
Markerer frigjeringsjubileet på Nordfjordeid
Torsdag ettermiddag blir frigjerings- og veterandagen i Nordfjord markert med ei tilstelling på Nordfjordeid.
Det blir folketog frå Eid kyrkje, gjennom Eidsgata til Eksersisplassen, der det blir talar for dagen ved minnesmerket Sørgende Mor. Eid Musikklag deltek.
Annonse
Etterpå er det festsamvere i husa på Eksersisplassen ved Plassens venner.
Varaordførar Jan Ove Rygg representerer Gloppen kommune på arrangementet.