
Mållaget slår tilbake mot Frp og Høgre
Noregs Mållag startar kampanjen «Nynorsk i skulen for alle!» som ein reaksjon på at Frp og Høgre går til val på å endre sidemålsordninga i skulen.
Dette er den største nynorskkampanjen på mange år, skriv Noregs Mållag i ei pressemelding.
– Kjærleik, kunnskap og hardt arbeid skal redde nynorsken frå Frp og Høgre, seier leiaren i Mållaget, Peder Lofnes Hauge, i pressemeldinga.
Annonse
Kampanjen vil framheve verdien av sidemålsordninga og kor viktig ho er for nynorsken som eit mindre brukt språk. Samtidig lanserer Mållaget den første nynorskveka nokosinne, frå 6. til 12. mai, med nynorskdagen 12. mai som høgdepunkt. (©NPK)