Ragnar Sande bur i Øyravegen 13 på Sandane. Far hans var sjarmert av sveitserstilen og teikna huset.

Ein gentleman med glimt i auget


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka stod første gong på trykk i Ljøren i 2010.


Ragnar Sande har vore formann i byggjenemnda for fleire store utbyggingar i skuleverket i Gloppen, og var sentral då Firdahallen vart reist. I privatlivet har språklektoren vist seg å vere ein nevenyttig bygningsmann, som ikkje kvir seg på nye utfordringar.


Ragnar Sande var skulestyreformann då Firdahallen vart bygd i 1965, medan Johnny Bakke var ordførar. Desse to karane var dei første som hoppa ut i bassenget då det stod ferdig.

Kledde av seg


– Bassenget vart innvia ved at ordførar Bakke tok av seg alle kleda og hoppa ut i. Eg kunne ikkje vere ringare og gjorde det same. Eg hugsar situasjonen. Det var berre menn til stades. Kvifor vi var i Firdahallen, hugsar eg ikkje, smiler 92-åringen.

Då Firdahallen vart oppført, ville kommunen ha større basseng. Staten ytte tilskot og var med på å avgjere kor stort bassenget skulle vere.

– Vi bygde eit 12,5 meter langt basseng. Skulle vi ha større, måtte vi betale det sjølve. Bassenget har vore nyttig sjølv om vi ikkje fekk det så stort som vi ville. Det har i alle fall vore vatn i det heile tida, og på grunn av bassenget har elevane fått symjeopplæring. Det får dei like godt i eit lite basseng som i eit som er 30 meter, slår han fast.

Svært aktiv


I 1955 var Ragnar Sande med på å starte ein av dei tre første ungdomsskulane i landet. Det var årsaka til at han vart med på den same prosessen då han kom tilbake til Gloppen i 1956, først som formann i ei førebuingsnemnd og deretter som skulestyreformann. På denne tida var det stor byggjeaktivitet i skuleverket Gloppen. Sande var sterkt inne i biletet på slutten av byggjeperioden for framhaldsskulen, deretter formann i byggjenemnda for ungdomsskulen på Sandane og engasjert i starten på ungdomsskulen i Hyen. Han var sekretær i byggjenemnda for Firdahallen, men formannen, rektor Kvigne, var indisponert. Dermed måtte Sande ta over arbeidet hans. Då realskulebygget på Firda vart påbygd og Aulaen oppført, var Ragnar Sande formann i byggjenemnda der også.

– Eg var veldig aktiv og var med på mykje. I dei åra kan ein gjere alt mogleg. Å vere med å styre tykte eg var kjekt. Eg ser med glede tilbake på desse åra, fortel han.

I dag held han seg orientert om det som skjer i lokalsamfunnet.

– Eg følgjer med. Når det nye bassenget i Trivselshagen står ferdig, kjem eg til å reise inn og sjå korleis det ser ut, seier han.

– Kva tykkjer du om Trivselshagen?

– Eg meiner det dei har fått bygd er flott på alle vis, bortsett frå den blå sementveggen ut mot skuleplassen på Firda. Arkitektonisk sett har eg mykje imot den fasaden, men eg er imponert over både kino, bibliotek og kultursalen og alt i hop, seier den tidlegare lektoren på Firda.

Interessert i trearbeid


Også på privat basis har Ragnar Sande vore opptatt av bygging. Han likar svært godt å arbeide med hendene. Allereie då han gjekk på barneskulen laga han elektromotorar og ringjeapparat. I studietida stod han ei tid på verkstaden til Hans Skram og polerte radiokasser. Skram produserte stolar, og Ragnar lakkerte dei for 25 øre stykke.

Hovudinteressa har likevel vore trearbeid. I tenåra bygde han kajakk. Våren 1944 stod han på verkstaden til Brødrene Solheim og laga soveromsmøblement med dobbelseng, nattbord og to kommodar, alt finert med bjørkefinér. Å lage møblar gjorde han også seinare, både i Henningsvær og Sykkylven.


