Sandalen, heimstaden til Tollef Sandal. Biletet kan vere frå slutten av 20-talet. Butikken (midt i biletet) etablert i 1926 er på plass og vi ser kornstaurar over alt. Lengst bak, midt i biletet, ser vi Nersanddalen der Tollef budde i oppveksten.

Tollef Sandal, jølstringen som fotodokumenterte heimbygda på 1900-talet


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka stod første gong på trykk i Firda Tidend Jul.

Han kom til verda i 1886 på husmannsplassen Skogstad, på Berg ytre i Svidalen. Foreldra var Daniel Danielson Berg og Talina Tollefsdotter Håheim. Tollef var nest eldst av fire brør og vart store deler av livet buande i Sanddalen, på andre sida av Jølstravatnet.



Tollef var ein allsidig kar som dreiv som vegarbeidar, smed, skomakar, felebyggar og fotograf. Han spela også fele og sysla litt som skreddar. Men det var fotograferinga som skulle gjere Tollef kjend for ettertida.


Mannen bak kameraet, Tollef D. Sandal (1886-1977) som godt vaksen, og som ung i Bergen.

Frå Svidalen til Sanddalen

At Tollef hamna i Sanddalen hadde seg slik at eldste broren Daniel kom som dreng til Anders Monsson Tåhaug i Nersanddalen. På bruket var det ikkje arvingar, så Daniel fekk etter kvart tilbod om å overta. At Daniel kom som dreng til Sanddalen har truleg å gjere med kona til Andres Monsson, Birgitta var frå bruket i Svidalen der Daniel var frå. Husmannsplassen Skogstad, der han og familien budde, låg nemleg under bruket på Berg ytre, der Birgitta var frå.


Bureisinga i Dvergsdalsdalen var av den største i sitt slag i fylket. Den starta så smått i 1929, og i 1957 hadde alle bureisarane fått veg. På dette oversiktsbiletet manglar det om lag ein km på at vegen er ferdig, og det må då truleg vere våren 1956 eller 1955.

Daniel takka ja til å bli bonde i Sanddalen og dermed vart det til at heile familien på Berg flytta til Sanddalen og tok namnet Sandal. Anders Tåhaug har nok vore eigar på bruket berre ei kort tid, for i matrikkelen for 1890, er det Peder Knudsen som eig bruket. Ved folketeljinga for 1900 er Daniel Danielson frå Berg, far til Tollef, kommen i Sanddalen og han har med seg heile huslyden. Daniel senior står i denne folketeljinga oppført med følgjande kommentar. «Han styrer bruket for sin søn», som altså er eldstemann Daniel. Ved neste folketeljing, i 1910, står framleis Daniel senior som gardbrukar på b.nr 13, Nersanddalen. Men etter kvart tok sonen Daniel over etter faren som døydde i 1933.

Tollef budde heime hos foreldra og brørne ved folketeljinga i 1900, men ti år seinare finn vi han som dagarbeidar på Hegrenes. Dette med arbeid rundt på gardane dreiv han ein del med i ungdomen, i tillegg til å hjelpe til på garden heime. Også den komande kona, husmannsdottera Andrea Ludvigsdotter, var tenestejente i 1910, på same måte som ti år tidlegare. Ved denne teljinga var ho i Brendene, så ho var framleis i nabolaget til der ho voks opp. Ved folketeljinga i 1910 budde to av brørne til Tollef, Daniel og Nils, heime hos foreldra.

Under folketeljinga i 1900 er ikkje Andrea oppførd i huslyden på husmannsplassen som låg under g.nr. 40, Brenden, i Sanddalen.  Ved å gå nærare gjennom folketeljinga for bruka i Sanddalen, finn vi henne som tenestejente på b.nr. 14, det andre bruket i Nersanddalen, og som i dag tilhøyrer Per Inge Indrebø. A.O. Klakegg skriv i bygdeboka for Jølster at ho var fødd i 1890, men det er nok feil. Ifølgje folketeljinga var ho fødd i 1886, same året som den komande ektemannen Tollef. Det forklarar kvifor ho ikkje stod oppførd i huslyden til foreldra. Hadde ho vore fødd i 1890, hadde ho nok vore heime, men som fjortenåring, og ferdig på skulen, måtte ho ut i arbeidslivet, og var altså på nabobruket då folketeljinga gjekk føre seg, 2. desember 1900.

