
I ny bunad
Som du sikkert allereie har lagt merke til, ser dagens utgåve av Firda Tidend litt annleis ut enn ho har gjort tidlegare. Grunnen er rett og slett at vi har brukt denne veka til å byte system, og nye system gjev nye løysingar og endra drakt.
Firda Tidend er ei frittståande, konsernuavhengig avis. I fleire år har vi hatt partnaravtale med Polaris Media Sør om digitale løysingar, noko som har sikra oss gode system i ei tid der dette berre blir viktigare og viktigare for å henge med i medieverda og vere i stand til å gje ut ei aktuell og tidsriktig avis på nett og papir.
Før jul i 2023 sa mediekonsernet opp avtalen med oss og dei andre partnaravisene, og det siste dryge året har vi arbeidd mykje med å lande nye avtalar og få på plass framtidsretta løysingar. Saman med seks andre uavhengige aviser, Vest-Telemark Blad, Suldalsposten, Grenda, Os og Fusaposten, Hordaland Folkeblad og Bladet Tysnes, har vi gått i kompaniskap med mediekonsernet Mentor Medier, som eig aviser som Dagsavisen og Vårt Land.
Dette sikrar oss tilgang til gode system og gjer at vi kan utvikle oss vidare som medium saman med folk som er "framme i skoa". Det gjev oss tryggleik og tru på at Firda Tidend også i åra som kjem skal vere ein viktig del av "inventaret" i Gloppen og Jølster.
Så er det ein gong slik at store endringar er krevjande, ikkje minst for små organisasjonar. I avisverda kan ein heller ikkje ta pause og legge vekk alt anna medan vi får på plass og lærer oss å bruke dei nye systema. Ting må lærast undervegs og gå seg til etter kvart.
Slik sett vonar vi lesarane våre har litt tolmod med oss til alt har kome skikkeleg i gjenge igjen. Papiravisa vil innehalde litt færre sider enn ho pleier, rett og slett for at vi skal vere sikre på at vi får henne ut til abonnentane våre i rett tid. Vi må prioritere stoffet hardt, og det vi ikkje får plass til i papirutgåva blir lagt ut på nettsida vår.
Når det gjeld nettsida, må abonnentane logge seg inn på denne på ny for å få tilgang til sakene som ligg bak betalingsmur. Ein må stadfeste brukaren sin og lage nytt passord. Ved å skrive inn mailadressa som har vore brukt før, blir ein leia gjennom prosessen. Abonnentar som ikkje har laga seg digital brukar tidlegare, eller treng hjelp for å logge seg inn på nytt, kan ta kontakt med oss enten på mail, telefon eller stikke innom avishuset i Sandane sentrum.
I fjor feira Firda Tidend 100 år. Avisa har vore gjennom mange store endringar i løpet av desse åra, men har kome styrka ut av dei. Det skal vi gjere denne gongen òg. Avisgjengen er motivert og klar for framleis å gje innbyggjarane i nedslagsfeltet vårt og andre med interesse for det som skjer i Gloppen og Jølster ei god og aktuell avis som formidlar nyhende, gjev eit bilete av dagleglivet, er eit debattforum, set dagsorden, opptrer som vaktbikkje overfor forvaltninga og skaper engasjement og samhald.