Jølster Rafting ønskjer å satse vidare frå basen sin på Solrenning Camping på Vassenden, og vil no at kommunen startar arbeidet med regulering av området. (Arkivfoto)

Rune har vore handballtrenar i ein mannsalder

Idrettslagsrørsla i Gloppen er, og har alltid vore, tufta på frivillig arbeid. Ein av dei som verkeleg har lagt ned ein ikkje ubetydeleg innsats for idrettslaget sitt, er Rune Kjørvik. I meir enn 40 år har han vore aktivt engasjert i STIL. Dei fleste av desse åra som handballtrenar, men også andre idrettar i laget har nytt godt av eldsjela frå Kjørvika.
– Etter at eg var ferdig med folkeskulen og to år på framhaldsskule, vart eg send til Sogndal for å gå på idrettslinja på Helgheim Folkehøgskule. Far min, Arne, meinte nemleg at STIL trengde instruktørar. For han var STIL 110 prosent av livet, og det var viktig for han å få meg inn i arbeid i idrettslaget. Eg har aldri angra på valet han tok for meg. Året i Sogndal var det finaste eg har hatt i livet, og sidan har eg hatt mykje nytte og glede av det eg lærte der, seier Rune Kjørvik.
Det er snart 45 år sidan Rune kom heim frå Sogndal. Som svært ung mann vart han engasjert i idrettslaget som faren hadde levd og anda for, og sidan har han vore der. Anten som aktiv handballspelar, handballtrenar, symje- eller skiinstruktør. Også på den administrative sida har Rune teke i eit tak.
– Eg kom att frå Sogndal våren 1965. Sunneva Løken drog meg med som turninstruktør, og eg fekk ansvaret for eit parti, fortel han.
Og skal vi tru det Rune seier, var det ikkje nådig for ein som er oppvaksen under Ryssdalshornet å setje opp eit program som skulle synast fram på turnbasaren.
– Det er den fælaste opplevinga eg har hatt, smiler han.

Les meir om Rune Kjørvik i papirutgåva fredag.

– Eg synest det er moro. Av og til kan det vere litt travelt å reise i Firdahallen, men så snart eg høyrer ei fløyte og at det trampar i golvet, er det berre kjekt. Slike lydar er skikkelege ”god-lydar” for meg, seier Rune Kjørvik. Etter lang og tru teneste vart Rune sist fredag utnemnd til æresmedlem i Sandane turn- og idrettslag.