Tidleg enkemann

Andrea var dotter av husmannsfolka Ludvik A. Sandal og Johanna Ellingsdotter Sandal. Far til Andrea var også skomakar, i tillegg til å vere husmann. At husmennene hadde andre gjeremål enn å stelle husmannsplassen, var både vanleg og naudsynt. Etter kvart vart det til at Tollef arva svigerfaren sitt yrke som skomakar, i tillegg til alt anna han kom til å drive med. Plassen låg ved folketeljinga i 1900 under garden Brenden, men står ti år seinare oppført som plassbruk under bnr. 13, bruket der Tollef voks opp etter at han kom over vatnet frå Svidalen. Kva som har skjedd her er ikkje godt å vite, men enten er det ein feil i folketeljinga, eller så har det vore eit sal eller makebyte mellom dei to bruka. Men det som er sikkert, er at broren Nils hadde fått eit jordstykke av broren Daniel som hadde overteke bruket i Nersanddalen. Parsellen heitte Sollund og fekk eige matrikkelnummer. Der slo Nils og kona Olina Sandalsstrand seg ned. Tollef fekk også ein jordflekk, Vestvik, men utan eige matrikkelnummer. Der skulle han etter kvart bli buande, og han bygde hus der etter at han gifta seg med Andrea i 1927. Den fjerde av brørne, Martinius, døydde som ganske ung.

Sidan både Tollef og Andrea var fødde i 1886, så var dei altså passerte 40 år då dei møtte for presten. Året etter kom det einaste barnet, Eva, til verda, men to år seinare råka tragedien den vesle huslyden. Andrea døydde og Tollef sat att med eineansvaret for den vesle jenta, ikkje heilt enkelt ettersom han stadig var vekke på arbeid. Løysinga vart å overlate ansvaret for dottera til ei nabokvinne, Olina «Under Hojen».


Portrett var ein av spesialitetane til Tollef. Desse to karane var naboar i Dvergsdalen og er etter alt å døme fotograferte i 1943, sidan grensebuarbevis vart innført for praktisk tala heile landet frå 1. januar 1944. Per Dvergsdal t.v. og Nils Dvergsdal på same foto, noko Tollef praktiserte konsekvent når det handla om desse passfotoa.

Mangfaldig herremann

Tollef måtte sjølvsagt livnære seg på eitt eller anna vis, og det var vel anleggsarbeid som var hovudarbeidet, sjølv om fotograferinga var noko han dreiv med heilt til han var godt opp i åra. Men å livnære seg som fotograf i Jølster var nok ikkje mogeleg, så han vart verande mykje vekke på arbeid.

Både Tollef og brørne var rekna for å vere dugande gråsteinsmurarar og det står mang ein hus- og fjøsmur rundt om i Jølster som dei har laga. Men Tollef var også mykje på vegarbeid rundt om, og han dreiv også litt som snikkar. Eitt anna fagfelt var smedfaget der Tollef var kjend som ein god bórsmed, eit viktig arbeid i den tid då handboring var vanleg og det var viktig at mineborane beit skikkeleg.

I alt han gjorde og tok seg til, så var han umåteleg nøyen og oppteken av kvalitet. Han var perfeksjonist på alle måtar, og tok seg personleg nær av det om noko ikkje gjekk heilt etter planen.

