyn til miljø og naturvern i alt som vi gjer, og at Noreg skal «føre ein ansvarleg miljøpolitikk basert på prinsippet om berekraftig utvikling og føre-var-prinsippet». Ap si støtte til Nordic Mining i denne saka står i klart motstrid til det som Ap sjølv skriv på nettsida si.
Førdefjorden har sterke, talrike og livskraftige fiskebestandar. Dette er ein viktig ressurs som burde forvaltast på ein ansvarleg måte. Det må bli slutt på dumpinga av gruveavfall i fjorden. Raudt Sogn og Fjordane kjem til å halde fram med å kjempe for at det snarast mogleg vert slutt på raseringa av Førdefjorden.
Rita Tonning,
1. stortingskandidat for Raudt Sogn og Fjordane