Riset ligg svært fint til ved Gloppefjorden, men bak den vakre fasaden løyner det seg ei sterk historie med eit tragisk dødsfall og ei usliteleg gudstru.

Riset – det vesle bruket med den sterke historia


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert i papirutgåva og som vi framleis trur har interesse. Denne saka vart først presentert i juleavisa 2016. Nederst i saka er linkar til andre godbitar frå arkivet.




I 1928 døydde Anders Gloppestad i ei tragisk ulukke i skogen. Tilbake sat kona Anna med ansvaret for ti born og aldrande svigerforeldre.

Måndag 27. februar 1928 tok livet på småbruket på nedre Gloppestad ei dramatisk vending. Saman med eldstesonen Matias på knapt 16 år, reiste Anders i skogen for å felle dei siste trea han hadde kjøpt på rot i ein skogsteig på Vereide. Det blei det siste han gjorde.


T.v.: Anders Gloppestad og Anna f. Hauge gifte seg i 1906. (Foto utlånt av Alfhild Klakegg)
T.h.: Familien på Riset i 1916. Bak står Anders og Anna. Framme sit Matias og Kristiana. Borna er f.v. Matias, Per, Sverre, Kristina og Agnes. (Foto utlånt av Astrid Søreide)


– Det er Anders
– Det er ei sterk historie, seier Alfhild Klakegg (92).

Alfhild Klakegg (92) er den einaste av dei ti søskena på Riset som framleis lever.

Ho er den einaste attlevande av dei ti søskena som brått miste far sin, men kan framleis fortelje levande om det som skjedde for snart 90 år sidan.

– Det var fint vêr og far spurde Matias om dei ikkje skulle gå ut og gjere seg ferdige med hogsten i Ommedalsmarka. Matias svara ja. Dei ville kome att til middag. Vi hadde hatt brosme og mjukebrød til middag søndag, så denne dagen skulle vi ha fiskegrateng, fortel Alfhild.

Anders og Matias kom ikkje heim som avtala.

– Det gjekk lenger og lenger tid. Både besta og besten tok til å gråte. Mor sa dei måtte kome i hug kva Anders bad om. Så kom prestebilen. Presten stod lenge ved naustet. Mor gjekk ut, tok imot Kvaale og spurde om det var Matias eller Anders:

– Det er Anders, svara presten.

Fødde elleve born
Historia om småbruket Riset og dei som budde der tok til i 1880-åra. Matias Andersson Føleide, f. 1848, og Kristiane Josefdotter Eikenes, f. 1840, gifta seg i 1884. Same året kom sonen Anders, det einaste barnet dei fekk, til verda.

Tre år seinare kjøpte dei eit stykke frå Johan-bruket på Gloppestad og slo seg ned der. Dei flytte ei tømmerstove, truleg frå Føleide, bygde lade og smie, og i 1902 vart eigedomen utvida då dei kjøpte eit areal frå Pål-bruket på Ytre Hauge.

Matias hadde gått i smedlære i Telemark. Han laga og slipte mellom anna borar som vart brukte i vegarbeid.

Anders gifte seg med Anna Påldotter Hauge frå Pål-bruket i 1906. I løpet av dei neste 20 åra sette ho elleve born til verda, ti av dei voks opp.

Kristina vart fødd i 1907, Agnes i 1908 (døde to veker gammal), Agnes Marie i 1909, Matias i 1912, Per i 1913, Sverre i 1915, Margit i 1917, Aslaug i 1919, Oddvar i 1922, Alfhild i 1924 og Arne i 1926.

Søskenflokken på Riset på Per sin konfirmasjonsdag hausten 1928, eit drygt halvår etter at faren vart riven bort. Bak f.v. Sverre, Per, Matias, Agnes og Kristina. Framme f.v. Arne, Alfhild, Oddvar, Aslaug og Margit. (Foto utlånt av Alfhild Klakegg)

Bad for kona sitt liv
– Det starta i 1926. 28. januar vart yngste bror min fødd. Fødselen gjekk fint, men etterbøra kom ikkje. Morkaka hadde grodd fast. Jordmora måtte vaske seg med sprit og rive henne laus i to etappar. Det gjekk bra ei vekes tid, men mor hadde mist mykje blod og fekk høg feber, fortel Alfhild.

