
- Eit avgjerande steg for framtida til villaksen – grip moglegheita!
Villaksen har vore ein livsnerve for lokalsamfunn langs kysten og elvane våre. Ei kjelde til fantastiske naturopplevingar og verdiskaping, og eit symbol på arven og forpliktingane våre overfor komande generasjonar. I dag er denne arven trua. Innsiget av villaks til norske elvar er på historisk låge nivå, og situasjonen er dramatisk. For Sogn og Fjordane er biletet dessverre ikkje annleis; laksebestandane slit, og stadig fleire elvar opplever stengingar av fisket eller svært strenge reguleringar for å sikre nok gytefisk.
Regjeringa la 10. april fram havbruksmeldinga «Fremtidens havbruk - Bærekraftig vekst og mat til verden». Meldinga skal trekke opp vegen for havbruksverksemda inn i framtida. Det viktigaste målet i meldinga er å løyse miljøutfordringane knytte til oppdrettsnæringa. Det er meir nødvendig enn nokon gong.
Det viktigaste tiltaket er at dagens trafikklyssystem blir erstatta av ein samla lusekvote i kvart produksjonsområde. Målet er klart: det skal ikkje vera meir enn 10 % dødelegheit på vill laksefisk frå lakselus åleine, i tråd med Kvalitetsnorm for villaks. Dette er eit godt grep, og NJFF Sogn og Fjordane støtter fullt ut intensjonen bak dette forslaget.
Med den nye ordninga blir maksimalt tillaten biomasse (MTB) fjerna på selskapsnivå, og oppdrettarane får dermed fridom til å produsera meir fisk. Isolert sett høyrst ikkje dette ut som ein god idé, men det blir framleis føresett at oppdrettarane held seg innanfor sin tildelte lusekvote, og at dødelegheita på vill laksefisk ikkje overstig 10%. I mange område vil det resultera i krav om stor reduksjon i utslepp av lakselus frå opne oppdrettsanlegg, nokre stader heile 60–70 % samanlikna med dagens nivå. Dersom ein skal halda oppe dagens produksjon er det vanskeleg å sjå for seg at det kan skje på annan måte enn at store delar av produksjonen må fasast over i nullutsleppsløysingar.
Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) Sogn og Fjordane meiner at all lakseoppdrett bør over i nullutsleppsløysingar innan 2030. Vi ønskjer derfor ei ytterlegare styrking av tiltaka som blir foreslått. Samtidig er det regjeringa no foreslår langt betre enn dagens situasjon. Dagens trafikklyssystem er rigga for å gå mot ei dødelegheit på opptil 30 % av den villaksen som forlèt elvane i Sogn og Fjordane, og langs kysten elles. Det har vist seg å vera ein katastrofe både for villaks og sjøaure.
NJFF Sogn og Fjordane er positive til innretninga som blir foreslått i havbruksmeldinga. Skal ein lukkast med nødvendige miljøforbetringar, fordrar det ein raskast mogleg overgang til løysingar som gir null utslepp av lakselus og null rømming av fisk. Dette vil krevje investering i og utvikling av nullutsleppsløysingar. Innan få år bør nullutsleppsanlegg vere standard for heile næringa, og det må setjast fortgang i overgangen. Det må bli svært kostbart å halda fram med produksjon som ikkje er miljømessig forsvarleg.
Havbruksmeldinga gjev oss eit unikt høve til å setje ei retning for oppdrettsnæringa som på sikt vil vere eit konkurransefortrinn, samtidig som vi sikrar livskraftige bestandar av villaks og sjøaure langs heile kysten vår. NJFF i Sogn og Fjordane oppmodar stortingspolitikarane våre til å vise mot, stille klare miljøkrav og setje fart på denne nødvendige omstillinga. Dette er ikkje berre avgjerande for framtida til villaksen, men også for langsiktig verdiskaping og arbeidsplassar i oppdrettsnæringa.
Grip denne moglegheita no – for villaksen, for miljøet, og for ei framtidsretta oppdrettsnæring.
Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) ved
Regionleiar Håkon J. Huseklepp og Fagansvarleg Fisk, Jon Even Fossheim