Rolf Kjetil Egge, leiar i komitéen for Breimstafetten, stod for utdelinga av familien Indrebø sitt idrettsfond til Aksel Nedreberg Bergesen.

Aksel tildelt idrettsfondet 

Familien Indrebø sitt idrettsfond med diplom og 4000 kroner vart tildelt Aksel Nedreberg Bergesen under Breimstafetten søndag.

Publisert

Fondet vart starta i 2006 etter Eivind Indrebø sin bortgang i 2005, han var ei eldsjel i Breim og fylket for friidrett i mange tiår og fekk mange prisar for det. 

Vil stimulere unge utøvarar i Breim

Familien har vore sentral i idrettslaget og fylket frå 1960-åra og i mange tiår, som utøvarar, trenarar, stemnearrangørar og tillitsfolk. Totalt har familien ca. 40 gull i norske meisterskap og over 130 gull i krinsmeisterskap. 

Fondet vart starta for å stimulere unge utøvarar i Breim uansett idrett til å trene seriøst mot eit mål for å kunne makse sitt nivå og talent, rett og slett prøve å gjere det beste ein kan få til. 

- I 2025 går dette fondet til ein gut som har vist stort talent i fleire idrettar, spesielt fotball og friidrett. I friidrett har han vist talent i mange øvingar, både løp, hopp og kast, og han har hevda seg på landsplan i mange øvingar. Han er topp 10 i mange øvingar i Noreg, og ein gut som viser vilje til å trene for å kunne få det beste ut av seg sjølv, sa Rolf Kjetil Egge då han delte ut prisen.  

 

 

Powered by Labrador CMS