Anna blei liggande medvitslaus med låg puls og høg feber i tre veker. Dei sleit med å få i henne mat og drikke.

– Doktor Eriksen, som var ein eldre mann som hadde vore mykje sjuk sjølv, takla det på ein fabelaktig måte. Han kom ut morgon og kveld. Mor låg for døden kvar dag i vekevis. Ein kveld var ho så dårleg at doktoren sa han ville vere der om natta.

Fleire familiemedlemer kom til, dei rekna med at livet til Anna var i ferd med å ebbe ut. Då la Anders nyfødde Arne i armane til mora. Sjølv la den djupt religiøse mannen seg på kne framfor senga saman med Alfhild, som då var knapt halvanna år.

Vogga dei ti søskena låg i er teken vare på.

– Far bad ei inderleg bøn til Gud. Ho var nokolunde slik: «Ser du allmektige Gud at du må ta ein av oss foreldra frå denne store barneflokken du har gjeve oss? Kan ikkje du sjå i nåde til oss, og late meg få døy i Anna sin stad? Det er betre for borna å vekse opp med mor enn far, du har lova å vere dei farlause sin far».

– Dei trudde det var slutt
Dei kunne ikkje høyre Anna puste.

– Så skjedde noko uforståeleg. Mor la eine handa på dei falda hendene til far, og song salmen «Jesus din søte forening å smake». Så tok ho eit djupt andedrag. Då trudde dei det var slutt. Doktor Eriksen bad far plassere ein spegel framfor munnen hennar. Den dogga, så ho var ikkje død enno, fortel Alfhild.

Doktor Eriksen sat med pasienten heile natta. Då han gjekk klokka sju om morgonen, hadde kroppstemperaturen gått ned.

– Doktoren sa at ein ikkje kan vere nærare døden enn det mor var.

Neste dag løfta dei Anna ut av senga. Etter å ha fjelga henne og bytt sengklede, såg dei eit annleis, meir livfullt drag over andletet.

– Leppene var sprukne fordi ho var så uttørka, men ho vart fort betre då ho tok til å ete att.

Anna var henta tilbake til livet og den store barneflokken.

– Arbeidde som ein kar
Same sommaren vart huset bygd på i breidda.

– Dei fekk to nye rom på lemmen, kammers og kjøkken nede. Då var mor så bra at ho kunne koke og stelle.

Anders gløymde ikkje kva han hadde bede Gud om.

– Far hadde bede om å få gå i staden til mor. Kvar dag takka han for ein ny nådedag, den dagen ville han bruke slik Gud ønskte han skulle gjere. Etter at mor var betre, tok han til å be ei anna bøn. Han takka for at mor fekk leve, og bad om at han sjølv fekk leve til mor var så sterk at ho kunne ta seg av familien, fortel Alfhild.

Eitt år etter at døden nesten tok henne med seg, var Anna tilbake i godt, gammalt slag.

– Då var ho så frisk at ho arbeidde som ein kar, konstaterer dottera.

Den skjebnesvangre dagen
Vinteren 1927/28 dreiv Anders, godt hjelpt av eldstesonen Matias, med hogst på Vereide. Han hadde kjøpt skog på rot med Mons Ommedal.

Den skjebnesvangre februardagen som skulle snu opp-ned på livet på Riset, var av det vakre slaget med stødig vintervêr. Anders hadde hogge ei bjørk, men i fallet hekta ho seg opp i eit anna tre.

I forsøket på å få henne ned, losna ho plutseleg og trefte den 44 år gamle mannen.

– Matias sprang i Ommedalen for å melde frå. Derifrå sprang dei vidare til prestegarden. Der var det telefon, og det blei ringt til lensmann og doktor.

Livet stod ikkje til å redde. Då doktoren kom fram, kunne han berre konstatere at Anders var død.


Dei to lokalavisene som i mange år levde side om side på Sandane, Nordfjord og Firda Tidend, omtala den tragiske skogsulukka dagen etter. Nordfjord t.v.

Gjekk i kona sin stad
– Dei køyrde far til Ommedal. Hovudet og bringa var knust. Dei tok det opp i eit laken. Sveipet som var sydd til mor, blei brukt til far.

To år tidlegare hadde Anders teke til å snekre kiste til kona. No vart ho gjort ferdig og Anders sjølv lagd i henne.

– Far fekk gå i mor sin stad på alle måtar, seier Alfhild.

