- Eg er glad for at SV har kjempa gjennom enda ei betydelig auke i barnetrygda som frå 1. mai, på 202 kroner ekstra i månaden per barn, skriv Hege Lothe i dette innlegget.

Auka barnetrygd – eit viktig løft for barnefamiliar

Frå 1. mai auka barnetrygda med 2 424 kroner i året per barn. Dette betyr ei samla auke på nærmare 11 000 kroner i året for barn over 6 år sidan 2021. Dette er eit resultat av SV sine forhandlingar med regjeringspartia om statsbudsjettet. 

Vi har klart å få opp satsane for barn over 6 år til same nivå som for dei yngste barna, og heva barnetrygda tilbake til 1996-nivå, justert etter inflasjon. Auka per månad for barn over 6 år sidan 2021 er frå 1 054 kroner til 1 968 kroner, noko som tilsvarar ein auke på 87 %.

Når barnetrygda aukar, går barnefattigdomen ned. I 2022 gjekk talet på barn i fattige familiar ned for første gong på ti år, og i 2023 har dei fortsatt å gå ned. Ifølgje årets tal frå SSB vaks 96 200 barn opp i fattige familiar i 2023, ein nedgang frå 102 600 barn i 2022.

I haust er det stortingsval, og SV vil fortsette å auke barnetrygda og sørge for at den vert prisjustert årleg. SV har sikra eit betydelig løft av barnetrygda dei siste åra. Vi har klart å presse regjeringa år etter år og kjempa gjennom auken i barnetrygda, sjølv om regjeringa ikkje har foreslått ei einaste krone til auka barnetrygd sjølv.

Dette er eit historisk og viktig løft for barnefamiliar sin økonomi. Det har stor betydning for alle med barn, spesielt i ei tid der mange kjenner på at dei har fått dårlegare råd. Foreldre sin økonomi skal ikkje gå ut over barn si moglegheit til deltaking og fellesskap, og nettopp derfor er vi så stolte over å ha fått løfta barnetrygda.

Eg er glad for at fattigdomstala går riktig veg. Dette er kjernen i SV sitt politiske arbeid – å redusere forskjellar blant folk. Under Erna auka talet på barn som vaks opp i fattigdom.

Nesten 100 000 barn veks opp i fattigdom i Noreg, mange av dei også i Sogn og Fjordane, og vi er inne i ei dyrtid. Auka i barnetrygda er eit bidrag i ei krevjande tid for mange, og eit viktig tiltak vi veit fungerer i kampen mot fattigdom. Eg er glad for at SV har kjempa gjennom enda ei betydelig auke i barnetrygda som frå 1. mai, på 202 kroner ekstra i månaden per barn. 

Dette utgjer nesten 55 millionar kroner til barnefamiliar i Sogn og Fjordane i året.

Hege Lothe,

stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane 

Powered by Labrador CMS