John Svidal (1932-2008) vart ingen gammal mann, men han fekk utretta mykje.

Tusenkunstnaren John N. Svidal


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert i papirutgåva og som vi framleis trur har interesse. Denne saka vart først presentert i juleavisa 2016.




- Han var ein mangslungen kar, seier Olav Støylen om naboen som kom til verda i 1932. Han skulle etter kvart bli ein industripioner, og han er ein som har fått lite merksemd om alt han dreiv med, og alt han prøvde seg på.



John Svidal voks opp på bnr. 7, Simatunet, i Svidalen. Foreldra var Nils Jenson Svidal og kona Johanna Nilsdotter Nedrebø. John var nest eldst av fem søsken, og det blir sagt at han var ein gåverik kar med evner i mange retningar.

Lite kjelder etter han
A.O. Klakegg har i bygdeboka si spandert ei linje på gründeren John Svidal. Der står det følgjande: «Jon N. Svidal f. 1931, bonde og fabrikkeigar med f.t. 10 arbeidsplassar». Så står det også at han var gift og hadde ei dotter. Det er alt om mannen som dreiv butikk og bensinstasjon, produserte fiskekaker og chips, i tillegg til ein populær leskedrikk med det klingande namnet «Snipp Snapp». Han produserte ei tid også flatbrød, og alt vart produsert i verksemda som han kalla Noria Industri. I tillegg til alt dette var han også bonde, han hadde eit sagbruk og dreiv nokre år med palleproduksjon.


Jorunn Svidal med eit eksemplar av leskedrikkemballasje med det klingande namnet «Snipp Snapp».

Denne leskedrikkproduksjonen, med produktet Snipp Snapp, var nok ei vågal satsing og vart på mange måtar byrjinga til slutten for industrigründaren frå Svidalen. John Svidal fekk sjølvsagt også eit kallenamn, svært mange jølstringar hugsar han som «Snipp Snappen». Det er soga om denne mannen vi no skal freiste å få fram.

Det starta på Sunnmøre
Etter folkeskule og eitt år på Heimyrkjeskulen, tok John sin første tur ut i verda i 1949. Turen gjekk til Stranda på Sunnmøre. På ryggen hadde han ein sekk, og i lomma 100 kroner som han hadde fått av bestefaren. Han kom fram til Stranda, men der hadde han korkje arbeid å gå til eller nokon plass å bu. Dermed låg han dei to første nettene i eit naust, med sekken til pute og eit åkle til dyne.

Andre dagen på Stranda kom han forbi ein bygning med namnet P.J. Langlo møbelfabrikk på døra. Han gjekk inn, presenterte seg på beste måte og spurde etter arbeid. Mannen bak skranken løfta på brillene og såg halvt smilande og halvt undrande på guten.
- Vent litt, eg må ta ein telefon, sa mannen bak skranken, og etter litt kom han tilbake.

- Du kan byrje i morgon, sa resepsjonisten og la til at det var soknepresten i Jølster, Guttorm Kallhovd, han hadde snakka med. Presten hadde gitt den unge svidølingen dei aller beste attestar. Han hadde mellom anna sagt at John hadde svara godt føre seg på kyrkjegolvet under konfirmasjonen.

I møbelfabrikken på Sunnmøre var John i tre år før han reiste heim til militærteneste og teneste i den siste kontigenten til Tysklandsbrigaden. Sommaren 1953 kom han heim frå Tyskland, mange opplevingar rikare.


Produksjonslokalet i Svidalen då produksjonen var på topp.

Møbelproduksjon
John Svidal hadde altså lært møbelsnikkarfaget på Stranda og etter litt starta han sin eigen møbelfabrikk i kjellaren heime i «Simatunet». I Årdalen, litt lenger aust, hadde ein annan starta møbelproduksjon, nemleg Olav Myklebust. Også han hadde vore i arbeid i den blomstrande møbelindustrien på Sunnmøre, og dei to karane kom etter kvart i samarbeid. I Svidalen var det på den tid, tidleg på femti-talet, berre ein bil, ein gammal Plymouth som var i Jon A. Berg si eige. Denne bilen gjorde at ungdomane kom seg rundt på dans og andre tilstellingar.

- Med denne bilen vart det frakta både folk og «niste», fortel Olav Støylen som sjølv var ein som hadde mykje glede av den tilårskomne amerikanaren.

