Ole J. Nyhagen levde eit innhaldsrikt liv, og var ein kjend mann i Nordfjord.

Redaktør, bæreksportør, telefoninstallatør og kleppar


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka var første gong publisert i Firda Tidend 27. juni 2013. Nederst i saka er linkar til andre godbitar frå arkivet.





– Han er so velkjend millom folket her i Gloppen og elles i Nordfjord at vi berre stutt skal nemne hans biografiske data.



Slik innleia redaktør Anders Øvreseth i Firda Tidend omtalen av redaktørkollegaen Ole J. Nyhagen i helsingsordet i samband med Nyhagen sin 70-års dag i 1937.



Han var redaktør for bladet Nordfjord i over 30 år, installerte dei første telefonane i Gloppen, eksporterte blåbær og tyttebær til England og Tyskland, og i ein mannsalder var han roar og kleppar for dei engelske lakselordane i Gloppeelva. Det var ikkje utan grunn Ole Jensson Nyhagen – eller O. J. som han berre blei kalla – var ein person dei fleste i Gloppen og omegn visste kven var.

Bygde telefonlinjer


Ole J. Nyhagen blei fødd i Nyhagen under garden Evebø 29. desember 1867 som den yngste av fire søsken. Både mora Maria og bestemora Rakel f. Ladehaug var jordmødrer. Rakel reiste til Kristiania og tok jordmoreksamen i 1825. Ho var den første jordmora i Nordfjord med offentleg eksamen, og hadde i si tid heile fogderiet som embetsdistrikt.

Til liks med mora og mormora reiste også Ole J. til Kristiania i ung alder. Der gjekk han i lære hjå Elektrisk Bureau og kom heim som telefoninstallatør. Han arbeidde så ei tid i Telegrafverket og var med og bygde dei første telefonlinjene som batt Nordfjord saman med andre landsdelar.


Familien Nyhagen i 1915. Framme Ole J., kona Synneve og minstejenta Ragna. Bak f.v. Agnar, Kristen, Jens og Maria. Synneve døde seinare same år, på biletet er ho prega av å vere sjuk.

I 1890 kjøpte han hus i Sandane sentrum – like ved vegen til Breim. Eigedomen var først bygsla av bakaren og konditoren Andreas Olson Nordal frå Nordalsfjorden. I kjellaren bygde Nordal den første bakaromnen på Sandane og etablerte bakeri og «Udsalg af Kaffe, samt Spise-Forretning og Logi for Reisende». Nordal måtte etter kvart gå frå hus og heim, og Ole J. Nyhagen kjøpte eigedomen på tvangsauksjon. I papira heiter eigedomen Nygård, men i alle år er plassen blitt omtala som Nyhagen – til liks med Ole J. sin barndomsheim.

I 1896 gifte han seg med Synneve Kristendatter Moen, f. 1869. I 1898 vart eldstejenta Maria fødd. Deretter følgde på rad og rekkje Jens i 1901, Kristen i 1903, Agnar i 1905 og Ragna i 1910. Synneve vart sjuk og gjekk bort i 1915. Mykje ansvar i heimen fall då på Maria som var blitt 17 år. Ole J. gifte seg ikkje på nytt.

Redaktør


I 1897 blei O. J. Nyhagen forretningsførar for avisa Nordfjord. Dette blei starten på eit «ekteskap» som skulle vare til Nordfjord vart stogga av nazistyresmaktene i 1942.

Nordfjord såg dagens lys 27. juni 1896, og kom ut regelmessig i 46 år – dei første åra med eitt nummer i veka, frå 1907 kvar tysdag og fredag. Avisa var eit organ for partiet Høgre, noko som synte godt att – særleg dei første åra. Etter kvart gjekk ho meir over til å vere ei lokalavis slik vi kjenner lokalaviser i dag.


Dette biletet er teke i avisa Nordfjord sitt trykkeri eit av dei første åra etter starten i 1896. Trykkeriet heldt på den tid til i kjellaren hjå fotograf Lyslo. Elektrisiteten var ikkje komen til Sandane, så pressa måtte sveivast for hand. Personane er frå venstre: Nils Holvik, læregut frå Sandane, boktrykkar Hans Thorsen frå Bergen, som var ansvarleg utgjevar av avisa ei tid, Rasmus K. Fjellestad, læregut frå Sandane og boktrykkar Tallaksen frå Stavanger.

