
Kan utleigar skru opp leiga når kommunale avgifter stig? Her er reglane
Det er travle tider på leigemarknaden i Sogn og Fjordane. Mange private bustadeigarar legg no ut bustader for utleige, medan studentar og andre er på jakt etter ein plass å bu til hausten. I Huseierne får vi mange spørsmål frå utleigarar som vil gjere alt rett – men også frå dei som møter problem.
Dei fleste leigeforhold går heilt fint. Men når det først oppstår konflikt, handlar det ofte om manglande kontrakt, uklar kommunikasjon eller forseinka betaling. Difor er det viktig å gjere ting rett frå starten: sjekk referansar, krev depositum, og bruk ein skriftleg kontrakt. Gå gjennom bustaden saman ved innflytting, og dokumenter eventuelle feil med bilde.
Når kan utleigar auke husleiga?
Eit spørsmål som går igjen no, er om ein kan auke leiga når utgiftene stig. Straumprisane er heldigvis ikkje like ekstreme som før, men kommunale avgifter, eigedomsskatt og andre faste kostnader held fram med å auke. Likevel er det ikkje fritt fram for å justere leia.
Husleigelova opnar berre for to måtar å auke husleiga på:
Indeksregulering etter konsumprisindeksen, éin gong i året og tidlegast eitt år etter at leigeforholdet starta. Det andre alternativet er Tilpassing til marknadsleige, etter at leigeforholdet har vart i 2 år og 6 månader – men berre dersom leiga faktisk er lågare enn det som er vanleg i området, og dette kan dokumenterast.
I dei tilfella det er inngått tidsbestemte avtaler kan utleigar justere opp leiga ved eventuell inngåing av ny leigeavtale når eigedomen er over.
Leigemarknaden er viktig for både bustadsøkjarar og dei som leiger ut. Difor må vi sikre at reglane blir følgde, og at partane har god informasjon. I Huseierne hjelper vi våre medlemmar med juridisk rådgjeving og praktiske råd – og vi ser at det ofte skal lite til for å unngå dei største problema.
Her er våre sju tips som kan bidra til eit knirkefritt leigeforhold:
- Sjekk alltid referansar før du inngår ei utleigeavtale.
- Hugs å lage ein leigekontrakt. Bruk gjerne ein standardkontrakt.
- Lag ein overtakingsprotokoll og dokumenter eventuelle feil og manglar. Då slepp du som leigetakar skuld eller ei uventa rekning seinare.
- Depositum gir deg som utleigar tryggleik. Du unngår tap dersom leigetakar ikkje betalar husleiga.
- Ha klart for deg kor lenge du ønskjer å leige ut, og tilpass kontrakten til dette.
- Sørg for å ha ein utkastingsklausul i kontrakten.
- Set deg inn i lover og reglar. Du kan til dømes ikkje sette opp leiga ein gong i halvåret utan varsel.