Det blir mellom anna fortalt at ein gong han og ein nabo var på anleggsarbeid, var det eitt eller anna som ikkje gjekk som det skulle. Karane budde i brakkeleir med utedo og naboen var morgonen etter uhellet på veg til utedoen. Der fann han døra låst, men ein kvann snakka på innsida. Etter å ha høyrt litt nøgnare etter, vart det klart at det var Tollef som sat inne og snakka med seg sjølv. Det var stort sett ei setning som gjekk att;

– Eg har bestemt meg, eg går, kom det frå utedoen der Tollef altså hadde bestemt seg for å ta konsekvensane av feilen han hadde gjort.


Det finst også minne etter Tollef Sandal sine kunster som murar. Dei som køyrer sørsida, vil sjå denne støttemuren på Sandalsstrand, aust for Astruptunet.

Murane han sette opp var sjølvsagt også godt arbeid, og han kunne vere skeptisk og kritisk til andre sitt arbeid om han såg noko han meinte ikkje heldt mål. Ein gong sto han og såg på ein husmur, og han var tydelegvis ikkje heilt nøgd med arbeidet.

– Eg ser fram til den dagen då denne muren ramlar ut, sa Tollef, men muren står enno.

Han hadde nok mesteparten av murararbeidet sitt i Jølster, men pensjonert bygningsmann Johannes L. Sunde fortel at han ein gong vart spurd av Tollef om å setje opp ein fjøsbygning på Sande i Gaular, der Tollef hadde sett opp murane.

Også i skreddarfaget var han nøyen. Det blir fortalt at han sydde sine eigne skjorter der knappehola var perfekt sydde, og det gjorde altså ein bórsmed og gråsteinsmurar.

Skomakaryrket prøvde han seg også på, og utstyret han brukte finst enno. Men det var nok fotograferinga som var det viktigaste arbeidet i tillegg til muring og anleggsarbeid.

Fotoarkiv

Tollef reiste på tjuetalet til Bergen og anleggsarbeid der. I Bergen kom han i kontakt med fotograf Einar Helgesen og eit fagfelt som interesserte han. Hos Helgesen fekk han ei nærare innføring i fotofaget og skaffa seg snart eige utstyr. Meininga var nok å drive som fotograf, men det var ikkje berre, berre å livnære seg i Bergen, så Tollef flytta etter ei tid tilbake til Sanddalen der den kommande kona, Andrea Ludvigsdotter Sandal, venta.


Nikolai Astrup var i 1922-1923 på studiereise til Algerie. Ved heimkomsten arrangerte ungdomslaga på sørsida av vatnet fest for han, og Tollef var på plass med fotoutstyret. Vi ser Astrup med lauvkrans rundt halsen framfor hjørnet på huset. Legg merke til kvinna og dei to borna på taket. Dei to fanene er Sanddal ungdomslag si (t.v.) og Gjesdal ungdomslag. Begge måla av Nikolai Astrup. Ved sida av Astrup står Anton E. Fond med svart kalott. Han var ven og elev av Astrup. Framme t.h. Kristian Eikaas, mannen som grunnla Heimyrkjeskulen.

Han fotograferte delvis samstundes med ein annan, kjend fotograf frå Jølster, nemleg Nikolai Berg (1875-1955) frå Svidalen. Også Anton K. Øygard (1886-1965) frå Stardalen var aktiv med fotoapparatet samstundes med Tollef Sandal. Då Oddleif Apneseth i 2008 gjennomførde det kritikarroste fotoprosjektet «Jølster 2008», sa han fleire gonger at han hadde Tollef Sandal og Nikolai Berg som sine førebilete når det var snakk om dokumentarfotografering. Han ønskte såleis å nytte mykje av deira teknikkar i samband med å plassere menneske og gjenstandar i høve til kvarandre i eit motiv. Akkurat dette var dei gamle fotografane opptekne av, og vi har sett mange av dei litt spesielle måtane dei stilte opp grupper av menneske på. Spesielt hos Nikolai Berg ser vi dette, men også hos Tollef Sandal. Hos Oddleif Apneseth er dette gjennomført, og vi ser svært mange eksempel på at han har hatt dei gamle meistrane som førebilete når han skal komponere eit motiv av menneske og gjenstandar, eller menneske og natur.