Etter 15 år med hyppige skifte i redaktørstolen, vart O. J. Nyhagen redaktør i 1911. Avisa heldt då til i kjellaren hjå fotograf Lyslo. Der hadde ein eige trykkeri, men pressa måtte sveivast for hand, noko som var tungvint. Tilflytte arbeidde i trykkeriet dei første åra, men etter at Ole J. vart redaktør, vart verksemda gradvis ei familiebedrift. Sønene Jens, Kristen og Agnar tok nemleg til som typografar etter kvart som dei blei konfirmerte. Jens reiste ut i 20-års alderen, dei to andre sette og trykte avisa så lenge ho kom ut. Etter at avisproduksjonen vart flytta til kjellaren i det kombinerte forretnings- og bustadhuset som Ole J. bygde i Nyhagen kring 1921, var det familiemedlemer som stod for heile drifta – frå det «journalistiske» arbeidet, via setjing og trykking til påskriving og utsending av bladet.


Ole J. Nyhagen var redaktør for avisa Nordfjord i 31 år. Dette er pressekortet hans frå 1936.

Tronge tider


Det var slett inga spøk å drive avis for eit hundreår sidan. Sjølv om papiravisa var utan konkurranse frå fjernsyn, internett, sosiale media og andre lett tilgjengelege informasjonskjelder, var det lite pengar mellom folk og noko god butikk blei drifta av Nordfjord aldri. Enkelt å få inn uteståande bladpengar var det slett ikkje.

Ein heil del av Nordfjord sin postkorrespondanse med annonsørar, tingarar og kreditorar er teken vare på. Her finn ein fleire døme på at når uteståande bladpengar vart purra opp – kanskje etter fleire år – kunne svaret vere at vedkomande aldri hadde tinga avisa, hadde sagt henne opp for fleire år sidan eller ikkje såg seg syne med å betale, trass i at vedkomande hadde motteke avisa i heile perioden det blei kravd bladpengar for.

Eit godt døme på korleis tilstanden var, er dette brevet som var sendt til Nordfjord sin ekspedisjon i 1903:

«Da jeg har faaet krav efter et beløb, som kontingent for bladet Nordfjord, saa maa jeg herigjennem underrette dem om at jeg desværre ikke ser mig i stand til at indfrie beløbet. Jeg er en mand i ganske smaa forfatning og har en stor familje at forsørge saa mit udkomme er ganske smaat, og jeg maa saaledes bede dem tillidsfuld om tilgivelse af kravet. Jeg skal tillige gjøre dem opmerksom paa at jeg sendte opsigelse paa bladet i 1897, da jeg ikke saa mig udkomme for at klare kontingenten. Jeg kan saaledes ikke vente at erholde bladet længere, endskjønt jeg havde lyst at holde det, da jeg nu erfarer at de ikke har kjendt til min stilling, som jeg næsten troede, og vilde sende mig det gratis. Jeg maa hermed venlig bede dem om undskyldning.»

Nedst på brevet har forretningsføraren enkelt og greitt ført på med blyant: «Bladet stanses».


Å vere forretningsførar og redaktør for ei avis for eit hundreår sidan var ikkje så enkelt. Stundom kom purringar på bladpengane tilbake med melding om at avisa aldri var tinga eller sagt opp – sjølv om vedkomande hadde fått avisa tilsendt i årevis. Denne rekninga frå oktober 1903 blei returnert med teksten «Bladet er opsagt 18/1 1897».

Halv pris


Yngste son til Ole J. Nyhagen, Agnar (1905-2003), fortalde som 96-åring i 2001 litt om kvardagen i familieverksemda:

– Eg tok til i avisa då eg blei konfirmert i 1919. Etter at vi flytte til Nyhagen, fekk vi motor på pressa, det hadde vi ikkje før. Vi trykte eine halva av avisa éin dag, hi halva dagen etter. Handfalsinga gjorde vi sjølve, og etterpå måtte namna på tingarane skrivast på. Det var det gjerne jentene som gjorde, mintest han.

I 1924 fekk Nordfjord ein konkurrent på Sandane i det Bondepartiet skipa Firda Tidend. Sjølv om talet tingarar ikkje gjekk særleg ned, førte den nye konkurrenten til at annonseinntekter Nordfjord tidlegare hadde vore åleine om, måtte delast på to:

– Då vart det endå tyngre å drive avis. Det offentlege ville gjerne ha annonsane sine i to aviser, men hadde ikkje råd til å betale full pris. Ville begge avisene ha annonsane, måtte prisen halverast, fortalde Agnar.


