Hugo Mowinckel i ministrielle pontifikalier. Foto utlånt av Astrid Holvik.

Hugo Mowinckel - verdsmannen på Holvikgård


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka var første gong publisert i sogeskriftet Ljøren 2002.




Han var Montenegro sin generalkonsul i Kristiania, kjøpte hytte i Hyen, gardsbruk på Sandane og jakt- og fiskerettar fleire stader i Gloppen. Kven var eigentleg Hugo Mowinckel?



Hugo Mowinckel? Namnet verkar kanskje kjent? Slett ikkje underleg det, for denne mannen var ikkje nokon kven som helst. Tittelen som generalkonsul, seinare minister for Montenegro, vitnar om ein status utanom det vanlege på våre kantar.

No kan vi først som sist presisere at Mowinckel, som ein skjønar av namnet, ikkje var innfødd sandensar. Derimot opphaveleg bergensar som etter kvart fekk sterke band til kommunen vår. I denne artikkelen skal vi sjå nærare på personen Hugo Mowinckel, livet han levde i Gloppen og ute i verda, og kva spor han sette etter seg i bygda vår.


Våningshuset på "Holvig Gaard", bruk nr. 5, slik det stod i Mowinckel si tid. Bruket vart i 1867 kjøpt av lensmann Arnoldus von Westen Sylow Lund. Han sette opp våningshuset. Den gamle bispestova frå prestegarden på Vereide vart nytta som material, og huset vart tømra opp mest mogleg likt den gamle bygningen. Foto utlånt av L. J. Albrechtsen.

Nokre bakgrunnsfakta om Hugo Mowinckel
Hugo Mowinckel vart fødd i Bergen 7. februar 1868. Foreldra var August Christian Mowinckel (1822-1893) og Ingeborg Benedicte Müller (1841-1924). Bergen var også byen han voks opp i. Som 19-åring tok han til med studiane ved universitetet i Kristiania. Han var ferdig cand. jur. i 1896, og same året gjekk han på Vinterlandbruksskolen i hovudstaden. Allereie i 1898 blei han attachè ved den norsk-svenske utanriksetat, var i Le Havre, i Roma 1898-1899, Paris 1899-1901, og i St. Petersburg 1901.

I åra 1902-1904 var han sjukmeld, men var tilbake i utanrikstenesta som legasjonssekretær i Washington 1908-1909. Medan han oppheldt seg på det amerikanske kontinentet tok han seg også tid til eit halvt års opphald i Argentina.

Heimkomen til Norge slo han seg ned i Kristiania og livnærte seg som forretningsmann, dreiv mellom anna engros-forretning i jarn og stål. Han vart medeigar i fleire større selskap, både i hovudstaden og i andre byar og tettstadar. Desse verksemdene gav han ein ikkje ubetydeleg formue.

I åra 1912-1918 var han Montenegro sin generalkonsul i Kristiania, og rapporterte derifrå til den montenegrinske regjeringa i den dåverande hovudstaden Cetinje. 1919-1922 var han minister og spesielt delegert for Montenegro i London, men med løyve til å bu i Bergen(!). Frå 1922 og fram til sin død i 1949 budde han i heimbyen.



Hugo Mowinckel var gift tre gonger, og hadde til saman seks born.

1. ekteskap: Gift i 1893 med Christine Alexandra Bødtker, fødd i Tveit 1867. Ekteskapet var barnlaust og blei oppløyst i 1902.

2. ekteskap: Gift i Kristiania i 1908 med Aagot Nyquist, fødd i Kristiania 1876. Dotter av generalmajor Otto Ludvig Nyquist og Margrethe Mohn. Ekteskapet oppløyst.

Med Aagot fekk han fire barn:
• August Christian Mowinckel, fødd 1909. Han tok styrmannseksamen og skipsførareksamen, og reiste mykje rundt i verda.

• Adam Walther Müller Mowinckel, fødd 1910. Reiste ut som 16-åring og blei amerikansk statsborgar.

• Otto Ludwig Mowinckel, fødd 1915. Tilsett ved Østasiatisk Kompagni i Oslo.

• Ebba Mowinckel, fødd 1917. Gift med tobakksfabrikant Max Frode Halle.