Dei to møbelsnikkarane fann etter kvart ut at dei skulle på salsturné til Oslo-området. Dette var vinterstid og dei fekk låne bilen på vilkår av at Jon J. Berg skulle vere med som sjåfør. Eigaren, Jon A. Berg leit ikkje på dei to møbelfabrikantane når det var snakk om bilkøyring.

Dette var i orden, og dei tre karane la av garde og kom etter kvart til Hønefoss. Der skulle dei overnatte på eit hotell og skreiv seg inn med rette namna, men plussa på titlane disponent, kontorsjef og privatsjåfør. Dagen etter skulle dei vidare, men sjåføren gav klar beskjed om at det på ingen måte kom på tale å køyre i Oslo.

- Du kan no i alle fall køyre til Sandvika, sa dei andre, og slik vart det. Men då dei kom til Sandvika, synte det seg at det var vanskeleg å finne plass å stoppe på, eller kome seg ut av vegen. Dermed stod dei plutseleg midt i tjukkaste Oslo. Korleis det gjekk vidare, seier soga ingen ting om. Det ho seier litt om, er heimturen. Den gjekk gjennom Telemark til Haukeli, men over Haukelifjell møtte dei snøstorm og vart ståande faste. Dei vart etter ei tid berga ned til Røldal, berre for å få høyre at vegen vidare var vinterstengd.

Men dei tre karane kom seg omsider heim att til Jølster, og dermed var det å setje i gang å produsere møblane dei hadde fått bestilling på under den famøse turen austover. For John sin del, vart kjellarlokala etter kvart for små, og han måtte finne noko større. Det gjorde han, men etter fem år gav han opp møbelproduksjonen og var klar for nye utfordringar.

Kjøt og is
Dette fekk han i Førde Kjølelager som salssjåfør med distribusjon av kjøtvarer frå det som då heitte Vestlandske Salslag, ei samvirkebedrift som for mange år sidan fusjonerte inn i Gilde Vest og seinare det nasjonale selskapet som fekk namnet Nortura.

I denne jobben kom han på ein eller annan måte i kontakt med Anders Jåvik frå Bryne, som dreiv ein iskremfabrikk der. Jåvik hadde lagt merke til salsresultata til John Svidal, og han henta han inn som dagleg leiar for iskremfabrikken på Bryne. Under opphaldet på Bryne tok han eksamen på handelsskulen i Stavanger, og det var det han hadde av utdanning så lenge han dreiv forretningar. John arbeidde ein periode også på ein iskremfabrikk i Esbjerg i Danmark.

Men heime venta odelsbruket på ny generasjon og Olav Støylen fortel at John hadde store planar med den.

- Han sette seg føre å rydde garden for stein og han teikna ny fjøs som etter kvart vart bygd, fortel Olav som også legg til at utfordringane med garden var for små i høve til skapartrongen som budde i hovudet til John. Han hadde heile tida ein draum om å skape arbeidsplassar slik at ungdomen skulle sleppe å reise ut for å få seg arbeid. Slik gjekk det til at John Svidal sette i gang med produksjon av fiskekaker i kjellaren på Vassenden Meieri.

Næringsmiddelindustri
John Svidal hadde eitt barn, dottera Jorunn. Ho fekk med seg både glansdagane og slutten av det som på mange måtar må kallast eit industrieventyr i jordbruksbygda Jølster, og ho er klar på at det heile tida var næringsmiddelindustri som sto faren sitt hjarte nærast.

- Det var det han interesserte seg for, og det var i denne bransjen han heile tida ville prøve ut nye idear og nye produkt, fortel Jorunn.

For satse gjorde han, det kan ingen ta frå han, og han lukkast også i stor grad med det han sette i gang med. I alle fall så lenge kundane gjorde opp for seg. Noko dei til slutt ikkje gjorde, og som førde livsverket til skifteretten.


Eksempel på heimelaga tappeutstyr for leskedrikk som John laga.

Butikk på Vassenden
I 1962 vart den såkalla «Blåbutikken» på Vassenden ledig. Dette var ein butikk som var starta av skreppekaren Ivar Hylderås frå Voss rundt 1890, på same tid som hotellet på Vassenden sto ferdig. I «Blåbutikken» starta John daglegvareforretning i lag med søstera Norbjørg, som også hadde vore med på fiskematproduksjonen. I tilknyting til butikken vart det drive bensinstasjon, og etter kvart vart kjellaren under butikken rydda, for no hadde John Svidal fått ein ny forretningsidé. Det skulle produserast leskedrikk, og slik vart det. Produksjonen gjekk ei stund føre seg i butikk-kjellaren på Vassenden, men lokala vart snart for små. Dermed flytta John produksjonen til nybygde fabrikklokale på Svidalsneset, der han vart verande til det heile tok slutt i 1983. Leskedrikken hadde namnet Snipp Snapp og verksemda fekk namnet Noria Industri.

