Eit brurefølgje går om bord i dei bryllaupspynta båtane som skal føre dei frå Instebakkenaustet på Solheim til vigsle på Nesholmen.

Solheim, den veglause grenda


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert i papirutgåva og som vi framleis trur har interesse. Denne saka vart først presentert i Ljøren 2008.


Veglaus og til tider isolert heilt fram til 1955.


Av Magnar Heimset

Det har funnest mange veglause bygdesamfunn på våre kantar heilt fram til moderne tid. Men få grendelag har vore så kommunikasjonsmessig isolerte som Solheim i Hyen. Ikkje hadde dei veg til omverda, og sidan gardane ligg langt oppe i eit dalføre, hadde dei heller ikkje sjøvegen å ta seg fram på.

Enno finst det dei som hugsar livet på Solheim i mellomkrigstida og åra under og like etter siste krig, og dei kan fortelje at det var lite forandring i dagleglivet fram til krigen var slutt. I det følgjande skal vi prøve å gje eit innblikk i kva utfordringar og problem dei hadde å stri med i kvardag og fest i det isolerte bygdesamfunnet.

Veg først i 1955


Riksvegen frå Straume til Heimseta vart bygt ferdig og overlevert hausten 1936, men det skulle gå mest 20 år før han vart vidareført heilt til Solheim. I den tida måtte oppsitjarane på dei 12-13 bruka på Solheim og Hjorteset framleis i båt når dei hadde trong for kontakt med omverda, og Storefjorden var då einaste farbare ”vegen” når noko skulle transporterast mellom Solheim og Heimseta. Om vintrane gjekk heller ikkje det alltid, for det kunne ligge utrygg is, såkalla meinis, på vatnet i lange periodar.


Brurefølgje på Solheim på veg til båtane som skal føre dei til vigsle på Nesholmen 11. juli 1953. Fremst går kjømeister Jakob Ommedal. Bak han går spelemann Jørgen O. Holme og far til brura, Erik Utheim. Brureparet er Svanhild og Alv Solheim.

Det seier seg sjølv at dette sette sitt preg på livet i grenda både i kvardag og fest, og det kunne vere kritisk mange gonger når noko stod på t.d. med sjukdom og barnefødslar. Det kunne òg vere vanskeleg og strabasiøst, og enkelte gonger umogeleg, å kome seg til kyrkje og vigsla jord når nokon var avlidne. Difor var gleda stor då vegen endeleg kom til Solheim. Det vart feira med stor vegfest i skulehuset 04. desember 1955 med mange innbodne gjester. På programmet stod sjølvskriven prolog, songar med meir, og ingeniør Vern spela fiolin. Det vart bore fram mange helsingar, og på menyen stod fårikål med dessert, kaffi og kaker.

Jordmorskyss


Heldigvis hadde dei telefonsamband med omverda også i den veglause tida. I Elvatunet hos Ane Solheim var det telefon, og den hadde linje til sentralen i Heimseta. Det var gjerne borna som gjekk med bod når nokon skulle hentast i telefonen. Det kom ofte vel med å ha telefon, og det kunne vere livsviktig i kritiske situasjonar som ved sjukdom og barnefødslar.

Næraste jordmor, Klara Holme, var stasjonert på Straume. Ho var jordmor i Hyen frå 1926 og til midt på 60-talet. Når ho hadde oppdrag på Solheim, måtte ho først fare over halvanna mil langs landevegen til Heimseta. Derifrå måtte ho, når Storefjorden var farande med båt, roast nesten ei mil på vatnet før ho kom til Solheim. I slike situasjonar måtte folk hjelpast åt, og grannekarane var gjerne oppmøtte i Heimseta med båt for å hente jordmora. Då byttest dei på å fossro den lange vegen til Solheim. Det var eit vanleg uttrykk på folkemunne når ein såg ein båt som vart rodd ekstra fort på vatnet; ”dei rør som om dei er i jordmorskyss”.

På køyrande is var hest og slede eit godt alternativ, men skeiser eller ski kunne og vere einaste moglege framkomstmiddel. Ved meinis var det å ta seg fram til fots i til dels kronglete terreng langs stranda. Det seier seg sjølv at det ofte kunne røyne på med å nå fram i tide, og det vert fortalt at jordmora gjerne starta med å hive av seg ytterkleda på vegen opp frå vatnet til heimen der den fødande låg. I vanskelege periodar eller tilfelle hende det at jordmora var på staden og venta på fødselen. Maria M. Solheim fungerte som hjelpejordmor, og det hende ho måtte gjere jobben utan at jordmora var til stades.

Sjukehus i Florø


Lækjar måtte ein enda lenger etter, heilt til Sandane om ein fór nordover. Solheim ligg nær grensa til Sunnfjord, og var det kritisk, så folk måtte på sjukehus, for ein sørover til Løkkebø og Eikefjord og vidare til Florø. Det var reine ”amerikareisa”, det er om lag fem mil langs vegen frå Solheim til Florø.