3. ekteskap: Gift i London 1920 med Helga Sandahl, fødd i Bergen i 1893. Dotter av skipskaptein Edvard Sandahl og Amalie Salomonsen.

Med Helga fekk han to barn:
• Hugo Mowinckel, fødd 1923. Gifta seg i Skottland under krigen. Blei seinare skilt og emigrerte til Canada.

• Allan Mowinckel, fødd 1927.

Sandensaren Hugo Mowinckel
Kva var det så som gjorde at Hugo Mowinckel knytte sterke band til Gloppen, noko som også førte til at han bygde hytte i Gjengedalen i Hyen i 1890, og kjøpte garden Holvikgård på Sandane i 1894?


Mowinckelhytta i Gjengedalen 2002. Foto Odd Gloppestad.

For å finne svaret på dette må vi nok sjå nærare på jegeren og friluftsmannen Hugo Mowinckel. Allereie som svært ung mann i slutten av 1880-åra var Mowinckel på jakt i Hyen. Det var nok gjennom denne lidenskapen han fekk auga opp for Nordfjord-naturen og dei moglegheiter det var for jakt, fiske og friluftsliv i våre nærområde. Og at nokre av dei opplevingane han fekk på desse jaktturane gjorde at interessa for å kjøpe seg fast eigedom på desse kantar vart større, kan ein skjøne når ein les denne artikkelen som han skreiv i Fjordabladet 23. april 1948:

«16. september 1889.
I Nordfjordfjellenes bjørnetrakter.
Nysnø helt ned til øverste bjerkeli. Skogen hadde sin praktfulle høstdrakt. Klart, stille. Meget tidlig revelje, som jeg blåste på munnspill. Veien la vi - Rasmus Rønnekleiv og Jakob Mjellem og studenten (H. M.) over de ugreie myrene, hvor enkelte sirkelrunde hul er nesten tilgrodd. Plutselig faller jeg igjennom, fikk slengt riflen, ble med varsomhet dradd opp, fikk brok, underbukse, strømper vridd, støvlene tømt. På'n igjen. Ha! Det var i hine unge dager.

- Jeg ble betrodd en post ved "Storesteinen". Etter en halv time, mens jeg etter avtale forsøkte den ikke lette kunst å sitte godt dekket og dauende stille kom hjorten mot meg, lett, elegant, rørlig og lysegrå, med stolt holdning. Sølvkornet (på riflen) kom opp mot dens bog. Smell, voldsom sats. Den sprang ca. 150 meter, med kulen like over hjertet, før den styrtet. Skuddhard er hjorten.

Samme dag ved to-tiden.
Skjønt er Nordfjord og Vestlandet: det blåner innover fjellrekkene; breene, fjordene og vannene glimter, svak fossedur er i luften, høstfargene i skogen er ubeskrivelige symfonier, bøene rundt gårdene ennu saftig grønne.

Jeg er atter satt på en post. Sitter i dekning ved en myr. Er ulydig, nipper tyttebær ved setet.

Plutselig en tung riflesmell og ulingen av kulen, en nye smell og kuleul, flere skudd og straks kommer et stort brunt dyr hurtig smygende langs myrens skogkant, etterfulgt på 50-60 meters hold av Jakob Mjellem, som fyrer etter bjørnen.

Denne vender seg, bokstavelig talt som et lyn, galopperer mot ham, patronhylsen i hans svære Remington setter seg fast, han prøver å ladde og han springer unna, jeg springer etter bjørnen, i det samme bryter Rasmus Rønnekleiv fram av skogen like foran dem, springer mot bjørnen som var i galopp, tar formelig skytterstilling og støtt sikte og avfyrer skuddet på kloss hold rett inn i bjørnens gap.

Da vendte den seg mot meg, og grep - dødelig såret av 10 - ti gode treffere, en bjerkerot, tre fingre tykk, slet den over, stupte rundt på hodet, satte seg opp på baken og strakte klørne mot meg. Seg så i denne stilling tomme for tomme sammen.

Den målte 15 tommer fra øre til øre, hadde 2 ½ tomme spekk over lårene, var meget mørk med svakt lyse hårtipper, hadde 10 kulehull, og viste seg etter flåing å ha den rene atletmuskulatur.