Både det flotte grammofonskapet til venstre og kommoden til høgre har Ragnar laga.

– Eigentleg var det handverkar eg skulle ha vore. Men når ein er lærar, får ein litt tid til å gjere andre ting også. På Sandane har eg hatt rikeleg å gjere med å reparere på gamalt hus. Eg har sett opp eit par små uthus, men hovudverket er huset til dottera mi som eg teikna og sette opp i Åsane saman med son og svigerson. Dei siste større byggjeprosjekta var i 2005. Først bygde eg uthus til ein av sønene mine. Deretter innreia eg eit loftsrom i Trondheim til den andre, smiler den spreke pensjonisten.

Eit lite småbruk


I dag bur han i barndomsheimen på Øyrane, ein flott einebustad i sveitserstil. Det var far hans, Ola, som kjøpte eigedomen. Han teikna huset og fekk det bygd.

– Far kom frå inste garden på Sande, frå Hye-Ola-bruket. Han var odelsgut, men sidan han valde å bli lærar, var det broren Hans som overtok. Far ønskte å ha litt eigedom kring seg, og fekk kjøpe fem mål frå eitt av bruka på Austrheim her på Øyrane. Seinare fekk han kjøpe to mål attåt. Dermed vart eigedomen på sju mål og vart driven som eit lite småbruk. Øyragrova renn over eigedomen, som fekk namnet Fosshaug, fortel Ragnar.


Ragnar vart fødd 22. mai i 1918. Biletet til venstre er teke heime i hagen i 1927. I 1932 var Ragnar konfirmant. Fotograf er broren Olav Sande.

Ola Sande var interessert i plantar og frukttre og gjekk på hagebruksskule.

– Han planta ut heile eigedomen med eple- og pæretre, men også nokre plommetre. Han dreiv planteskule på ei bot, pota og okulerte frukttre og selde dei. Vi hadde lade på eigedomen med fjøs. Her hadde vi to kyr, seinare berre ei. Såleis fekk vi mjølk til eige bruk, og vi laga både rømme og smør heime. Naboane fekk også mjølk av oss, fortel han.

I heile oppveksten måtte Ragnar jobbe på same måten som gutane ute på gardane, breie møk, slå, setje opp hesjar, bere inn høy og ho, setje og ta opp poteter og bere dei inn. Med bratte bakkar og etter kvart ein skog av frukttre, var det lite eigna for maskinarbeid. Alt måtte difor gjerast med hand. Ettersom faren vart eldre, var det Ragnar som slo og bar inn alt.

– Som gutunge var eg litt forarga på at nabogutane hadde fri heile sommaren. Då eg flytta tilbake til Sandane i 1956, hadde vi lenge hatt berre ei ku. Ho vart sjuk og måtte avlivast, så eg kjøpte ei ny av Lefdal på Eid. Dei første åra eg arbeidde på Firda, hadde eg mjølkespann med meg til meieriet om morgonen og skummamjølk med meg heim når eg kom frå skulen.

Også i dag slår Ragnar eigedomen.

– Eg må ha noko å gjere, og eg likar utearbeid veldig godt, forsikrar han.

Kjærleiksbrev til nabojenta


Bror til Ragnar, Olav, var ti år eldre enn han sjølv. Då Ragnar var 13, byrja han som fotograflærling hos broren tre dagar i veka. Dette medan han gjekk siste året på folkeskulen.

