
Jordbruksoppgjeret: Regjeringa tilbyr 805 millionar kroner – under halvparten av kravet
Tilbodet til bøndene i jordbruksforhandlingane i år er på 805 millionar kroner. Kravet frå bondeorganisasjonane var på 2 milliardar kroner.
– Staten legg i dag fram eit godt tilbod som svar på kravet frå eit samla jordbruk og følgjer opp stortingsmeldingane om auka sjølvforsyning og inntektsopptrapping, seier forhandlingsleiaren til staten Viil Søyland.
Tilbodet blir overlevert til bondeorganisasjonane på ein pressekonferanse onsdag klokka 13.
Tilbodet frå staten inneber ein auke på 545 millionar kroner over statsbudsjettet. Målprisane i jordbruksavtalen blir i tillegg foreslåtte auka innanfor ei ramme på 191 millionar kroner.
Dette er langt unna kravet frå Norges Bondelag og Norsk-, Bonde- og Småbrukarlag.
Dei kravde ei ramme på 2 milliardar kroner, derav 1,65 milliardar i budsjettmidlar og 288 millionar kroner i auka målprisar.
Ifølgje regjeringa legg tilbodet deira opp til ein auke i samanlikningsinntekta i jordbruket på 15.600 kroner, opp 2,3 prosent frå 2025 til 2026.
I 2025 blir det budsjettert med at inntektsgapet kan bli tetta allereie i 2025.
– Marknadsutviklinga på mjølk og kjøtt speler på lag. Det bidreg til at inntektene kan auke meir enn det som kjem fram av materialet, skriv regjeringa i ei pressemelding.