Nyhagen kring 1925. Huset til venstre blei bygd av Andreas Nordal, truleg i 1881. Ole J. Nyhagen kjøpte eigedomen i 1890. Huset til høgre blei bygd kring 1921, og hadde Nordfjord sitt trykkeri i kjellaren. Gunnar Blålid hadde skomakarverkstad i første høgda til fram i 1930-åra.

Okkupasjonsår


Den tyske okkupasjonen av Noreg 9. april 1940 skulle vise seg å bli starten på slutten for avisa Nordfjord. Den første tida gjekk det etter måten greitt å halde seg til dei tyske okkupantane. Når ein bladar gjennom 1940-årgangen av Nordfjord ser ein at avisa umiddelbart gjekk ned frå fire til to sider for å bu seg på papirrasjoneringa som måtte kome. Dette fekk positive følgjer for økonomien, kostnadene til papir og porto gjekk ned, men dei negative sidene var mange fleire.

Okkupasjonsmakta ville ha full kontroll over den norske pressa, og mengda tilsende krigskommuniké og rein nazipropaganda vart større og større. Redaktøren i Nordfjord freista i det lengste å unngå å setje det tilsende materialet på trykk. Allereie i august 1940 ser vi av eit brev frå «Der Reichskommisar für den besetzten Norwegischen Gebiete» at Nordfjord «überhaupt nicht bringen» dei tilsende tyske og italienske krigsmeldingane.

Men dette var berre starten på eit vanskeleg tilhøve til okkupantane. Avisredaksjonane på Vestlandet skulle etter kvart halde seg til pressesjefen i Statens pressekontor i Bergen, Hordaland og Sogn og Fjordane, fru Schnitler. Korrespondansen frå henne ber tydeleg preg av at redaktøren av Nordfjord – med god hjelp av typografsønene med same haldning som faren – trenerte dei utsende oppmodingane om at «Vedlagte notiser bedes inntatt snarest» og «Vedlagte artikkel må efter ordre fra Pressedirektoratet tas inn i første nummer».

Nordfjord vart stogga


I samband med innsetjinga av Vidkun Quisling som ministerpresident 1. februar 1942, den såkalla Statsakten på Akershus festning, sende nazistyresmaktene ut ei lenger avhandling som skulle inn i alle norske aviser.

– Det var eit langt stykke, og eg kvei meg på å setje det. Det blei liggande, og vi fekk purring. Det blei liggande over ein gong til, men då kom far og sa at vi måtte ta det inn, eller så måtte avisa stogge, fortalde Agnar 60 år etter.

Løysinga han brukte for å unngå å setje heile stykket, torde han ikkje å fortelje til nokon:

– Eg sette starten av stykket i éi avis og avslutta med å skrive framhald i neste nummer. Så sløyfa eg ein heil del og tok inn slutten i neste avis. Det gjekk heilt fint. Det var ikkje nokon som merka noko, sjølv om mindre enn halvparten kom på trykk i avisa vår. Det fryda meg, men eg tok ein stor risiko ved å gjere det slik.


Tilhøvet mellom redaktøren av Nordfjord og den tyske pressesjefen på Vestlandet, fru Schnitler, var ikkje det beste. O. J. Nyhagen venta i det lengste med å setje tyske krigsmeldingar og nazipropaganda på trykk, og purringane frå Bergen kom stadig oftare og i ein kvassare tone. Her blir O. J. invitert til personleg konferanse hjå pressesjefen vel eit år før avisa vart stogga.

Men i august 1942 tok 46 års avishistorie slutt. Fru Schnitler kom til Sandane og kalla både redaktør Nyhagen i Nordfjord og redaktør Øvreseth i Firda Tidend inn til møte på Hotel Gloppen. Vilkåra var klare: Skulle Nordfjord halde fram, måtte ho gå over til den nye tid. Det ville ikkje O. J. Nyhagen vere med på, men han spurde pressesjefen om å få halde det gåande til ein balle nyinnkjøpt papir var brukt opp. Det godtok ikkje fru Schnitler, og 28. august 1942 kom den siste utgåva av Nordfjord ut.

Men om okkupantane sette ein stoggar for familieverksemda, kan ein på mange måtar seie at redaktøren tok siste stikk. På trykk i den aller siste utgåva stod nemleg første vers av nasjonalsongen «Ja, vi elsker». Overraskande nok kom det ingen reaksjonar frå pressesjefen, men ho rekna nok med at det var det siste ho høyrde frå den gjenstridige redaktøren på Sandane og lét det gå.