– Foreldra mine ville ha meg i jobb, og eg likte arbeidet godt. Eg framkalla og kopierte tusenvis av bilete. Første året fekk eg 15 kroner i månaden, andre året 30 kroner i full jobb. Middelskulen fekk eg ikkje ta til på før eg var 16 år. Foreldra mine ville at eg skulle lære folkeskikk, samt lære å arbeide. Eg var truleg ikkje så veloppdragen då eg var liten. Eller for å seie det på ein annan måte: Eg var ikkje av dei dårlegaste når det gjaldt å finne på fantestrekar. Som 15-åring vart eg send til Fana Folkehøgskule på Store Milde utanfor Bergen. Aldersgrensa var eigentleg 17 år, men far var god ven med styraren og fekk han til å ta imot meg. Dei andre elevane kalla meg ”baby”. I dag er eg om lag den eldste i alle forsamlingar, så no er eg ingen baby lenger, seier Ragnar med eit glimt i auget.


I nabojenta Emily fann Ragnar den store kjærleiken.

Medan han gjekk på folkehøgskule, brevveksla han med nabojenta Emily Myklebust. Ho var to år yngre enn Ragnar. Då han kom igjen frå folkehøgskulen, tok han til på Firda. Først gjekk han eittårig middelskule med bra resultat. Deretter var det tre år på engelsklinja på gymnaset.

– Sommaren 1937 køyrde eg bil. Eg hugsar eg tok Emily med på ein biltur. Det var svært å bile i dei dagar. Etter denne bilturen begynte vi å gå i lag. Trass i at vi var naboar, skreiv vi brev til kvarandre og la dei på den to meter høge portstolpen til Myklebust. Det var postkassa vår. Då var det ekte kjærleiksbrev, og det blei ein del brevskriving. Kanskje vi begge hadde lettare for å uttrykke oss skriftleg, seier Ragnar.

Hovudfag i engelsk


Etter gymnaset vart det lærarskule i Oslo. Engelsk skulle innførast i folkeskulen, og to lærarskular fekk engelsk på programmet, Oslo og Kristiansand. Ragnar søkte på begge og kom inn i Oslo. Emily begynte på same skule året etter. Med lærarskuleeksamen søkte Ragnar nokre gode postar på Austlandet, fekk ingen av dei og hamna på Universitas Osloensis og tok førebuande prøver. Så, etter søknad, fekk han gå direkte på engelsk hovudfag som han tok hausten 1942. Tysk mellomfag tok han hausten 1943. Fordi tyskarane tok universitetet, fekk ikkje Ragnar fullført embetseksamen før i 1948.


I ei årrekkje var Ragnar Sande lektor i språk på Firda. Her er han i lag med ei klasse våren 1944. Då vikarierte han ved skulen.

– Hausten 1947 tok eg Pedagogisk Seminar og prøvde å lese litt historie attåt, for eg meinte det kunne vere det som var lettast å ta på eitt semester. Eg var gift, hadde eitt barn og eitt på veg, og kunne ikkje gå inne i Oslo i årevis. I jula overtalte rektor Bøyum på Firda meg til å ta fransk i staden. Han meinte det ville vere meir attraktivt for dei fleste gymnasa. Dermed tok eg fransk mellomfag våren 1948, fortel han.

Den første betalte lærarjobben, bortsett frå ein del vikariat i Oslo, hadde han på Austrheim skule. Faren gjekk av i mars 1942, etter fylte 65 år. Han kunne ha halde på til han var 70, men kunne på den tida gå av med full pensjon fem år før.

– Eg vikarierte i skuleposten ut skuleåret og hadde mellom andre Jon Gloppestad som elev. Eg forstår ikkje heilt at eg tok meg tid til det når eg skulle opp i hovudfag nokre månader seinare, men slik var det no i alle fall. Neste vikariat var på Firda Gymnas våren 1944. Eg vikarierte i halv post for Paul Egede Nissen. Då var også Emily heime. Ettersom eg måtte avbryte studiane, vart vi samde om at vi like godt kunne gifte oss og setje bu. Ho sa opp posten i Trøndelag og reiste heim. Ho vikarierte på Rygg, Mardal og Vereide denne våren, forklarer han, og legg til at han og Emily hadde vore ringforlova i fem år før dei gifta seg i 1944.