Da vi kom ned til setrene stod dens fotavtrykk klart og skarpt i den bløte setervoll. - Dens skalle ligger nu i min bokhylle. Dens skinn ennu en julepryd, fremme bare i julen.

Da vi rodde den over vatnet, spratt ørretten og la ringer omkring båten i solefallstimens glans.

Da vi sent på natt kjørte til Hyen, hadde vi hjorten på èn, bjørnen på den annen slede, og spikret skinnene på laveggen.

Fjøsanger 25 oktober 1947.

Fhv. minister
Hugo Mowinckel."



Ein annan av jegerane frå denne suksessrike jaktturen i Hyen, Rasmus Rønnekleiv, kjem med utfyllande opplysningar om jakta og om Hugo Mowinckel i heftet "Jaktsoger frå Hyen":

"Det var hausten i 1889. Eg fekk brev frå minister/konsul Hugo Movinkel i Bergen om han kunne få kome heim til meg og gå på hjortejakt. Eg svarte at han kunne kome, jakta skulle ta til måndag 15. september. Movinkel kom til Hyen laurdag, og eg var på Straume og tok mot han. Vi låg då roleg på Rønnekleiv søndag. Movinkel sa då at kunne eg finne ein bjørn på denne turen, skulle han gje meg ein dobbelkikert til 40 kroner."

Rønnekleiv fortel vidare den same historia som Mowinckel om sjølve jakta, og vi siterer vidare frå hendingane etter at bjørnen er felt:

"Movinkel kom til no. Han rekte meg handa på lovnaden om ein dobbelkikert og fem flasker vin, og til Jakob fem flasker vin."

Mowinckel var naturlegvis i strålande humør etter jakta. Han ville ha pelsen, og den fekk han, noko Rasmus Rønnekleiv angra mykje på i ettertid.


Holvikgård med paktarbustad, seinare vaktmeisterbustad ved Firda Gymnas, lade og våningshus, fotograferte i 1921 av arkitekt Per Sande, som teikna gymnasbygningen. Foto utlånt av Firda vgs.

Som nemnt kjøpte Hugo Mowinckel gardsnr. 74, bruksnr. 5 Holvikgård i Gloppen kommune i 1894. Kjøpesummen den gongen var 12.500 kroner. At Mowinckel tok Vinterlandbruksskolen to år seinare, var langt frå tilfeldig. Den nye eigedomen hans hadde nemleg mykje udyrka mark, og denne hadde han ein draum om å dyrke.

Det gjorde han også, truleg for det meste i tida fram til 1898, då han gjekk inn i diplomatiet. Ifølgje ein artikkel som stod om Mowinckel i Bergens Arbeiderblad i 1938, køyrde han bort 500 lass stein av kvart mål, og køyrde på igjen 250 lass med leirjord. Han sette så poteter første året, og seinare havre. Arealet han dyrka opp låg der Idrettsplassen og Firda vgs. ligg i dag, og han skal ikkje ha vore så reint lite stolt over det arbeidet han hadde utført - forståeleg nok. På bruket fødde han elles både kyr og hest.

Agnar Nyhagen, fødd 1905, hugsar framleis ein av hestane Mowinckel hadde. Det var ei stor, brun merr av utanlandsk rase med namn Donna. Denne brukte konsulen å sale på og ta seg rideturar med rundt på Sandane. Iført monokkel og ridepisk var det ein staseleg ekvipasje som var å sjå langs vegane. Agnar minnest også at han som smågut av og til fekk lov med drengen Ola Kandal til å ri på Donna.



Etter 1898 var det nok for det meste i sommarhalvåret Hugo Mowinckel budde i Gloppen. Men i avisa Nordfjord frå januar 1900 har vi kome over ein notis som viser at Mowinckel også på vinterstid kunne bu i kommunen for kortare periodar:

"Attaché Hugo Mowinckel er nu hjemkommen og hans Ophold her vil blive ca. 4 Uger."

I februar det same året finn vi nok ein notis som omtaler attachéen:

"Gaaet i Isen.
En Husmandsgut herfra Sandene gik i Isen for nogen Tid siden. Paa Guttens Raab om hjelp, kom Attaché Hugo Mowinckel tilstede, og efter en del haarde Anstrengelser lykkedes det ham at redde Gutten.