Leskedrikkproduksjonen utvikla seg raskt, og plastpølsene og bamsane med leskedrikk i ymse fargar og smakar vart populære. Dei vart faktisk så populære at øl- og brusgiganten Hansa tre gonger prøvde å kjøpe industriverksemda på Svidalsneset. Men Hansa fekk kvar gong nei, og John var fast bestemt på å drive utviklinga vidare for eiga rekning og risiko.

- Då det gjekk på det beste, gjekk fabrikken med tre skift i fleire år, og mellom 20 og 30 menneske var sysselsette. Kvar einaste veke gjekk ein fullasta trailer ut frå fabrikken på Svidalsneset, fortel Jorunn som var mykje med faren på fabrikken i oppveksten.

Utvida sortiment
Satsinga på Svidalsneset gjekk godt lenge, og John var snart i gang med nye planar som denne gongen handla om potetchips. Etter ei stund fann han ut at det var betre å satse på flatbrød. Han fekk tak i oppskrift tufta på eldgamle tradisjonar frå Jølster, og sette i gang med masseproduksjon av leivar som vart pakka i fargerike øskjer og sende utover landet.


Emballasjen til flatbrødet var både fargerikt og føreseggjort. Og som vi ser, målmannen John Svidal brukte nynorsk. Han var forresten med som skribent i dei første utgåvene av bladet «Jølst».

Men det stoppa ikkje der; John Svidal hadde heile tida nye tankar i hovudet om kva som kunne produserast, og med sin bakgrunn frå iskremproduksjon på Jæren, var det planar om isproduksjon også på Svidalsneset. Drops var også på tale. Dette med drops var forresten noko han prøvde seg litt på i den tida han var på «Blåbutikken», ifølgje ei kjelde vi har snakka med. Akkurat dette veit ikkje Jorunn noko om, og ifølgje det ho har fortalt så veit heller ikkje bror til John, Magne Svidal, noko om dette.

Kombinert med all industrisatsinga, rusta han også opp garden med dyrking og nybygg.

- Det skulle ikkje vere att ein einaste stein på bruket, sa han ein gong til Olav Støylen.

- Heime låg det alltid diverse elektrokomponentar strødde utover bordet og han hadde hovudet fullt av tankar og idear om korleis produksjonsutstyret kunne forbetrast. Han var ein kombinasjon av Petter Smart og Reodor Felgen, fortel Jorunn som også hugsa faren som ein som var oppteken av korleis dei unge hadde det, kva tankar dei hadde og kva dei ville. Det var også heile tida mykje ungdom som arbeidde i produksjonen, enten på fulltid, eller som sommarjobb.

- Han var raus og snill, av og til litt for snill. Han hadde nemleg ein tendens til å stole blindt på alle, inkludert forretningssamband, seier Jorunn som også kan fortelje om ein industrimann som konstruerte produksjonsutstyret sjølv, illustrerte mykje av logo og emballasjedekor sjølv, og som bygde pumpeanlegg for å hente vatn frå Jølstravatnet til produksjonen på Svidalsneset.

Frå suksess til ruin
Som vi har fortalt, gjekk det så det susa på 70-talet, men så tok pilene ei annan retning.

- To av dei største grossistane som tok mot varer frå Noria gjekk konkurs på same tid, og dermed gjekk uteståande fordringar i desse selskapa tapte. Det vart såleis ingen annan veg å gå enn til skifteretten, fortel Jorunn som hugsa dette som ei vond tid både for faren, mora og seg sjølv.

- Far tok det tungt, og det å gå frå full fart til stillstand, nærast over natta, tok på.

- Var han bitter?

- Ja, han var bitter på banken, sjølv om eg i ettertid ser at han kanskje kunne teke nokre grep og at ting kunne vore gjort annleis. Men det vart mange avissider å lese, også førstesider, og det var tungt for oss alle. For far var nok første året etter konkursen ei tung tid, men han var seig og kom seg opp att, seier Jorunn og legg til at mora også hadde ei viktig rolle i bedrifta.