Olav Kvaale kjende godt til bønene til Anders. Då presten kom med dødsbodskapen, sa han til Anna:

– Dette er sterke greier, men Gud høyrde bønene hans.

To minne om faren
Alfhild var berre tre og eit halvt år då faren gjekk bort. Ho har to minne om han.

– Oddvar var fæl til å pirre meg. Ein gong han gjorde det, kom far og sa til han: «Du er så god at du let vere jenta mi». Då vart Oddvar sur. Og så kjem eg i hug då dei kom med kista hans.
Det var andakt då kista kom til gards.

– Bestefar tok bibelen, leita fram Johannes-evangeliet 14. kapittel og heldt andakta. Han takka for at Anders var blitt bønhøyrd, det største ønsket hans var at Anna skulle få leve.

Pengeinnsamling
Tilbake på det vesle småbruket sat Anna, dei ti borna, der sju framleis ikkje var konfirmerte, og besteforeldra som begge var i 80-åra.

Etter at Anders gjekk bort, samla bygdefolket inn pengar til dei etterlatne.

– Mor sa at dei fekk ein del kronestykke, nokre femkronarar og fire eller fem tikroningar. Ingen hadde pengar den gongen. Alle hadde tids nok med seg sjølve, det var mange store barneflokkar rundt om.

Særleg må slektningane i Jølet på Vereide nemnast. Erik Vereide var gift med Anna si søster, og gjorde mykje for å hjelpe familien på Riset i ei vanskeleg tid.

– Dei i Jølet var svære med oss, seier Alfhild.

– Gret seg i hel
Det gjekk hardt innpå Kristiane og Matias å miste den einaste sonen sin.

– Dei var ikkje i stand til å vere med på grava. Besta gret kvar dag, til slutt hadde ho ikkje tårer att. Dei fòr i skjegget til bestefar. Eg glante og såg etter kva tid tårene skulle kome ut att, men dei kom aldri, fortel Alfhild.

Kristiane døydde i august det same året.

– Ho gret seg i hel. Då måtte eg ligge i senga til bestefar og vere til trøyst for han. Eg song «Pål sine høner for han», og skulle gale som ein hane. Det var så mislukka. Doktor Eriksen kom ut dagen etterpå. Då fortalde bestefar om galinga, og begge lo. Det var den einaste gongen dei såg han le etter at bestemor døydde.

Matias døydde i januar 1929. I løpet av elleve månader miste huslyden tre medlemer.

– Då dei kom med bestefar i kista, spurde eg om eg òg skulle ligge der. Eg var van med å ligge med bestefar, og var redd eg skulle ligge i kista.

Typisk sommarbilete frå 1960-talet. Per har med seg onkelborna Klara (f.v.) Astrid og Anders. (Foto utlånt av Astrid Søreide)

– Hadde det andre hadde
På småbruket med knapt ti mål innmark og nokre utmarksteigar, fødde dei tre kyr, nokre sauer, ein øyk, to griser og høner.

– Smia blei bygd om til hønsehus, og vi selde egg to gongar i veka. Vi plukka bær og nytta oss av sjøen. Vi fiska og kasta med not i lag med pål-ane. Vi hadde fire-fem kasteplassar. Når vi hadde kasta eit par kast, hadde vi middag i fleire dagar.

Sjølv om det var tronge tider og sosiale støtteordningar så å seie var fråverande, understrekar Alfhild at dei hadde det like godt som andre.

– Vi hadde det andre hadde, mor var flink med hendene. Far hadde gått i skomakarlære i Stryn. Han drog til Bergen, kjøpte lær og skinn og skar ut beksaumarar. Han hadde verkstad i kjellaren. Mor hadde sett så mykje på han at ho styrte med skoa òg. Dei skoa han ikkje var ferdig med, fullførte ho.

– Var ikkje hjelp i å klage
Det ferdige skotøyet vart ikkje alltid henta av dei som hadde tinga det.

– Viss folk ikkje hadde pengar å betale med, vart ikkje skoa henta. Mor gjekk på to hus med sko, ho visste det var trong for dei. Betalinga fekk ho seinare, ei krone no, ei krone då. Dei som ikkje har noko sjølv, forstår korleis det er, seier Alfhild som forklaring på at mora såg mellom fingrane med pengar hennar eigen familie sårt hadde trengt.