Tollef Sandal var, som sagt ein perfeksjonist, noko som kom spesielt til syne i fotograferinga. Når han fotograferte grupper, som i bryllaup, var han oppteken av at bileta skulle vere lynande skarpe. Dei skulle vere så skarpe og fokuserte, at same kor mange menneske det var i bryllaupslaget, så skulle alle vere råd å kjenne att på fotoet.


Gravferda til N. Astrup i 1928 er eit sjeldan tilfelle der Tollef har bomma på eksponeringa. Truleg er det kombinasjonen av snø og mørke klede som har «lurt» han. Fanene er Myklebust ungdomslag si (t.v.) og Sanddal.

Ein gong han fotograferte i eit bryllaup leid det så langt på dag at lyset vart for dårleg. Han fekk då eit resultat han såg på som fullstendig mislukka og nekta rett å slett å late brudeparet få det. Dei måtte såleis klare seg utan gruppebilete, men brura fekk ein gong, fleire år etter, sjå det. Men når vi i dag, 50 år etter at Tollef slutta å fotografere, ser på bileta hans, så er kvaliteten rett og slett imponerande.

– De er heldige

Eit besøk på Sunnfjord Museum avslører at også dei har ein stor og interessant fotoskatt etter Tollef Sandal. Der er for det første ei svært stor samling portrett av jølstringar, ganske sikkert fotograferte under krigen då tyskarane kom med krav om pass for alle nordmenn. For å spare glasplater og pengar, så er det to menneske på kvart foto. Av og til nære familiemedlemmer, andre gonger naboar og ofte menneske som ikkje hadde noko som helst med kvarandre å gjere. Dei er alle tekne med den same svarte duken som bakteppe, og enten har folk møtt opp hos Tollef, der han hadde både atelier og mørkerom, eller så har han sykla rundt i bygda med fotoutstyret sitt og rigga seg til på «samleplassar» rundt om.


Eitt av dei mange og gode landskapsbileta til Tollef Sandal. Fotoet er teke på veg opp til Nonsnipa i Sanddalen og syner utsikta austover mot Orkja, Myklebust og Dvergsdalsdalen. Fremst ligg Sanddalen.

Eit anna motivfelt i samlinga på museet er landskapsbilete, skarpe og fine på alle måtar. Så finn vi ei avdeling for bygningar og til slutt ei mengd foto frå diverse høgtidlege handlingar som barnedåp konfirmasjon, bryllaup og gravferder. Sandal grendelag arva dottera Eva sitt fotoarkiv og det som var att av fotoutstyr. 350 glasplatenegativ og ein del papirkopiar


Tollef Sandal fotograferte i mange slags lag og samkomer. Gravferder var eit døme på det, og dette fotoet er frå gravferda til Moses Sandal i 1952. Vi ser presten Guttorm Kallhovd midt i biletet, framfor hushjørnet.

Eit fellestrekk ved alt han har gjort som fotograf, er at bileta er utruleg skarpe og fine, med stort sett korrekt lys og der han har lagt stor vekt på at alle ansikt skulle med og at alle skulle kjennast att. Eit godt døme på dette er eit foto frå festen til ære for Nikolai Astrup som i 1933 var kommen heim frå studiereise til Algerie. Festen i Astruptunet var arrangert av ungdomslaga på sørsida, og biletet er ein fantastisk dokumentasjon frå denne dagen, og av kven som var der.

– De er heldige de i Jølster som har hatt så mange fotografar, seier museumsstyrar Asbjørn Tyssen ved Sunnfjord museum. Han har sjølvsagt sett gjennom fotosamlinga som dei fekk for om lag ein mannsalder sidan, og der fotograf Oddleif Apneseth arbeidde eitt år som sivilarbeidar for å registrere bileta. Tyssen fortel at museet er i dialog med fylkesarkivet om eit samarbeid om digitalisering av den store fotoskatten, eitt arbeid som er rekna til eitt årsverk.