Då óg var det naudsynt at grannane hjelptest åt. Pasienten vart lagt i korg, ei fletta båre med berehandtak på sidene, framme og bak. Så var det å bere korga med den sjuke til vatnet og setje ho om bord i båt, ro til Vassenden og bere ho ned Sagekleiva til Krokstadvatnet. Der var det ny båtreise til Eidet der båten med korga vart dregen over til Løkkebøvatnet og rodd til Løkkebø. Derifrå var det veg vidare til Eikefjord og Florø.

Barnedåp


Å få borna til dåp var naturlegvis også ei utfordring. Det skulle helst ikkje gå for lang tid etter fødselen før barnet vart døypt. Då Olga Solheim (f. 04. desember 1912 i Jotunet i Emhjella) skulle døypast, var det mykje snø, og vegen i Vestredalen var mest uframkomeleg. Austredølingane var flinkare til å halde open veg vinterstid, og dåpsfølgjet valde å gå på ski over Rombergdalen til Mjellem der dei hadde slekt. Olga vart boren i ein slags sele. På Rombergvatnet var det blank stålis, og der brukte dei ein møkaslede som stod på Gamlestøylen til å frakte dåpsbarnet i. Ola Mjellem køyrde så dåpsfølgjet med hest og slede ned Austredalen til Kyrkja i Hyen.

Skulegang


Sidan skulekrinsen ligg så einbølt til, har det vore skule på Solheim heile den aktuelle perioden vi skriv om her. Fram til og med skuleåret 1927/28 var det samla skule. Etter den tid var det todelt skule i mange år. Det vart bygt skulehus på Solheim i 1911. Før den tid var det skule i ei leigd stove i grenda. Jakob ”Skule–Jakob” Ommedal var lærar i krinsen i mest 50 år frå 1917 til han gjekk av med pensjon på 60-talet.


Jakob «Skule–Jakob» Ommedal var lærar i Vestredalen frå 1917 til han gjekk av med pensjon på 60–talet. Her har han samla alle elevane sine i Heimseta i 1922.

Las for presten


Når elevane kom i konfirmasjonsalderen (14 år), måtte dei på Hyen og lese for presten i skulen der. Dette gjekk alltid føre seg i skuleferien om sommaren, og då var det å ro opp Storefjorden og gå eller sykle ned Vestredalen til Straume. Det var lang veg, og konfirmantane vart gjerne sette til å utføre ulike ærend når dei var ute og for likevel. Ein gong vart to solheimsgutar sette til å hente ei merr som var til bedekking hos ein hingst som då var plassert hos ein vert i Hope.

No trefte det slik at hingst–verten gifta seg og det var stort bondebryllaup i garden den helga. Dei to stakkarane som skulle hente merra var dugeleg brydde då dei kom i bryllaupsgarden med ærendet sitt. Men dei fekk då tak i brudgommen, og merra var bedekka, ho. Men brudgommen tykte det var i tidlegaste laget, så han meinte ho måtte ha eit sprang til. Det kunne dei naturlegvis ikkje setje i gong med midt oppe i alle bryllaupsgjestane, så løysinga vart at gutane vart bedne i bryllaup og fekk overnatte til neste dag. Det høyrer med til soga at brudgommen stod tidleg opp morgonen etter bryllaupsnatta og fekk merra bedekka slik at gutane kunne ta ho med seg til dals att.

Bryllaup


Store, tredagars bondebryllaup var vanleg i grannsemda på Solheim og. Dei gjekk vanlegvis føre seg om sommaren, gjerne ved jonsokleitet. Det starta bryllaupsaftan (oftast fredagskvelden) då langvegsfarande gjester og grannar samlast til kveldsmat i bryllaupsgarden. Så var det vigsle i skulehuset sjølve bryllaupsdagen. Etter at kapellet på Nesholmen vart bygt i 1949, gjekk vigsla føre seg der. Då var det brureferd på Storefjorden til og frå med storebåtar på rekkje og rad fulle av bryllaupsgjester. Etter at det kom båtar med motor, vart robåtane slepa i rekkje etter dei.


Brureferd på Storefjorden.

Etter vigsla var det middag i bryllaupsgarden med gjerne både tre og fire bordsete. Også i bryllaup hjelptest grannane åt med mat, kjørel og dekkety. Då vart servise og bestikk merka med respektive gardsnummer for at folk skulle få att det rette etterpå. Mjølk til dravle og gombe let grannane til, og det vart baka i alle kjøken føreåt. Det var både kaffimål og kveldsmat bryllaupsdagen. Dei mange gjestene vart innkvartert på gardane i heile grannsemda. Flatsengar vart mykje brukt, og nokre måtte til og med overnatte i høyet på låven. Krava til komfort var ikkje store ved slike høve, og folk kosa seg og hadde det kjekt i lag med vener, slekt og kjende. Andredagen var det frukost, middag og kaffi.