En varm Tak fortjener denne Hædersmand, der med Fare for sit eget Liv vogede alt for at redde Gutten. Kniven var ogsaa ved denne Leilighed et nyttigt Redskab i Redningsmandens Haand.
-n."


Nils Heggheim var paktar hos Mowinckel. Bak på biletet står: "En julehilsen fra Holvikgaard til Nils. 1905." Foto utlånt av Liv Heggheim.

Etter nokre år kom det kjeppar i hjula for Mowinckel sin karriere i diplomatiet. Han fekk tuberkulose, var sjukmeld i to år, og gjekk ikkje inn att i utanrikstenesten før i 1908. I desse åra budde nok Mowinckel i lengre periodar i Gloppen. Her bygde han seg opp etter sjukdomen, og hadde høve til å dyrke interessene sine innan friluftslivet. Han dreiv òg garden sin fram til det reinaste mønsterbruket. Hagen vart skjøtta svært godt, og han utvikla ei spesiell interesse for grønsaker. Han gjorde også mykje for at bøndene i bygda skulle ta etter han i dette. Høyavlen skal også ha blitt monaleg auka. Byguten hadde evner langt ut over det meir teoretiske arbeidet i diplomatiet!

Desse åra nytta han også til å kjøpe opp jaktrettar frå fleire av gardane i Gloppen. Mowinckel fekk mellom anna hand om jaktrettar på Djupegot, Eide, Evebø og Holvik. I tillegg kom den svært verdfulle fiskeretten i Gloppeelva, i dag kjend som "Sivertsen-retten".



Kjøpekontrakten frå den gongen Mowinckel kjøpte retten frå Knut K. Evebøbakken i 1896, er i seg sjølv interessant (henta frå Pantebok for Gloppen, Statsarkivet i Bergen):

Kjøbekontrakt
Undertegnede overbringer herved her Cand juris Hugo Mowinckel paa Holvikgaard i Gloppen den ham tilhørende og hans Brug Evebøbakken i Gloppens Thinglag, Gards NO 77 Brugs NO 6, tilliggende Fiskeret til Odel og Eie for en omforenet Kjøbesum stor Kr. 2200 - to Tusinde to Hundrede Kroner, heftelsesfrit og ubetinget. Kjøbesummen er udbetalt contant. Sælgerens Søn Kristoffer Knudsen Evebøbakken har mod rimelig dagløn fortrinsvis at komme i Betragtning som Rorsmann og Medhjelper ved Stangfisket i Elven, dog ikke paa anden Maade end som en Prøve, saa at Mowinckel har Ret at tage en anden hvis han ikke finder Kristoffer helt tjenlig og kjendt med Arbeidet.

Kjøberen har Ret til at sætte Baad op paa Stranden og at sætte Tag over den, samt Ret til at hugge den Skog, som er hinderlig for Fisket. Kjøberen er bekjendt med Mr Saffords Kontrakt og med den Overenskomst Overretssagfører Christian Kahrs i Bergen siger sig at have sluttet med Elveeierne, og skal Retsspørgsmaal som maatte reise sig af disse Forhold, ikke komme Sælgeren til Besvær. Forøvrigt er han kjøberens Hjemmelsmand efter Loven.

Holvikgaard, Gloppen den 26. Oktober 1896
Cand juris Hugo Mowinckel. / Knut K Evebøbakken

Til Vitterlighed
Anna Marie Evebø



Etter at Mowinckel reiste til Amerika i 1908 er det grunn til å tru at interessa for, og sjansane han hadde til å utvikle garden sin på Sandane, vart reduserte. Etter heimkomsten til Noreg fekk han etter ei tid tittelen som konsul for Montenegro. Med utbrotet av Den første verdskrigen i 1914, der Montenegro var involvert, kom nok eigedomane i Gloppen i andre rekkje.

I 1917 vart Holvikgård avertert for sal. Som vi ser av denne annonsen som stod i Bergens Aftenblad 12. juni 1917, hadde verdien på eigedomen auka monaleg:



Seinare det same året vart eigedomen, inkludert hytta i Gjengdalen og lakseretten i Gloppeelva selt til kjøpmann Petersen frå Bergen. Jaktrettane som Hugo Mowinckel hadde kjøpt opp var ikkje med i denne handelen. Heilt til for få år sidan var det uklart om mellom anna ein del av bruka på Eide hadde fått tilbake desse rettane, eller om dei framleis var i Mowinckel-familien si eige. Ei rettsleg avgjerd i 1993 konkluderte med at rettane var blitt tilbakeførte til dei opphavelege eigarane.