Firda Tidend fekk løyve til å halde fram under heile krigen, Nordfjord kom aldri i gang att.

Telefonmontør


Sjølv om ein vesentleg del av livshistoria til Ole J. Nyhagen er knytt til avisa Nordfjord, skaffa han seg innkome til sitt og familien sitt opphald også på andre måtar.

Som nemnt reiste han tidleg til Kristiania og arbeidde ei tid i Telegrafverket. Også etter at oppgåvene i avisa vart fleire, reiste han rundt og reparerte telefonar kring i Gloppen. Agnar hugsa at faren mange gongar vart bodsend for å få skikk på telefonar som var i ustand.

Denne teksten frå eit brev sendt frå J. Hyenes på Hestenesøyra i juni 1907 skildrar på ein god måte korleis ein reparasjonstur kunne gå føre seg:

«Da telefonen for Tiden er i ugreie af og til bedes Du om at komme hær ud i morgon med Dambskibet og se paa Aperatet hær hvad der skal gjøres med det saa skal vi skjydse Dig ind til Ryg. Du bedes ogsaa om viss Du anser det nødvendig og tjenlig at sende det Aperat som hører til Sandene som ikke er i bruk til Bergen i Morgen til en som du kjender som kan udføre saadant.»


Annonse i Nordfjord 1906.

Blåbæreksport


Ein annan geskjeft Ole J. Nyhagen dreiv med i mange år, var eksport av bær til England og Tyskland. Han var mest truleg den første i Gloppen som tok til med dette kring år 1900.

Særleg blåbær eksporterte Ole J. relativt store mengder av i den tids målestokk. Bæra vart sende til England, der dei for det meste vart tørka og selde til apotek. Blåbær er godt for synet, og det var i første rekkje gruvearbeidarane som hadde trong for medisinen frå bæra.

Eksportøren i Nyhagen fekk levert bær frå bønder i indre Gloppen. I Nyhagen vart bæra vege og pakka om i korger med plass til mellom 2,5 og tre kg. Oppå bæra vart det lagt einestabbe, før loket av stivt papir vart sydd på. På loket var namnet og adressa til mottakaren trykt.


Store delar av blåbæreksporten gjekk til Newcastle. Blåbær var ei ettertrakta vare til medisinar på den andre sida av Nordsjøen, noko denne førespurnaden om å levere bær tydeleg viser.

Agnar Nyhagen hugsa godt at han som smågut hjelpte faren i arbeidet med blåbæra før dei vart sende med båten til Bergen og så vidare til England. Dette fortalde han om fleire gongar i eldre år:

– Bæra måtte vere reinska og fine og så tørre som mogleg. Ein heil del av bæra som vi tok imot var sikkert plukka med hand og ikkje med plukkar. Bøndene kom gåande med bæra i bytter og spann, gjerne heilt frå Vassenden, Ryssdalsneset og Kjørvika. Vi pakka dei i avlange korger som hadde hank og ei list øvst for å halde korga saman. Vi fylte bær opp til lista, dekka over med blad av einestabbe og la loket på. Dette sydde vi fast med lange nåler. Vi sende gjerne eit par hundre korger i eit lass.

Stundom tente nok Ole J. Nyhagen og dei andre som etter kvart prøvde seg på eksport av bær gode pengar, men i periodar var prisane i England dårlege og det kunne kome telegram med ”stop shipping”.

Stort sett gjekk transporten knirkefritt, men éi av bærlastene O. J. sende, nådde aldri fram til mottakaren i England.

– Far hadde sendt bær av garde, sikkert 150-200 korger, men desse kom ikkje lenger enn til Bergen. Dette var akkurat då Den første verdskrigen braut ut, og ”Leda”, båten som skulle gå til England med bæra, vart kalla tilbake. Dermed vart bæra lossa. Far fekk melding om dette, men kunne ikkje gjere stort med det. Bæra vart styrta på sjøen. Det tapte han nok ganske mykje på, fortalde Agnar i 2001.


Denne «Forhandlingsregning» frå Alf. Spring & Comp. Ltd. i Hull syner oppgjer til Ole J. Nyhagen for 23 korger blåbær og fire korger ripsbær. Oppstillinga er datert 21. august 1905.

Tyttebær til Tyskland


Men Ole J. Nyhagen eksporterte meir enn berre blåbær. Annonsar i lokalavisa viser at han kjøpte heggebær og tyttebær, og avrekningar frå mottakaren i England viser at også hagebær vart sendt over Nordsjøen. Tyttebæra vart sende til Tyskland i store, flate kasser. Ei rekning frå Ottesens Vedhuggeri & Kulforretning i Bergen viser at desse kassene hadde måla 115 x 57 x 15 centimeter.

