
- La oss gje menneske meir fridom til å vere den dei er, ikkje mindre
KrF har vedteke eit forbud mot regnbogeflagget i skulane våre. Det gjer vondt. Og eg blir sint. Eg gløymer ikkje då tidlegare ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, heiste flagget i kommunen vår for over fem år sidan. For meg var det eit signal om at eg ein dag kan flytte heim til kommunen min.
For kort tid sidan vedtok Ungarn grunnlovsendringar som svekkjer rettane til LHBT-personar. Pride skal forbydast, berre to kjønn skal anerkjennast, og deltakarar på skeive arrangement kan bli overvaka med ansiktsgjenkjenning. Når statar i Europa brukar grunnlova til å kontrollere folk for kven dei er, må vi i Noreg sjå det som eit alvorleg varsko. Vi kan ikkje la årets valkamp bli prega av utanlandske kulturkrigar. Det er farleg for oss som er skeive, men også for heile fellesskapet vårt.
Debatten om at det er "for mykje Pride" blussar opp igjen. Det skjer kvart år no. Mange av dei meiner at kampen for fridom har gått for langt. Dei seier det blir for påtrengande, for synleg.
Samstundes slepper eg handa til kjærasten min på gata i frykt. Samstundes som hatkriminaliteten mot skeive aukar. Samstundes som verda rundt oss blir ein mindre fri stad.
Over heile verda ser vi no at hatet mot skeive tar grep i makta sine korridorar. I Russland har lover mot "homofil propaganda" legitimert vald og hat. I USA forbyr delstatar som Florida og Texas kjønnsbekreftande behandling for transungdom og sensurerer bøker med skeive tema frå skulebiblioteka. Dragshow vert forbodne, lærarar vert knebla, og lovverk vert brukt til å gjere mangfald til eit trugsmål, alt under dekke av ei løgn. Løgna om at det er til barn og familiar sitt beste at ytringsfridomen deira blir krenka. Sanninga er at vi alle tener på at menneske får leve i fridom, som seg sjølv.
Vi må forstå at fridom ikkje er noko vi kan ta for gitt. I Noreg ser vi allereie korleis skeive vert hetsa i offentlegheita, og korleis politikarar spreier konspirasjonsteoriar om kjønn og seksualitet. Vi må møte dette med kunnskap, solidaritet og synleg støtte. Skulen må vere meir inkluderande, regnbogeflagget må få vaie, og alle må få bevare retten til å vere den dei er.
Lar vi valkampen i Noreg handle om å fjerne Prideflagg frå skular, kjønn og andre land sine kulturkampar, so tapar vi alle. Skeive får mindre fridom og fellesskapet vårt blir gråare og meir kontrollert. La oss vere betre. La oss gje menneske meir fridom til å vere den dei er, ikkje mindre.
Det som skjer i Ungarn handlar ikkje kun om Ungarn. Det er ei påminning til oss alle om aldri å slå oss til ro med det vi har oppnådd. Rettar må forsvarast, kvar dag.
Kampen fortset.
Sandra Edith Kalland Tenud,
medlem av AUF sitt sentralsstyre