– Det er utruleg at det gjekk så godt som det gjorde, seier Trygve Andenæs (t.v.) til Jørn Inge Nedrebø. Det vart eit emosjonelt møte då livreddaren møtte han som vart dregen tilbake til livet.

– Eg er glad du er i live

– Du hadde begge beina i grava. Vi kjempa og kjempa og trudde vi skulle miste deg, seier Trygve Andenæs til Jørn Inge Nedrebø.

Torsdag 12. mars var livet til Jørn Inge Nedrebø i ferd med å få ein brå og altfor tidleg slutt. Han vart funnen livlaus, utan puls og pust, halvveges inne i ei av produksjonsmaskinene hjå Strukturplast på Sandane. Snarrådig innsats frå kollega og nabo Trygve Andenæs berga livet til 36-åringen frå Vereide. I helga møttest den forulukka og redningsmannen att. Det blei eit sterkt møte.

Emosjonelt

– Eg er glad du er i live, seier Trygve til Jørn Inge, tek rundt han og gjev han ein god klem.



I augekroken sprett nokre tårer. Det er uunngåeleg.

Det er laurdag ettermiddag og Jørn Inge har for første gong etter ulukka fått permisjon frå sentralsjukehuset i Førde. Permisjonen nyttar han til ein snartur heim til Gloppen. Storesyster Marit Solveig Nedrebø er sjåfør. Problem med hender som ikkje vil lystre, gjer at han ikkje kan køyre bil og må belage seg på sjukehusopphald og opptrening i tida som kjem.

Det er gått to og ei halv veke sidan arbeidsulukka som nær kosta han livet. På parkeringsplassen utanfor Strukturplast sin fabrikk i Eidsmona møter han att Trygve Andenæs for første gong. Det var Trygve som fann kollegaen livlaus og ille medfaren. Det stod om livet, men enda utruleg nok godt.

– Du kan takke dei korte skruane for at du er i live i dag, seier Trygve etter å ha tørka vekk tårene.

– Såg berre beina hans

Vi skrur tida tilbake til den skjebnesvangre torsdagen. Jørn Inge er som vanleg i arbeid ved formhaldaren der han lagar deksel til maskiner som oppdrettsnæringa nyttar til avlusing av laks.

Trygve Andenæs har arbeidsstaden sin litt lenger borte i lokalet. Han treng nokre skruar til det han held på med, og må gå forbi Jørn Inge for å kome til skruehylla.

– Eg snakka med han i det eg gjekk forbi. Då eg kom tilbake til arbeidsplassen min, synte det seg at skruane eg hadde henta var for korte. Etter å ha arbeidd litt, gjekk eg tilbake for å hente lengre skruar. Då såg eg berre beina hans, resten av kroppen låg i klem inne i maskina. Malvin Fuglestrand kom forbi samtidig. Han trykte på hendelen som opna forma, og eg drog Jørn kjapt ut, fortel Trygve.

Lilla i ansiktet

Den livlause kroppen var slett ikkje noko vakkert syn.

– Han var heilt lilla i ansiktet, blødde naseblod og det kom blod ut gjennom øyret.

Trygve konstaterte kjapt at kollegaen verken hadde pust eller puls. Det var berre éin ting å gjere: Setje i gang med hjarte-lunge-redning.

– Dei første minutta gjekk veldig seint. Vi bles og pumpa, bles og pumpa, men fekk ikkje respons. Fleire gonger tenkte eg: No mister vi han, no mister vi han.

Kor lenge Trygve og kollegaene som kom til, heldt på med hjarte-lunge-redning, veit dei ikkje. Tida står stille slike tider. Men dei gav seg ikkje.

– Liv eller død

– Plutseleg kom pulsen. Pusten sleit vi meir med å få i gang att. Jørn var samantrykt, så det var tungt å få luft i han. Han hosta litt og datt vekk, vi heldt fram med innblåsingane. Etter nokre minutt tok han til å puste, og smått om senn endra fargen i ansiktet seg. Då skjønte vi at han var berga. Det var litt av eit adrenalinkick. Det var stort. Eg kjem til å hugse det så lenge eg lever, fortel Trygve.