Ho meiner mange sat verre i det enn den farlause familien på Riset:

– Det var frå hand til munn, det var slik ein overlevde i dei dagar. Det var ikkje hjelp i å klage. Dei eldste hjelpte dei yngste og vi vart tidleg vaksne.

Stolte på Gud
Sjølv om Anna var ei sterk dame, merka ho etter kvart at påkjenningane hadde vore store. I tillegg til dødsfalla i eigen heim, hadde ho mist mange av sine. Faren gjekk brått bort då ho var seks år, fleire av søskena vart offer for tyfusen i unge år, og ei søster var 15 då ho døydde av hjernehinnebetennelse.

– Mor vart låk med blødande magesår fleire gongar i året. Det var fælt. Eg var åtte-ni år då det tok til. Siste gongen hadde ho eit tolv centimeter langt sår på tolvfingertarmen. Det ville ikkje gro, og det sette seg kreft i såret. Det var det ho døydde av, seier Alfhild.

Anna gjekk bort i 1953, 65 år gammal.

– Eg var heime i mange år for å hjelpe henne. Ho hadde opplevd mykje, men eg trur ho hadde det bra. Ho var djupt kristen og leit på Guds hjelp heile tida.

Matias og Agnes på trappa på Riset med Klara (t.v.), Anders og Astrid tidleg i 1960-åra. (Foto utlånt av Astrid Søreide)

Snakka ikkje om dødsdagen
Astrid Søreide er eldste dotter til Sverre, som var tolv år då faren Anders fall frå. Verken ho eller mannen Olav høyrde nokon gong Sverre fortelje om dagen han og søskena vart farlause.

– Han snakka om mykje anna frå oppveksten, men ikkje om denne dagen. Heller ikkje Matias sa eitt ord. Det vart aldri lagt skjul på kva som hadde skjedd, men detaljane rundt og korleis sjølve dagen var, har vi aldri høyrt om før Alfhild fortalde det nyleg, seier dei.

Sjølv om den store familien hadde det vanskeleg økonomisk, har Astrid og Olav oppfatta at dei klarte seg bra. Dei eldste var blitt så store då ulukka hende at dei var til god hjelp, og utkomet frå gardsdrift og fjordfiske sytte for mat på bordet.

– Sverre la veldig vekt på fisket, som var heilt nødvendig. Bruket låg lagleg til såleis, seier Olav.

Blei verande heime
Eldstesonen Matias tok over Riset i 1956 og budde der saman med søstera Agnes Marie. Dei dreiv bruket på tradisjonelt vis. I tillegg til husdyrhaldet, dyrka dei litt frukt og grønsaker.

– Matias var veldig interessert i hest og hadde avlshingst. Sverre delte interessa og hjelpte broren mykje, fortel Olav Søreide.

Så lenge han levde, bar Matias med seg minna frå dagen han vart vitne til at faren vart ille medfaren og døydde.

– Han fortalde aldri noko, men vart fæl til å snakke med seg sjølv. Det var medisin for han, og noko han heldt fram med heile livet, seier Alfhild Klakegg.

Agnes støla på Gloppestadstøylen i mange år. Då hadde ho ansvaret for deira eigne, samt Johan-bruket sine kyr. Fram til 1959 brukte Agnes Johan-bruket sitt sel. Då stod hytta Matias og Sverre bygde på stølen klar til bruk. Stølsdrifta vart lagd ned på slutten av 1960-talet.

– Agnes stelte også fjøsen heime, kokte gombe og baka lefser. Ho var flink med hendene, og sydde og broderte for andre, fortel Astrid.

I dag er det Astrid og Olav Søreide som eig Riset. Dei har mellom anna stelt til lada og laga til kombinert stove og gardsmuseum der.

To gjekk på gymnaset
Både Sverre og Alfhild stifta familie og busette seg like ved barndomsheimen. Sverre var først skomakar, men vart seinare bygningsmann. Alfhild budde i mange år i USA med mannen Kristian og sonen Arne. Seinare arbeidde ho nokre år på kjøkkenet på Firda Gymnas, elles har ho vore heimeverande.

Margit gifte seg på ein gard på Åland, Hopland. Aslaug vart gift på Bø i Breim. Kristina var ugift, og arbeidde som meierske og terne. Dei siste åra var ho hushjelp på Hopland.