Rundt det førre hundreårsskiftet var det sjeldan at nokon her i våre bygder kunne sole seg i glansen av finare titlar. Attaché, seinare konsul og minister Hugo Mowinckel var eit spesielt unntak. Denne historia fortalt av Mons J. Holvik, og attfortalt av Dagfinn Aasen sommaren 2002, illustrerer nettopp dette:

"Mons var i konfirmasjonsalderen då han ein dag møtte opp på kaia på Sandane i lag med Maria Evebø for å ta dampen inn til Hyen. Hugo Mowinckel hadde hyrt Maria som kokke og Mons som dreng. Hugo og kona reiste sjølvsagt på fyrste klasse. Dei sat oppe på dekk, på ei lita forhøyning. På veg innover Hyefjorden sat fru Mowinckel og las Bergens Tidende. Så vinka ho på Mons. Og han stilte seg opp framfor henne og bukka slik han hadde fått beskjed om å gjere. Fru Mowinckel seier så:

- Nå går du bort til konsulen og stiller deg rett foran ham, bukker og spør: Ønsker konsulen avisen? Hvis konsulen svarer ja, kommer du tilbake til meg, stiller deg foran meg, bukker og sier: Konsulen ønsket avisen. Slik gjekk det. Mons fekk overlevert avisa.

Så kom dei til Hyen. Det var ikkje veg rundt Aa-vågen på den tid, så dei måtte ro i ein færing til Aa. Turen gjekk så vidare til Gjengedal, der Mowinckel hadde hytte. Der vegen tok slutt, stod fjordingar oppsala og klare til Hugo Mowinckel og kona. Maria og Mons følgde etter til fots. Maria med børtre og Mons med ryggsekk.


Maria Eide (Mass-Maria), seinare gift med Nils Heggheim, og Maria Evebø (t.h.) var tenestefolk hos Mowinckel. På baksida står: "Glædelig jul 1904". Foto utlånt av Liv Heggheim.

Det var sjølvsagt alltid spennande for ein unggut å oppleve noko nytt, men Mons fekk snart erfare kvifor han var komen der. Når Mowinckel skulle fiske, måtte Mons ro. Han rodde Gjengedalsvatnet dag ut og dag inn.

Men så ein dag fekk Mons beskjed om å gå over fjellet til Sandane og hente noko medisin til generalkonsulen. Han blei forklart kvar han skulle ta vegen over fjellet. Mons gjekk opp frå Byrkjeneset og følgde råsa mot Ångsdalen, ei godt oppgådd smalerås, men framandt terreng for han. Vidare gjekk han gjennom Ångsdalsskaret og ned på den andre sida til han nådde Langedalsvatnet. Så var han blitt forklart: "Vis-a-vis neset du da står på trenger du skyss. Og så spør du folket på stølen om veien videre til Sandane."

Dette gjekk greitt. Men det var mange timars gange, og han skulle tilbake same vegen same dagen. Han henta medisinen, men før han la av garde tilbake, måtte han heim til mor si og få seg litt mat, for han var så forferdeleg svolten. Ho smurde også ein nistepakke som han fekk med seg.



Dagane på hytta var eigentleg lite varierte. Men ein kveld kom Sise Gjengedal på vitjing. Ho støyla på Dalestøylen, som ligg ved Dalevatnet, nedanfor Gjengdalsvatnet. Ho ønskte dei velkomne til rømeask i selet sitt. Då spurde fru Mowinckel:

- Skal vi kome alle? Og det var dei velkomne til.

Dei steig inn i eit nyvaska og fint sel med kvit duk på bordet. Ein fint lagga treask med fire hornskeier var dekka på bordet.

- Skal vi spise alle fire av same asken? spurde fru Mowinckel.

- Ja, det er slik vi plar her, svara Sise og sa ver så god.

