
MDG har mista 20 prosent av medlemmene på fire år
MDG har mista ein stor del av dei betalande medlemmene sine sidan klimaåret 2021. Partisekretæren trur likevel at trenden kan snu.
Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har no 2467 færre medlemmer enn ved utgangen av 2021, skriv Klassekampen.
I 2021 hadde partiet 12.370 betalande medlemmer. Ved starten av 2025 var det nede på 9903.
Partisekretær Kristin Antun i MDG trur dårlege målingar har skapt ein negativ spiral.
– Det har vore for lite fokus på dei sakene vi jobbar med. Vi jobbar heile tida med å få dei på, men har ikkje lykkast godt nok. Då kan det bli ein negativ spiral med meiningsmålingar og medlemsaktivitet, seier ho.
753 medlemmer har forsvunne sidan i fjor.
Partisekretæren meiner det ikkje er så unaturleg at medlemsutviklinga er tyngre i eit mellomvalår, ettersom det stort sett er meir medlemsvekst før eit val.
– Så er det mykje av arbeidet som har skjedd på slutten av året. No opplever vi at vi har rekordmange frivillige, 2500 stykke, i sving. Dei er mykje meir aktive enn før, seier Antun. (©NPK)