Gravferd


I 1906 kom det eigen gravplass i Emhjella for gardane rundt Storefjorden utanom Heimseta. Heimsetarane søkte i 1922 om å få bruke gravstaden i Emhjella, men i soknemøte i 1923 vart søknaden avslegen med 47 mot 17 røyster.

Også ved gravferder var det dugnad i grannelaget med mat og drikke og praktiske ting. Ein gjeng på tre karar hadde ansvar for å lage kiste og grave grav. Det var gjerne eit par unggutar saman med ein erfaren kar som visste korleis ting skulle gjerast i ein slik gjeng. Oppgåva gjekk på omgang mellom grannane. Grannar og langvegsfarande samlast også då til førstekveld i heimen til den avlidne.

Gravferdsdagen vart kista transportert over vatnet til gravstaden med båt. Var det køyrande is, nytta ein hest og slede. Det var sjeldan prest til stades ved gravferder. Det vanlege var at Jakob ”Skule-Jakob” Ommedal heldt gravferdsandakt. Sjølve jordfestinga kom presten og gjorde ved eit seinare høve. Etter gravferda var det middag og kaffi i heimen.

Usikker is


Usikker is på Storefjorden og vatna sørover har ridd oppsitjarane langs vatnet som ein mare ”alle” dagar. Avhengige som dei var av å bruke vatna som ferdslevegar i helg og kvardag, vart det nok av og til teke sjansar som kunne bli skjebnesvangre. Alternativet, å gå stranda, var tungvint og vanskeleg og heilt uråd med hest og doning. Det er fleire soger om folk og dyr som har gått gjennom isen, og nokre med svært tragisk utgang.

Andre juledag i 1937 omkom to personar, ein mann og ei ung jente, i Storefjorden. Det var som vanleg gudsteneste i Hyekyrkja den dagen med andredagsfest i skulehuset på Straume etterpå. Då var det mykje folk samla, og dei få bilane som då fanst i Hyen gjekk i skytteltrafikk for å bringe folk til og frå. Fire personar, Karl og Martin Solheim, Hanna og Johanna Eimhjellen, var mellom dei siste som kom med på heimvegen om kvelden, og det vart mørkt før dei kom seg heim.

Dei fire gjekk på skeiser nedover Storefjorden frå Heimseta, og i nærleiken av Hytteholmen ved Nesholmen, gjekk tre av dei gjennom isen ein stad der han var tært opp av straum og mildvêr. Den fjerde, Karl Solheim, greidde å berge opp att Hanna Eimhjellen, men dei andre to, Martin Solheim (f. 1882) og Johanna Eimhjellen (f. 1919) omkom. Det var ei svært tragisk ulukke som sette sitt sterke preg på grannelaget og alle som varast dei omkomne til.

Ny drukningsulukke


Vel 15 år seinare, 26.februar 1953, hende ei ny drukningsulukke på Storefjordisen. Den 26 år gamle Anders Vonheim, son til enkja Ida Solheim, dreiv i skogen på Vassenden. Han hogg tømmer som han skulle bruke til husreparasjon på garden heime. Ein kveld kom han ikkje att før det vart mørkt, og det vart sett i gong leiting. Leitemannskapa rende på skeiser ned til Vassenden og fann skogsreiskapen hans tydeleg sett frå seg for kvelden. Då skjøna dei at han hadde gjeve seg på heimveg, og dei fann skeisefara hans på isen utover mot ei open råk. Det hadde regna mykje, og isen hadde teke til å gå opp etter at Anders hadde fare der om morgonen.

Neste morgon drog dei ned att med båt på slede, og dei fann han drukna. Det seier seg sjølv at det var eit stort sjokk for særleg mor hans og dei næraste, men og for resten av det vesle grendesamfunnet.


Elvatuna på Solheim hadde vassag i Storelva der det vart skore materialar til eige bruk heilt fram til det kom kraftverk i grenda i 1945.

Kraftverk


Tidleg i 40–åra gjekk åtte bruk på Solheim saman om å byggje kraftverk for å produsere straum til eige bruk. I krigsåra var det rasjonering på det meste og vanskeleg å få tak i deler og det ein trong for å byggje. Men i 1945 kom kraftverket endeleg i gong og var i drift i ti år. Det kunne produsere 40–45 kW likestraum, så vidt nok til å dekkje behovet til eigarane. Det meste av arbeidet utanom maskineri og installasjon var gjort på dugnad. Kostnaden vart likevel 5.000–6.000 kroner på kvart bruk.