Og då var ikkje Mons sein om å trive skeia og køyre i rømeasken. Som smakte godt. Men Hugo Mowinckel fann fram eit fint skinnetui frå innerlomma, rekte ei sølvskei til fru Mowinckel og tok ei sjølv også."

Ein liten kuriositet er det også at Mowinckel kjøpte kramsfugl (trast) av gutane på Sandane. For kvar fugl betalte han tre øre. Med tanke på at kvart skot kosta to øre, skulle det ikkje bommast mykje før det blei dårleg butikk for dei unge jegerane…

Verdsmannen Hugo Mowinckel
Som fortalt i innleiinga til denne artikkelen, starta Hugo Mowinckel sin utanrikspolitiske karriere i ung alder. Han blei attaché i det norsk-svenske diplomatiet og var stasjonert i fleire av dei store byane i Europa. Også det amerikanske kontinentet rakk han å vere busett på i eit par år før han vende nasa heimover til gamlelandet og vart medeigar i fleire firma i hovudstaden.

Men trass i karrieren i diplomatiet, i ettertid er det som generalkonsul, og seinare som minister for Montenegro Hugo Mowinckel har vorte best kjend. No er det naturleg å spørje kva slike titlar innebar, og kvifor kunne akkurat Hugo Mowinckel bli titulert på denne måten? Igjen må vi sjå nærare på jegeren og friluftsmannen for å finne ei forklaring.

Montenegro er eit lite land på Balkan, arealmessig på storleik med Hordaland og Sogn og Fjordane til saman, og har i dag eit folketal på vel 600.000. I 1918 blei landet innlemma i Jugoslavia, og saman med Serbia utgjer den vesle nasjonen i dag det som etter borgarkrigane på 1990-talet vert kalla Rest-Jugoslavia. Naturen i landet er prega av fjell og fjord, blomstring og snø. Med andre ord ikkje så heilt ulikt Noreg. I 1912 var Hugo Mowinckel på ein seks-vekers jakttur i dei montenegrinske fjella. Her kom han i kontakt med ein ikkje heilt ubetydeleg person i Montenegro. Ein av venene hans i Bergen skildra i ein artikkel i høve Hugo Mowinckel sin 65-årsdag dette møtet:

"Fordi landet var så knøtt lite, kunne Mowinckel simpelthen ikke unngå før eller senere å råke på Kong Nikita, som selvfølgelig også var ute og jaktet, og de to ble straks perlevenner. "Hør her, Hugo", hadde Nikita sagt, "jeg er ikke helt klar over hvor Norge ligger, så jeg har i grunnen ikke bruk for noen generalkonsul der. Men det er det samme, du er en kjekk kar, og hvis du vil er jobben din!"



No må vi vel ta denne skildringa med ei klype salt, men turen til Montenegro førte i alle høve til at Hugo Mowinckel vart tildelt den mykje omtala tittelen. I åra fram til 1918 opererte han så som Montenegro sin generalkonsul i Kristiania, og skreiv rapportar derifrå til den montenegrinske regjeringa i Cetinje. Då Den første verdskrigen ebba ut, såg kong Nikita nytta av å ha ein påliteleg representant som kunne ivareta Montenegro sine interesser i London. Han kom til å tenkje på sin gamle "jaktkamerat", som han i si tid hadde gjort til generalkonsul i Noreg.

Hugo Mowinckel blei med ministers (!) grad send til England. Det neste året kjempa han ein innbiten kamp med sikte på å bevare sjølvstendet til den vesle staten på Balkan. Under fredsforhandlingane i Versailles etter krigen hadde han plass ved rådsbordet saman med dei "store" karane frå USA, Frankrike, England og Italia. Det er blitt sagt at han hyppig tala stormaktene midt imot, men sjølv om Hugo Mowinckel hadde dei beste kontaktar i den britiske regjeringa, blei overmakta for stor. Montenegro blei innlemma i det jugoslaviske kongedømmet, og etter siste verdskrigen som ein likeverdig del av det nye Jugoslavia, leia av Tito.

