Iselin og Solveig har gjort dansen til leveveg
Lidenskapen for dans er blitt yrkesveg for Iselin Kvernevik (30) og Solveig Husevåg Jølstad (29). Dei brenn for å spreie dansegleda vidare til barn og unge – også i heimkommunen Gloppen.
- Det har berre kjendest ut som det einaste rette i livet. Det dreiv meg som barn og ungdom òg, fortel Solveig Husevåg Jølstad.
Til liks med Iselin Kvernevik har ho valt seg dansen både i utdanning og yrkesliv.
Grunnlaget for begge sine dansekarrierar blei lagt i Gloppen, og dei to engasjerer seg for å spreie danseglede både der der i bur i dag og i heimbygda.
Glede og lidenskap er to ord som oppsummerer kva dans har vore og er for dei.
- I staden for å velje noko å fordjupe seg i som ein synest blir spennande etter kvart, har vi vore heldige og fått velje dansen som har vore ein lidenskap heilt frå start, seier Kvernevik.
Valde same utdanning
Den felles interessa har sendt dei på nokre av dei same vegane.
Husevåg Jølstad og Kvernevik har teke ein treårig bachelorgrad i dans med pedagogikk og jazz fordjuping frå dåverande Norges Dansehøgskole, og dei har begge Master of Arts in Dance Studies frå NTNU.
Begge har dessutan teke praktisk pedagogisk utdanning (PPU) i dans, og Kvernevik har også teke ei rettleiarutdanning som gjer at ho kan følgje opp studentar som tek denne utdanninga.
I dag jobbar dei som lektorar i dans med tilleggsutdanning og er kontaktlærarar, Kvernevik ved Ringerike videregående skole og Husevåg Jølstad ved Kirkeparken videregåande skole.
- Det er utruleg givande og kjekt å vere lektor på danselinje. Elevane er engasjerte og har lyst til å lære. Det er fint å følgje dei opp både fagleg og psykososialt, og det kjennest godt å vere ein trygg vaksen for dei, seier Husevåg Jølstad, noko Kvernevik seier seg einig i.
La grunnlaget i Gloppen
Grunnlaget for karrierevegen blei lagt gjennom kulturtilbod og skuletilbod i Gloppen.
Dei har vore innom opplæring i både instrument, song, kor og dans i kulturskulen.
- Det har gitt mykje glede og lærdom å vere elev ved Gloppen kulturskule, seier Husevåg Jølstad.
På vidaregåande valde begge dans ved linja for musikk, dans og drama ved Firda vidaregåande skule – eit tilbod dei meiner er svært viktig å ha i Sogn og Fjordane. Dei uttrykkjer takksemd for danselinja der dei vart underviste av dyktige pedagogar som både heia og gav utfordringar.
- Det var eit springbrett vidare, fortel Kvernevik.
Då dei få år seinare starta opp Gloppen Danseveke, var nettopp det å gi noko tilbake til heimkommunen ein del av motivasjonen.
Gjennom studieløpet i Oslo var dei begge med og underviste på privatskular som hadde sommarskular for barn, og dei to dansarane såg verdien av å gi eit slikt tilbod i heimbygda.
Visjonen til Gloppen Danseveke er å formidle kunnskap om dans og danseglede til barn i eit godt fellesskap.
- Vi har fått ta del i det rike kulturlivet. Det handlar om å gi tilbake noko til bygda, seier Husevåg Jølstad.
Eit tilbod for alle
Målgruppa for Gloppen Danseveke er frå 6 år til 12 år, men dei to har strekt seg om nokon litt yngre eller eldre har ønskt å vere med.
- Ein må ikkje ha drive med dans før for å vere med. Nivået vert tilpassa gruppene, og dansegleda kan treffe både dei som har dansa lite og dei som har dansa mykje før. Vi ynskjer å la fleire kjenne på eit dryss av den dansegleda vi sjølve har fått, seier Kvernevik.
Neste år fyller danseveka 10 år. Gjennom åra har dei to hatt danseglade elevar frå heile kommunen, men også frå mellom anna Olden, Stryn, Davik, Nordfjordeid og Bergen.