Ole J. Nyhagen måtte også kjøpe korger til blåbæreksporten, men desse vart laga her i bygda, på vinterstid av bønder og andre som dermed fekk ei lita ekstrainntekt.

Kva som gjorde at O. J. tok til med bæreksport og korleis han kom i kontakt med oppkjøparane, kan ikkje seiast sikkert, men kanskje hadde dette samanheng med at han var kleppar for dei engelske laksefiskarane som var her om somrane. Ei anna forklaring kan vere at engelske og tyske oppkjøparar var klar over at det var mykje og gode bær i Nordfjord, og at dei vende seg til ekspedisjonane til Fylkesbaatane og på den måten fekk tak i namn og adresser dei kunne kontakte.

Av naturlege årsaker stogga bæreksporten opp under Den første verdskrigen. Etter krigen tok eksporten seg opp att, men truleg utan at Ole J. Nyhagen var involvert. Etter det Agnar fortalde, hadde faren ikkje lenger høve til å drive med dette, han hadde plikter å skjøtte som redaktør for Nordfjord og som kleppar i Gloppeelva.


Annonse i Nordfjord 1907.

Klepparen O. J. Nyhagen


Namnet Nyhagen er for mange glopparar framleis synonymt med laksefiske i Gloppeelva. Gjennom eit heilt hundreår var Ole J. Nyhagen, broren Jon og seinare Ole sine søner Kristen og Agnar klepparar i elva.

På slutten av 1800-talet oppdaga engelskmenn dei lakserike elvane på Vestlandet. Snart gjorde dei såkalla lakselordane sitt inntog også i Gloppen. Dei fekk med seg lokale kjentmenn som roarar og klepparar. Mellom dei første som tok til med dette her i bygda, var brørne Nyhagen. Heilt fram til Den andre verdskrigen braut ut i 1940, var Ole J. og Jon med i elva.

Tallause er bileta som viser ein av dei to – eller begge – saman med stolte fiskarar etter at fangsten er komen trygt på land.

På den tid var utstyret svakare enn i dag, medan fiskane jamt over var større. Dette gjorde at kampen mellom laksefiskar og laks ofte blei lang og hard. Ikkje sjeldan gjekk laksar som beit på nedanfor Evebøfossen, vidare ned i fjorden. Då var det berre éin ting å gjere: Følgje etter som best ein kunne.

Dette skjedde ein gong Ole J. Nyhagen fiska med ein engelskmann. Laksen var stor og ville ikkje gje seg. Ikkje før båten med fiskar og kleppar var komen så langt til fjords at dei var på høgde med Gimmestadkyrkja, var kampen over. Snøret sleit. I ettertid trega Ole J. mykje på at han ikkje bad ein notbåt som låg like i nærleiken om å slå nota kring fisken. Ein engelskmann som hadde råd til å reise på laksefiske i Noreg, hadde saktens hatt råd til å betale mannskapet på båten det dei skulle ha for å redde storfangsten hans.


Ole J. Nyhagen var kleppar i Gloppeelva frå på slutten av 1800-talet og fram til 1939. Til venstre står Torleiv Straume som tok denne laksen 30. september 1932. Laksen var heile 1,30 meter lang, men sidan det var seint på hausten vog han ”berre” 20,5 kg.


Brørne Jon (t.v.) og Ole J. Nyhagen fotograferte ved Eidsfossen. Dette er eit typisk bilete av klepparar frå 1930-åra: Jutesekkar for fisk, lange kleppar og utan støvlar.

Fjordfiskar og frisør


Som så mange andre frå indre og midtre Nordfjord var Ole J. Nyhagen i fleire år med på vinterfisket på kysten. Fisken som blei teken med heim var eit kjærkome tillegg til anna kost. Det var også fangsten frå fjordfiske på Gloppefjorden. På Ole J. si tid var det heilt vanleg å ta seg ein tur på fjorden om føremiddagen for å sikre dagens middag, og redaktøren i Nyhagen var rekna som ein godt over gjennomsnittleg dyktig fiskar. Han var aktiv både med garn, snøre og line, og dorga mykje etter makrell om hausten.