Hugo Mowinckel la ned eit stort arbeid for Montenegro, og såg på Versailles-traktaten som rota til alt vondt. Dei utanrikspolitiske artiklane han i ettertid skreiv vart nesten alltid avslutta med nokre ord som kort kan samanfattast på denne måten: "For øvrig er det min mening at Versailles-traktaten snarest bør omstyrtes". Med tanke på alt Europa måtte gå gjennom som følgje av den same traktaten, kan vel fleire trygt seie seg samde…


Bruk nr. 5, Holvikgård, sommaren 2002. Ved eigarskifte i 1999 vart eigedomen delt i tre. Det er no Synnøve Eimhjellen og Frode Holen som eig og bur i huset. Foto Ola Nyhagen.

Bergensaren Hugo Mowinckel
Bergen var Hugo Mowinckel sin fødeby, og sjølv om han etter kvart vart ein omreist mann, som fekk oppleve mange kulturar og land, var det alltid Bergen som låg hjartet hans nærast.

Frå han reiste til Kristiania for å studere i 1887, skulle det gå 35 år før han igjen var fast busett i byen mellom dei sju fjell. I 1922 avslutta han den utanrikspolitiske karrieren sin og slo seg ned i Bergen for godt. Her heldt han det gåande som aksjespekulant på den internasjonale marknaden. Han følgde godt med i kva som gjekk føre seg, og gjennom forsiktig, men klok handel, heldt han seg med ei rimeleg inntekt. Dette gjorde det mogleg for han å leve eit relativt sorglaust liv, utan å måtte tære på den tidlegare oppbygde kapitalen sin. Ja, såpass romsleg økonomisk hadde han det, at han hadde høve til å støtte opp om fleire gode tiltak i Bergen. Spesielt Mariakirken hadde han omsut for. Det skal ikkje vere småsummar han opp gjennom åra sette av til restaureringa av dette bygget, som han betrakta som eit av dei mest verdfulle fortidsminnesmerka i Bergen.

Hugo Mowinckel hadde levd eit svært omflakkande liv, og etter heimkomsten til Bergen var det ikkje mange som kjende han igjen. Men det gjekk ikkje lang tid før han var ein av dei mest iaugefallande og særprega skikkelsane i bybildet. Han var herre på byen, med hattane sine, der ei lita bust eller fjør gav ein ekstra liten piff.

Det er blitt hevda at Mowinckel nærast "samla" på journalistar. Folk frå pressa vart i alle høve den kjæraste omgangskrinsen hans, og han var titt å sjå i avisredaksjonane, medbringande nye innlegg om utanrikspolitiske spørsmål. Interessa for naturen, jakt og friluftsliv tok han med seg gjennom heile livet. Mellom anna kjempa han for å frede den norske villreinen, noko Stortinget sidan vedtok.

I 1935 bygde han sin eigen praktvilla, "Villa Cetinje" (oppkalla etter byen som var hovudstad i Montenegro fram til 1918), på Fjøsanger i Bergen. Her budde han til han døydde 31. juli 1949, 81 år gamal.

Kjelder:
Boka "Slekten Mowinckel II 1914-1939" av Thora Sollied.
Artikkelen "Vestlandet på Balkan" av Jan Blaha. Trykt i Bergens Tidende 13.08.1998.
Artikkelen "Bjørn", skriven av Hugo Mowinckel i Fjordabladet 23.04.1948.
Heftet "Jaktsoger frå Hyen" av Rasmus J. Rønnekleiv 1986.
Boka "15 fargerike Bergensprofiler" av Gunnar Hagen Hartvedt.
Per Sandal: "Soga om Gloppen og Breim, band 4", 1992.
Statsarkivet i Bergen: "Pantebok for Gloppen, nr. 55 1877-1897, folio 364b og 365a."
Jacob Aaland: "Nordfjord frå gamle dagar til no. 2. Gloppen - Breimn." 1933.





Fekk du med deg: Øyna – den siste grøne sentrumslunga. 3. mars 2018
Tidlegare saker frå arkivet:

Frå februar
Blei tvangsevakuerte frå Finnmark – fann hjarterom og husly i Bukta. 24. februar 2018
Rømde frå tysk tukthusstraff – enda i alliert konvoifart. 17. februar 2018
«Eit spesielt hundreårsminne». 10. februar 2018
«Skora – husmannsplassen like ved Sandane sentrum». 3. februar 2018

Frå januar
«Tusenkunstnaren John N. Svidal». 27. januar 2018

Frå 2017
«Riset – det vesle bruket med den sterke historia». 15. desember 2017