
To tyskarar døydde i båtulykke – tredjemann truleg omkomen
Begge dei to mennene som vart henta opp av vatnet etter båthavariet utanfor Kinn, er døde, stadfestar politiet. Ein tredje sakna har truleg omkomme.
Måndag kveld blir det framleis søkt etter den tredje mannen, som truleg har omkomme, skriv Sunnmørsposten.
To menn vart henta opp frå sjøen etter at ein fritidsbåt med tre menn om bord kantra utanfor Kråkenes fyr i Kinn i Vestland søndag kveld. Alle tre er tyske statsborgarar i 60- og 70-åra.
Mannen som vart henta opp av sjøen søndag og flogen til Haukeland universitetssjukehus i Bergen, vart erklært død på sjukehuset i formiddag. Det opplyser politiet måndag ettermiddag.
– Pårørande til mannen er varsla, skriv operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt i politiloggen.
Kystvaktskipet «Bergen» er i området og søkjer langs land etter den tredje mannen. I tillegg bidreg mannskap frå Røde Kors og hundeførarar med søk i strandsona.
Dei tre vart melde sakna søndag, og i 19-tida vart ein skjergardsjeep funnen drivande med kjølen opp.
Statens havarikommisjon skal undersøkja båten og kjem til staden på tysdag, opplyser politiet.