- Her kan barna samlast og få nye venner. Det har vore veldig kjekt å vere vitne til at vennskap blomstrar i danseveka, fortel Kvernevik.
Dei har begge stifta familie, og danseveka på Sandane i juni har vorte eit fast ferieinnslag i starten av sommaren. Dei har ingen planar om å gi seg med tilbodet, og påmeldinga til årets danseveke 30. juni til 3. juli, har allereie opna.
Gode tilbakemeldingar frå barn og foreldre opp gjennom åra, betyr mykje.
- Vi opplever at Gloppen har teke imot oss med opne armar. Det er mange engasjerte foreldre og barn som har støtta oss i prosessen, seier Husevåg Jølstad.
Har gitt mange moglegheiter
Dansen har gitt dei mange moglegheiter både her og heime og andre stader. Under utdanninga ved Norges Dansehøgskole, fekk dei det første året reise ein månad på utveksling til Makerere University i Kampala, Uganda.
Kvernevik var også tre månadar i Paris på utveksling tredje året.
- Det var utruleg spennande å bli kjend med den franske kulturen. Det var jazz, moderne og ballett, og nesten all undervisning føregjekk på fransk, fortel ho.
Dansen har også teke Kvernevik til London på kortare danseopphald. Husevåg Jølstad har vore på treningsopphald i Los Angeles i California, gjennom stipendmidlar ho fekk tildelt frå Kulturrådet.
Samtidig som det er mykje glede knytt til det dei driv med, er det også fysisk krevjande og hardt arbeid. Husevåg Jølstad fortel at det var lange dagar med trening både på skulen og etter skuletid medan dei utdanna seg.
- Det er som toppidrett, og det kan vere underkommunisert, sidan ein ofte ser på dansen meir som kunst og kultur i staden, seier Kvernevik.
Etter utdanninga jobba ho som profesjonell dansar for dansekompaniet Show de Vida i fire år, i tillegg til at ho arbeidde som danselærar. Å leve av vere utøvande dansar innebar høgt tempo og hard konkurranse.
- Du må vere veldig «på ballen», tilgjengeleg og fleksibel, seier ho.
Også Husevåg Jølstad har teke danseoppdrag i Oslo. Ho har òg jobba som dansepedagog og arbeidd med helse- og treningsopplegg for store bedrifter.
Samtidig som ho tok til med mastergraden, var ho med på å etablere danselinja på Create vgs., Lillehammer kreative videregående skole, der ho vart den første danselæraren.
Har dansa i ulike sjangrar
Sjølv om dei har ei fordjuping i jazzdans, har dei dansa i alle sjangrar heile vegen.
Uansett retning handlar det å drive med dans om glede, meistring og nærvær.
- Å danse på ei scene for meg er ei enorm glede og eit adrenalinkick. Ein gir noko til publikum og får energi tilbake, som er eit nydeleg samspel, seier Kvernevik.
Husevåg Jølstad seier dansen for henne også handlar om gleda ved å bevege seg, og å vere til stades i eigen kropp.
Nærværet og det å vere til stades i augneblinken, er noko dei ønskjer at barna og ungdommane også skal få erfare gjennom dansen.
I ei tid med mange skjermar og teknologi som går fortare og fortare, tenkjer dei det kan vere ekstra viktig å vere her og no.
«Det kokte»
Husevåg Jølstad og Kvernevik har sjølve erfart kva dansen kan bety i eigne liv.
Dei er opptekne av at det må løyvast nok pengar til gode kulturtilbod både i kommunane, på fylkesnivå og frå staten.
Husevåg Jølstad seier det «kokte» då dans- og dramatilbodet på Firda vidaregåande i fjor risikerte ikkje å få starte opp på vg1 i den årlege justeringa av skuletilboda, medan dramatilbodet vart truga i strukturdebatten same år.
- Sats på dans, kunst og kultur. Det er viktig i samfunnet vårt, understrekar Husevåg Jølstad.
No planlegg dei for Gloppen Danseveke for niande året på rad, og vil halde fram med å gjere sitt for å spreie kunnskap og engasjement for dansen både gjennom arbeid i skulen og gjennom danseveka i heimbygda.
- Den vil vi drive med så lenge det er moglegheiter for det, seier Iselin Kvernevik.