Til Henningsvær


Så gjekk turen til Henningsvær. Både Ragnar og Emily hadde lyst til Lofoten, både av utferdstrong, men også for å vere sikra middagsmat. I Henningsvær blei dei i tre år, og etter Oslo-opphaldet til Ragnar i –47/48, hamna dei i Sykkylven.

– Det var ikkje heilt enkelt å få seg arbeid den gongen, for postane blei utlyste på vårparten. Eg var ikkje ferdig kandidat før eg hadde teke fransken. Til all lukke vart styrarjobben for to kommunale realskular utlyste, i Ørsta og i Sykkylven. Det var nemleg slik at dei små og meir eller mindre private realskulane fekk krav om at styraren minst måtte ha adjunktutdanning. Dermed mista Ole Frøysa jobben i Sykkylven til fordel for meg. Som i Henningsvær var vi to lærarar som hadde om lag alle faga, 36 timar i veka. Det einaste faget eg ikkje var innom i denne tida, var handarbeid for jenter. Både i Henningsvær og i Sykkylven prøvde eg å skaffe litt ekstrainntekter. I Henningsvær tok eg landskapsbilete som vart selde på butikk, og eg portretterte folk heime i stova. I Sykkylven fekk eg i gang ein lærlingskule som gjekk i tre år, og eg var redaktør av Sykkylvsbladet i to år, fortel han.

Trufast songar


Frå 1956 til 1986 var Ragnar Sande lektor ved Firda Gymnas, dei ti siste åra var han studieinspektør. Her vart det mykje franskundervising.


Austrheim Mannskor var i Trondheim i mai 2006, og som trufast songar i mannskoret gjennom 50 år vart Ragnar intervjua i Adresseavisen.

– Eg likte meg utruleg godt på Firda. Elevane var kjekke og disiplinerte. I løpet av dei 40 åra eg var lærar, var det berre to klasser på Firda eg ikkje treivst i av ein eller annan grunn. Desse klassene fekk eg andre til å ta over. Elles hadde eg berre hyggjelege timar, minnest han.

Sidan han flytta heim til Sandane, har Ragnar vore med i Austrheim Mannskor. Siste vinteren har han vel å merke vore mindre aktiv i koret. Elles har han vore trufast heile tida.

– Songen har følgt meg heile livet. Når eg møter att gamle elevar, er det songen dei snakkar om. Vi song svært mykje i mine timar. Songen brukte eg som eit hjelpemiddel i språkopplæringa. Ein lærer mykje av å synge. I gamlebygget var det lytt mellom to av klasseromma på grunn av ein tynn skiljevegg. Ein dag spurte Eldbjørg Haaland meg om eg ikkje kunne ta ein pause i synginga av og til slik at elevane hennar kunne høyre kva ho sa, smiler han.

Det sosiale livet for Ragnar har vore Austrheim Mannskor.

– Vi blir ein samansveisa gjeng og har felles interesse i songen. For meg har det betydd mykje å vere med i dette koret, seier han, som også har brukt tid på å lage tekstar til ein del av koret sine songar.

– Det har gjerne vore slik at eg har teke utgangspunkt i ein song med framand språk, og så har eg laga norsk tekst til. Nokre gonger har eg presentert ein melodi for dirigenten som eg deretter har laga tekst til, og så har dirigenten arrangert han, forklarer Ragnar, som sjølv syng 2. tenor.

Bygde eigen kajakk


I Ødven-naustet i Kråafjæra bygde Karl Ødven i si tid ein kajakk. Ragnar trur det var i 1935. Han var berre 17 år.