Per budde lenge på Bømlo. Der var han vaktmeister ved Wichmann Motorfabrikk. Seinare flytte han heim til Sandane, vart vaktmeister i Firdahallen og slo seg ned med familien i Åsen.

Oddvar og Arne gjekk gymnaset – noko som slett ikkje var like vanleg den gongen som no. Oddvar tok til på jusstudiar, men vart utsett for ei stygg trafikkulukke som sette han tilbake. Han starta mellom anna eige forlag og arbeidde lenge i trykkeribransjen i Oslo.

Arne og familien budde på Tysnes, Sunnhordaland, der han var heradsagronom. Kona Magnhild lever framleis.

Sterke band
– Søskena var veldig ulike, men dei hadde tette band og sette barndomsheimen høgt. Alle var jamleg heimom. Eg hugsar godt kor vi gleda oss til onklane og tantene skulle kome heim på ferie. Når «Sunnfjord» kom inn fjorden søndags morgonen, sprang vi opp på Riset og skulle vere klar til å ta imot dei. Sjølvsagt var det ekstra stor stas den gongen tante Alfhild kom heim frå Amerika, fortel Astrid Søreide.

Her er den store søskenflokken i vaksen alder. Bak f.v. Matias, Per, Sverre, Oddvar og Arne. Framme f.v. Kristina, Agnes, Margit, Aslaug og Alfhild. (Foto utlånt av Alfhild Klakegg)

Dei tette banda viste seg mellom anna i jula.

– Så lenge Agnes og Matias budde på Riset, var vi der til pakkeopning og gang rundt juletreet julaftan. Då var vi mange samla, og vi song alltid «Den fyrste song». Det hadde nok samanheng med den sterke kjærleiken søskena hadde til mor si sidan faren gjekk bort så tidleg, seier Astrid.

Etter at dei som budde der var vekke og huset blei ståande tomt, var det fast skikk at slekta møttest til julegjestebod 5. juledag.

Agnes gjekk bort i 1986, Matias i 1989. Då tok Per, seinare kona Eldbjørg og sonen Alf over skøyta på bruket. For to år sidan selde Alf Riset til Astrid og Olav Søreide.

– Vi har stelt til lada og naustet. Huset er veldig dårleg. Det har vore fleire lekkasjar i taket, så det er uvisst om det kan bergast. Alt av gamle møblar er flytta til lada. Der har vi innreia eit rom som stove og gardsmuseum, fortel dei.

Småbruket på nedre Gloppestad har ei spesiell historie. I gardsmuseet vert ho teken vare på for ettertida.

Slektsstemne på Riset i 1994 med etterkomarane etter Anders og Anna Gloppestad. (Foto utlånt av Astrid Søreide)

Kjelder:
Intervju med Alfhild Klakegg mars og desember 2016.
Intervju med Astrid og Olav Søreide desember 2016.
Soga om Gloppen og Breim, band 4.

- - - -






Les også andre saker frå arkivet
Engelske Cora tok bussen til Skei – og blei verande der.
Hotellet på Egge – eit viktig knutepunkt.
Dobbel trillinglukke på Vereide.

Dagen då draumar gjekk i oppfylling – Ei fiskehistorie.
Solheim, den veglause grenda.
Då Skorahammeren ramla ned.

Fjellet, mytane og hendingane.
– Eg er glad du er i live.
Eit spesielt hundreårsminne.

Skora – husmannsplassen like ved Sandane sentrum
Riset – det vesle bruket med den sterke historia
Øyna – den siste grøne sentrumslunga.

Personomtalar:

Ragnar Sande: Ein gentleman med glimt i auget.
Lars Kjøsnes: Bygde veg langs Kjøsnesfjorden for 42 øre timen
Tollef Sandal: Jølstringen som fotodokumenterte heimbygda på 1900-talet.

Ola J. Nyhagen: Redaktør, bæreksportør, telefoninstallatør og kleppar.
Rune Kjørvik: Har vore handballtrenar i ein mannsalder.
Jakob Neumann Hammer: Bispeslektning og hotelleventyrar.

Hugo Mowinckel: Verdsmannen på Holvikgård.
Randi Kristensen: Blei tvangsevakuerte frå Finnmark – fann hjarterom og husly i Bukta.
Per Hoel: Rømde frå tysk tukthusstraff – enda i alliert konvoifart.

John N. Svidal: Tusenkunstnaren