Tor Valdvik er samfunnskontakt i bilorganisasjonen KNA. Foto: KNA.

Sju av ti seier dei har opplevd farlege situasjonar på grunn av dårleg veg

70 prosent av norske bilistar oppgir i ei undersøking av dei har opplevd farlege situasjonar på grunn av dårlege vegar.

Dette kjem fram i ei undersøking InFact har gjort for KNA, Kongeleg Norsk Automobilklubb. Meir enn kvar fjerde bilist seier at dei ofte opplever trafikkfarlege situasjonar på grunn av vegkvaliteten.

– Dette stadfestar det vi alt veit, nemleg at dårlege vegar bidreg til farlege trafikksituasjonar og ulykker, som kvart år kostar liv, seier samfunnskontakt i KNA, Tor Valdvik i ei pressemelding.

Han viser til djupneanalysane til Statens vegvesen om dødsulykker og r apporten frå Riksrevisjonen frå 2023 , som slår fast at dårlege vegar medverkar til 30 dødsulykker kvart år.

Forhold knytt til veg og vegmiljø var, ifølgje Statens vegvesen, medverkande faktor i til saman 25 dødsulykker i 2023. Det er 26 prosent av alle dødsulykkene. I snitt har faktorar knytte til veg og vegmiljø vore medverkande i 30 dødsulykker i året i perioden 2014 til 2023, fortel Valdvik.

Han peikar på at, trass i auka løyvingar til drift og vedlikehald, så har det ikkje skjedd ei forbetring i trafikktryggleiken. Han viser til at det er eit stort etterslep på vedlikehald i det norske vegnettet, og at det er særleg kritisk på fylkesvegane. Over halvparten av fylkesvegane har låg eller svært låg standard.

Statens vegvesen har slått fast at det er opp til 90 prosent større sjanse for å bli drepen eller hardt skadd på fylkesvegane samanlikna med riksvegnettet, går det fram av pressemeldinga. (©NPK)

Powered by Labrador CMS