– Det hadde vore fint og fått alt dette digitalisert og tilgjengeleg for folk flest, seier Tyssen som har håp om at det skal late seg gjere. Også Fylkesarkivet arbeider mot digitalisering av deira fotosamling. Fotoarkivar Elin Østevik ved Fylkesarkivet fortel at ingen ting er digitalisert så langt, men at dei har reinsa og pakka negativane i syrefri emballasje for sikrast mogeleg lagring etter at dei overtok dei frå Sandal grendelag i fjor haust.

Dermed er det eit håp om at den store fotoskatten etter Tollef Sandal ein gong om ikkje alt for lenge blir tilgjengeleg. Det som er ganske sikkert er at det er mange jølstringar som ikkje er klar over at det finst flotte portrett av søsken, foreldre, besteforeldre og oldeforeldre i fotosamlingane både på Sunnfjord Museum og på Fylkesarkivet. Denne mannen kunne nemleg å fotografere.

Enkelt, men godt utstyr

Men kva var det så han hadde å hjelpe seg med, denne mannen? Kva var det som gjorde at han tok så flotte bilete for fleirfaldige tiår sidan. Utstyret var bra det, og det meste finst i full stand, alt frå kamera til ubrukte glasplater, mørkeromsutstyr og diverse rekvisittar som kvite skjortebryst og snippar til å stase opp fotoobjekta med.


Storformatkameraet han brukte, er fullstendig intakt og kan takast i bruk, når som helst.

Han fotograferte for det meste med storformatkamera, der det vart brukt såkalla tørre glasplater som «film» Tørrplatene var ferdig innsette med kjemikaliar frå fabrikken, noko som gjorde at eksponeringa kunne gjerast fortare, og at framkallinga kunne gjerast ved høve. Dette i motsetning til våtplatene der fotografen måtte smørje på fotokjemikalane sjølv og deretter eksponere i full fart før platene tørka. Framkalling måtte også skje raskt, noko som gjorde våtplatefotograferinga til ein temmeleg komplisert prosess. Då tørrplatene kom rundt 1880, revolusjonerte dei fotograferinga og gjorde den meir tilgjengeleg. Det vart også mogeleg med raske eksponeringar og fotografering i dårlegare lys.

Storformatkameraet til Tollef brukte plater i storleik 8.2 x 10.8 cm, noko som vil seie at negativet fekk den storleiken. Dette er eit heilt anna format enn den 35-filmen som folk flest brukte før det vart digital fotografering. Det gamle, og mest vanlege filmformatet hadde negativruter på 36 x 24 mm, altså småtteri samanlikna med eit storformatkamera. Med så store negativar vart det sjølvsagt også mindre trong for forstørring, og bileta vart veldig skarpe med lite korning.


Slike bokskamera var veldig vanlege etter krigen. Tollef Sandal hadde også eitt, ein Kodak Brownie junior med filmformat 6x9 (56x84mm). T.h. ei øskje med logoen til fotograf Helgesen i Bergen.

Men dette storformatkameraet var både tungt og vanskeleg å handtere i alle situasjonar, så Tollef hadde også eit bokskamera, eit Kodak Brownie filmbasert mellomformat kamera ( filmruter på 56x84 mm). Dette var eit uhyre mykje brukt kamera og vart produsert i store mengde gjennom 30- og 40-åra. Dette var utstyr som var lett å frakte med seg og som tok gode bilete ved rett bruk. Men når store og viktige hendingar skulle fotograferast, så var det nok dei store glasplatene og det store, tunge kameraet på tre lange bein som måtte fram.

Tollef hadde mørkerom heime, så der vart platene framkalla og papirkopiar til kundane produserte. I sakene som Sanddal grendelag arva, så finst det mellom anna pappråmer som han leverte det ferdige produktet i.


Fleire pakkar med ueksponerte glasplater finst mellom tinga Sandal Grendelag arva. Desse var laga av det nederlandske selskapet Gevaert, som seinare fusjonerte med tyske Agfa, og av Ilford.