Det var og rasjonering på matvarer i krigsåra og like etter. På grunn av at ein kunne bli innestengde av meinis og– eller store snømengder, var det vinterlager av matmjøl på skulehuslemmen. Der var det organisert utdeling på rasjoneringskort utover vinteren og våren.

Saging og bygging


Etter utskifting i 1948 var det flytting av hus og mykje bygging på Solheim. Elvatuna hadde sag i Storelva der det vart skore materialar til eige bruk heilt fram til det kom kraftverk i grenda i 1945. Då vart det bygt ny sag som vart driven av kraftverksturbinen. Innanfor Bakkane, ved Inegarden, var det og ei gardssag. Sand til støyping fanst ikkje på Solheim, den måtte hentast på Emhjellestranda. Det gjekk gjerne føre seg på dugnad, og då brukte dei anten båt eller dei køyrde på isen om vinteren. Anna som trongst til bygginga, som armeringsjarn og sement, måtte dei hente på Hyen eller i Eikefjorden.

Saging for sal gjekk føre seg på saga ved Sageelva mellom Storefjorden og Krokstadvatnet. Opphavleg var det to sager. Brørne Matias M. og Johannes Solheim stelte i stand den eine og dreiv saging for sal. Dei skorne materialane vart lasta om bord i båtar og rodde over vatnet til Eidet. Det var grave ein kanal i elva mellom Krokstadvatnet og Løkkebøvatnet, og likeeins ein mellom Løkkebøvatnet og Endestadvatnet. Der var det farande med båt når vassføringa var høveleg. Men det kunne gå hardt føre seg, og det hende at båtane kvelva og skurlasta flaut utover heile vatnet.


Martin J. Ommedal viser kanalen i elva mellom Krokstadvatnet og Løkkebøvatnet der dei førte båtane med skurlast frå sagbruka i Sageelva.

I Vikane innanfor Solheim hadde smeden Mads Solheim og snikkaren Ola S. Solheim ei sag der dei saga tynnestav og laga tynner. Dei kjøpte tømmer på rot i Heimseta og fløytte det på vatnet til saga. Transporten av tynner gjekk sørover same vegen som skurlasta frå Sageelva. Tynnene var ”romfreke” og det var gjerne ikkje så mange dei fekk med seg om gongen. Men ein gong hadde dei lasta 40 tynner om bord i ein båt. Det gjekk ikkje likare enn at båten grunnstøytte i renna mellom Løkkebøvatnet og Endestadvatnet, tynnene ramla ut og låg og flaut som svaner på Endestadvatnet.

Martin M. Solheim på Høgstebakken hadde klesstampe i Storelva. Der kom kvinnfolka med vevane og kvitlane sine og fekk dei stampa med vasskraft.

Til Florø med slakt


Heimeslakting var vanleg også på Solheim i denne tida, men dei for og til Florø med levande dyr, særleg allmarkebeist (storfe) til slaktaren der. Dyra vart vekselvis drivne over land og ført i båt over vatna sørover til Løkkebø. Derifrå vart dei drivne vidare til Eikefjorden der dei vart ”innkvarterte” til neste dag. Om morgonen vart dei så heiste om bord i lastebåt og førte til Myklebust sitt slakteri i Florø der dei vart slakta og vegne med ein gong, og eigarane fekk pengane med seg heim att.

Sterk–Ola


Ola O. Solheim, han Ola i Inegarden (f. 1901), var kjend for å vere svært sterk. Det går fleire fortal om bragder han har gjort. Vi tek med ei sann soge fortalt av halvbroren Alv. Dei hadde vore på handletur i Eikefjorden, og fiskehandlar Anton Hovland var med dei opp vatna til Eidet mellom Løkkebøvatnet og Krokstadvatnet. Han hadde med ei heil tynne (120 liter) med spekesild som han skulle selje i Nordfjord.

Problemet var å få tynna over Eidet. Han tenkte han ville utfordre Ola og sa for spøk at om han bar tynna over Eidet, skulle han få heile tynna. Ola la tynna i eit børatog, fekk buksert ho opp på ei tuve og sette seg inn åt. Med børatoget over herdane, fekk han rugga seg på føter og vagga av garde med den ofselege børa. Det heldt på å gå gale då han steig ut i ei myr og heldt på å gå seg ned i. Men over Eidet kom han, og sild fekk han, men Alv meiner å hugse at han nok ikkje fekk heile tynna.

Ein annan gong hadde Ola med seg broren Albert og Martin Rønnekleiv og skulle bere sekkar opp Sagekleiva Frå Krokstadvatnet til Storefjorden. Ola tok 100 kg, Albert 75 og Martin 50. Halvvegs oppe fekk Martin problem. Då bad Ola han legge sin 50kg–sekk opp på hans 100, og så bar han 150 kg opp resten av kleiva.