Ein annan hobby som gav nokre ekstra slantar i pungen, var klipping. Dette var før det kom utdanna frisørar til Sandane, og mange sandensarar, både born og vaksne, drog til Nyhagen for ein klipp. Gutane i Holvika var mellom dei som klipte seg fast hjå Ole Jensson. Det same var Steffen Eikenæs, men han var fødd ein generasjon seinare. Ein gong kom Ola Holvik (f. 1882) og Steffen Eikenæs (f. 1922) i prat om barndomen på Sandane.

Holvik fortalde då: – Då eg var ung, klipte vi oss hos Ole Nyhagen. Det kosta fem øre.

Eikenæs kvitterte med: – Då eg var ung, klipte vi oss også hos Ole Nyhagen. Det kosta 25 øre.

Ein anekdote stammar frå ein gong Ole J. var i gang med å stusse håret til ein kunde:

– Er det noe å pynte på den der, spurde tannlege og utflytt bergensar Paul Fromholtz då han stakk innom for å helse på den klippande redaktøren.

– Nei, du kan så si, svara det kjapt frå stolen. Der sat glasmeisteren Didrik Andersen som også kom frå Bergen.

– Sløkk når de går


Ole J. Nyhagen levde eit rikt liv. Som redaktør, telefonmontør, bæreksportør og kleppar fekk han oppleve mykje, og han var ein respektert mann i Nordfjord. Dei mange verkeområda gjenspeglar også den tids samfunn. Han levde i ei tid då tettstaden Sandane voks fram, og då nye yrkesnemningar som låg utanfor eller på sida av jordbruket kom til. I den samanhengen kan det nemnast at han i folketeljinga i 1900 blei oppført med tittelen «elektriker». Han var også konsulent for forsikringsselskapa Norge og Hygea.

O. J. la ned eit stort arbeid for Sogn og Fjordane Bladeigarlag og vart heidersmedlem i laget. I helsingsordet i Firda Tidend i samband med O. J. sin 70-årsdag, slår redaktør Anders Øvreseth fast at «hans lange røynsle som bladmann, hans personlege lune og strålande humør har vore sett pris på av alle hans kollegar.»

Stor pris på Ole J. Nyhagen sette også venene hans. I alle år var stova i Nyhagen fast samlingsplass for ein gjeng innbarka sandensarar. Om kveldane møttest mellom andre O. J., hotelleigar Joachim Sivertsen, tannlege Paul Fromholtz, skomakar Rasmus Aardal og kjøpmann Gunnar Skarstein til venskapeleg kortspel. Oftast var det lasserakkar eller tiar, også kalla bondebridge, det gjekk i. Det kunne bli seint på kveld før kortspelet var avslutta, og ikkje alltid heldt husverten ut heilt til slutt. På den tida var det ikkje så viktig å låse ytterdøra – sjølv ikkje midt i Sandane sentrum – så meldinga frå O. J. til dei andre før han gjekk til sengs var enkel og grei:

– De får sløkke når de går.

Ole Jensson Nyhagen gjekk bort 12. mars 1946, 78 år gamal.


Annonse i Nordfjord 1904.




- - - -





Les også andre saker frå arkivet
Engelske Cora tok bussen til Skei – og blei verande der.
Hotellet på Egge – eit viktig knutepunkt.
Dobbel trillinglukke på Vereide.

Dagen då draumar gjekk i oppfylling – Ei fiskehistorie.
Solheim, den veglause grenda.
Då Skorahammeren ramla ned.

Fjellet, mytane og hendingane.
– Eg er glad du er i live.
Eit spesielt hundreårsminne.

Skora – husmannsplassen like ved Sandane sentrum
Riset – det vesle bruket med den sterke historia
Øyna – den siste grøne sentrumslunga.

Personomtalar:

Ragnar Sande: Ein gentleman med glimt i auget.
Lars Kjøsnes: Bygde veg langs Kjøsnesfjorden for 42 øre timen
Tollef Sandal: Jølstringen som fotodokumenterte heimbygda på 1900-talet.

Ola J. Nyhagen: Redaktør, bæreksportør, telefoninstallatør og kleppar.
Rune Kjørvik: Har vore handballtrenar i ein mannsalder.
Jakob Neumann Hammer: Bispeslektning og hotelleventyrar.

Hugo Mowinckel: Verdsmannen på Holvikgård.
Randi Kristensen: Blei tvangsevakuerte frå Finnmark – fann hjarterom og husly i Bukta.
Per Hoel: Rømde frå tysk tukthusstraff – enda i alliert konvoifart.

John N. Svidal: Tusenkunstnaren