- Ho var på mange måtar ein administrasjonssjef og han hadde aldri fått til det han gjorde, utan henne.


John Svidal teikna mykje av logo og emballasjedekoren sjølv. Dette med teikning var ein av mange gåver som John hadde.

Ny start
John Svidal let seg ikkje knekke av konkursen sjølv om både gard og grunn gjekk med. Etter kort tid starta han opp att med leskedrikkproduksjon i kjellaren på bustadhuset, i tillegg til fleire andre ting for å overleve.

- Han måtte ha noko å sysle med og gründerånda var på ingen måte knekt, fortel Jorunn som syner til produksjon av smijarnsbeslag i smia heime på garden og sagbruk med palleproduksjon.

- Han hadde veldig gode evner og skulle gått meir på skule, seier naboen og barndomsvenen Olav Støylen.

Og skule vart det etter at konkursen var eit faktum. Han tok examen philosophicum på åttitalet og starta juss-studiar. Han likte også veldig godt å skrive og melde seg inn i Sogn og Fjordane Skrivelag.

- Skrivelaget hadde av og til samlingar i huset heime. Då var det gjerne store middagar og stor stas, hugsar Jorunn.

Det vart med småskalaproduksjon etter konkursen og draumen om det store industrieventyret var nok knust. Men John var som sagt ein mangfaldig kar og noko av det siste han gjorde var å restaurere kvernhusmiljøet langs Svidalselva.

Korleis blir han hugsa?
John Svidal døydde i 2008, 75 år gammal. Dette var mannen som etablerte ei industribedrift som var stor for si tid, og som ville ha vore stor også etter dagens målestokk.

- Han var vel litt original, men han han hadde eit godt hovud og var ein som hadde god oversikt over alt som skjedde i verda. Han var interessert i det meste; las mykje litteratur og han sysla også med astrologi og han var veldig hjelpsam, fortel Olav Støylen som etter eige utsegn hadde mang ein god krangel med John, men som likevel såg naboen som ein god kompis.

Det blir også fortalt om norskstilar som nesten alltid vart opplesne, og om ein som var mykje engasjert i ungdomslaget og skreiv tekstar der.

- John Svidal var ein som ikkje likte å bli styrd, og han var ikkje alltid like begeistra over lover og reglar som kunne bremse skapartrongen hans. Eit eksempel på det var eit hyttefelt han hadde planar om, men som regelverket stoppa, fortel Olav som også hugsa naboen som ein god forteljar og som ein som også kunne dra ein trall på trekkspelet.

Olav hugsar også ein tur dei to karane i unge dagar hadde til Gloppestadstøylen i Gloppen for å besøke nokre budeier dei hadde møtt på dans i Breim.

- Etter å ha parkert bilen fann vi ut at det var stiar opp gjennom lia i fleire retningar, så vi måtte no berre gå på slump. Etter ei tid kom vi fram til ein støl og vart møtte av nokre lokale heltar som ikkje heilt likte å få besøk.

- Her ser det ut til at det er råd å få seg juling, sa John før dei kom så nær glopparane at dei kunne kommunisere. Dei innfødde prøvde å lure jølstringane til å tru at dei var komne på feil plass og peika i ein heilt annan retning for å forklare kvar Gloppestadstøylen var.

- Men så høyrde vi ei kjend kvinnestemme som ropa og vi skjøna at vi var komne på rett plass. Det vart ei kjekk helg med både rømmeask og spekekjøt, humrar Olav Støylen som har mange gode minne etter industripioneren.


Unge modellar på reklameoppdrag. Det er på slutten av 70-talet og vi ser f.v. Steinar Kvammen, Oddfrid Solheimsnes og Jorunn Svidal.

- Eg hugsar far min som sosial og omgjengeleg, ein mann som fekk lett kontakt med andre, fortel Jorunn som er utdanna innan økonomi og marknadsføring og som har fartstid innan leiing frå mellom anna hotellbransjen.

I fjor etablerte ho også eit firma for rekruttering og formidling av arbeidskraft i Bergen, men ny leskedrikkproduksjon i Jølster har ho ikkje planar om.

- Eg har oppskrifta på Snipp Snapp, men det blir nok ikkje nokon produksjon av meg. Den epoken er over, sluttar Jorunn som kjøpte ut gjelda på gardsbruket i Svidalen og tok over før faren døydde.

Snipp snapp snute, industrieventyret i Svidalen er ute.





Fekk du med deg saka om: «Riset – det vesle bruket med den sterke historia»