Etter at Jørn Inge Nedrebø pusta sjølv, vart han lagd i stabilt sideleie til ambulanse og luftambulanse kom til staden etter kort tid.

Det vart henta ein hjartestartar frå Frydenbø Bilsenter vegg i vegg med Strukturplast, men hjartet hadde akkurat teke til å slå att då denne kom på plass.

– Det var anten liv eller død. Hadde ikkje vi kome i gang med hjarte-lunge-redning så fort, hadde han vore vekke no. Det seier seg sjølv. Det stod om sekund, konstaterer Trygve Andenæs.





Belastande døgn

Men om livet såg ut til å vere berga, var det uvisst kor omfattande dei indre skadane var. Hjernen er avhengig av oksygentilførsle. Nokre få minutt utan kan få dramatiske konsekvensar.

Jørn Inge vart flogen med luftambulanse til Haukeland sjukehus. Der vart han lagd i kunstig koma fram til neste dag. Tilstanden var stabil, men uvissa og frykta for at hjernen skulle vere skada, gjorde det neste døgnet svært belastande for familie og arbeidskollegaer.

Fredag ettermiddag vart han vekt opp.

– Då han vakna, visste han kven han var, kvar han kom frå og at han skulle i barnedåp søndagen etter, smiler Marit Solveig Nedrebø.

Dei hadde fått stadfestinga dei så inderleg gjerne ville ha, men frykta dei ikkje ville få: Hjernen såg ut til å ha kome seg gjennom ulukka utan skader.

– Hendeleg uhell

– Eg har eit brot i skuldra, og nervar og musklar har vore i klem, så armane fungerer ikkje skikkeleg. Men alle funksjonane er der, eg har kjensle alle stader. Signala er svake og må byggjast opp att, men prognosane er veldig gode for at eg skal bli like fin, seier Jørn Inge.



Dei komande vekene skal han tilbringe på sentralsjukehuset i Førde. Kor lenge han blir verande der, er ikkje klart.

– Det er vanskeleg å vite kor lang tid opptreninga tar. Eg trenar med fysioterapeut og ergoterapeut. Det går framover kvar dag, så får vi sjå, seier han.

Sjølv om berre tilfelle og marginar gjer at han er i live og ser ut til å ha kome frå den alvorlege arbeidsulukka utan varige mein, er han ikkje blitt redd:

– Slikt kan hende, det er ikkje alt vi kan styre. Dette var eit hendeleg uhell. Skal ein gå rundt og vere redd for at noko skal skje, får ein eit veldig dårleg liv.

– Plagar meg ikkje

Jørn Inge Nedrebø har arbeidd ved Strukturplast sidan nyttår. Også tidlegare har han vore i arbeid i verksemda. Han vil gjerne tilbake.

– Har dei bruk for meg, stiller eg opp. Eg veit med meg sjølv at eg ikkje har gjort noko gale, så det plagar meg ikkje, seier han.

Uansett må han bu seg på ein lenger sjukmeldingsperiode. Det første målet han har sett seg, er å kunne delta på teatermusikalen ”Elskhug og eksis” på Nordfjordeid i juni.

– Eg har vore med på alle dei fem tidlegare framsyningane og har lyst til å vere med i år òg. Det er målet mitt, seier hobbyskodespelaren.

Påske på Andenes

Men aller først står påska for døra. Dei raude dagane skal tilbringast heime på Andenes.

– Då skjer det ikkje så mykje på sjukehuset likevel, så eg kan vere heime. Armane gjer at eg har nokre praktiske utfordringar knytte til toalettbesøk, påkleding og slike ting, men med litt hjelp skal det gå bra, smiler Jørn Inge Nedrebø.

Han har fått livet i gåve etter bokstaveleg tala å ha blitt dregen ut av dødsriket. Då blir praktiske utfordringar i kvardagen for bagatellar å rekne.

Og knapt nok det.

– Det er spesielt å møte han att, seier Trygve og gjev Jørn Inge ein god klem.
Kroppen er framleis prega av ulukka, støtte må til for å avhjelpe situasjonen.
Dette er formene Jørn Inge Nedrebø kom i klem mellom.
– Eg har på ein eller annan måte kome i klem då formene stod i denne maskina, seier Jørn Inge.