Tollef Sandal og fotogjerninga hans er representerer ein kulturhistorisk og lokalhistorisk skatt som ikkje kan målast i pengar. Han fotograferte Jølster og jølstringar i kvardag og fest, i sorg og glede. For dei som i framtida skal skaffe seg greie på korleis Jølster og jølstringane såg ut gjennom store deler av nittenhundretalet, så er dei nesten 1200 bileta som no er sikra, ei fantastisk kjelde.

For Sanddal grendelag har det vore avgjerande å gjere fotosamlinga dei fekk, tilgjengeleg for folk flest og laget skriv følgjande på bloggen sin då Sunnfjord Museum og Fylkesarkivet i fjor haust var på plass for å hente bileta:

«Og alt vi finn. Atelierutstyr som ei øskje med kvite pappskjortebryst, hanskar og skjerf. Fakturabok, hundrevis av ubrukte papprammer. Fotoutstyr som fotoapparat, lysmålar og magnesiumpulver. Mørkeromsutstyr som belysningsapparat. Kopiar av menneske, landskap og situasjonar. Over 500 unike fotografi, der størsteparten er negativ på glasplater. Dette utgjer nesten halvparten av dei negativa museet og fylkesarkivet kjenner til frå før. Sidan han var bygda sin eigen fotograf, blir det vårt mål å sikre at samlinga kjem alle til gode på ein trygg og god måte».

Kva som skal gjerast med utstyr og rekvisittar som følgde med, er ikkje avgjort, men kanskje blir det ei permanent utstilling i grendehuset i Sanddalen.



Ein original?

Korleis Tollef Sandal var som menneske, er det ikkje så heilt enkelt å bli klok på. Men ein ting tykkjest å vere sikkert; nemleg at han likte å stase seg opp. Han var også glad i å spele fele, blir det fortalt, og ein gong han kom frå Bergen fortalde han at han hadde spela til dans.

– Eg spela så bra at folk slutta å danse, sa Tollef.

Men om folk slutta å danse for å lytte til musikken, eller det var for at musikken ikkje kunne dansast til, seier soga ingen ting om.

Ein annan gong sto han bøygd over potetopptakinga då nokre naboar kom forbi. Dei helsa og prøvde å snakka til han, men fekk ein heller mutt respons.

– Ein snakkar ikkje til folk som arbeider, svara fotografen og småbrukaren som elles ikkje alltid var så nøyen på om han snakka til folk som var opptekne med eit kvart.

Det blir også fortalt at Tollef likte godt røykesild og poteter, noko som sette sitt preg på lukta i huset til tider. Dette likte ikkje dottera Eva, noko ho gjorde faren merksam på.

– Du må sjå å få gjort noko med den nasa di, var svaret frå mannen som av somme har blitt rekna som ein liten original. Kor vidt det er rett, eller ikkje, skal vi ikkje seie noko sikkert om.

Tollef levde til han var 91 år gammal og han budde heile tida heime i huset han bygde då han gifta seg i 1927. Ifølgje dei som var naboar, så var han stort sett frisk og rask heilt til det siste, men fotograferinga var det slutt med på 60-talet.


Dette huset bygde Tollef då han gifta seg, og der budde han resten av livet.

 

Kjelder:
Digitalarkivet.no: Folketeljing for Jølster 1900 og 1910.
Fylkesarkivet: Matrikkel 1890 for Jølster.
Klakegg A.O.: Bygdebok for Jølster.
Sunde Skaar, Grete og Stadheim Vie, Ann Elena: Fotografen i Sanddalen, Jølst 1996.
Kongsvik, Brita: Munnlege overleveringar.
Østevik, Elin: Opplysningar om Fylkesarkivet sitt arbeid med Sandal-samlinga deira.
Tyssen, Asbjørn: Om Sunnfjord Museum si samling av Sandal-foto.

Eit konfirmantkull i Ålhus. Årstal ukjent.