– Eg fekk ustyrteleg lyst til å lage ein slik sjølv. Eg fekk tak i teikningar og gjekk i gang. Bror min stilte lokale til disposisjon. Det var i inste delen i første høgda av det som no er Zerwekh-bygget. Båten vart bygd med kjølen opp på ein lang bjelke. Første steg var å lage spant. Spanta vart lagde i ei rad oppå bjelken og mellombels festa i denne. Så vart langsgåande lister skrua på, slik at det vart eit sprinkelverk som seinare skulle dekkjast med seglduk. Det var eit ork med fleire hundre skruar. Det var ikkje elektrisk drill i dei dagar, og eika var hard. Spanta er nemleg laga av eik, forklarer han.

På dekket var det opning til sitjeplassen. Rundt denne opninga bøygde han ei brei list av ask. Ho måtte kokast for å bli bøyeleg nok. Så var det å trekkje seglduken over det heile, smørje på linolje fleire gonger og til slutt måle kajakken. Deretter kom kantlister rundt heile båten, kjølen måtte formast og monterast. Listene måtte målast og kjølen oljast. Ankerfeste måtte monterast, og så var kajakken ferdig.

– Båten var vanskeleg å styre, så eg monterte ein styrefinne av aluminium. Då fungerte han perfekt. Eg padla mykje rundt i indre del av Gloppefjorden, mellom anna opp i Storelva. Ein gong padla eg opp det eine laupet heilt opp til Evebøfossen og tenkte å fare ned att det andre, der er det strid straum. Heldigvis våga eg ikkje. Det er ikkje sikkert det hadde gått vel, seier han.


Ragnar har alltid vore glad i å byggje. Huset til dottera Marit både teikna han og var med på å setje opp.

På kajakktur med Emily


Då han var 19 år, tok Emily og han til å gå i lag. Då utvida Ragnar sitjeplassen, slik at det blei ein tomanns kajakk.

– Frå denne tida hugsar eg ein spesiell episode. Vi var ute på fjorden og fann ut at vi skulle skifte plass. Det var sjølvsagt dømt til å mislukkast. Kajakken gjekk rundt, og vi hamna i sjøen. Vi fekk snudd kajakken, og så aka eg meg innpå att meda Emily sumde rundt og samla opp att det som hadde hamna i sjøen. Deretter aka ho seg om bord. Det var ingen dramatikk i hendinga. Vi tykte det var ei interessant oppleving, seier Ragnar.

Sommaren 1944 drog dei på ein fleire dagars tur til Hyen, Skeistrand og Lote.

– Foreldra min stod på stranda og såg oss vel av garde. Ved inngangen til Hyefjorden såg vi eit kull med ender som Emily hadde nokre koselege kommentarar til. Like etter var eg ikkje nøgd med innsatsen til Emily og spurte: «Skal eg padle åleine til Hyen?» Dette vart seinare eit omkvede når ektemaken ikkje hjelpte godt nok til. Inst i fjorden, gjekk vi i land og opp på ei hylle i terrenget. Det må ha vore i det området der båtbyggjeriet ligg i dag. Vi reiste på Hopsstøylen, besøkte Aslaug Skrivervik og overnatta. Neste dag gjekk vi i land i Osmundnes og kjøpte mjølk. Så har eg eit sterkt minne frå turen langs ein bratt hammar før vi kom til Skeistrand. Då hadde det blåse opp, og sjøen var utriveleg. I dette området ville det vere uråd å kome seg i land dersom vi havarerte. Vi tok inn litt vatn og likte det ikkje langs denne hammaren, men det gjekk bra.

- På Skeistrand kjøpte vi geitost som vi skulle ha med til Lofoten, og så var det til sjøs igjen. Det skal ikkje mykje til før det blir store bårer på Lotshavet, så vi avtalte med Kristoffer Skeistrand at han skulle følgje med i kikkerten. No fekk vi vinden i ryggen, og det var i grunn uproblematisk. Vi kjende oss bra trygge då vi først var komne godt utpå. Det einaste eg hugsar av overfarten, var at det gjekk rasande fort, smiler Ragnar, og legg til at på Lote stod Per Lothe og tok imot dei.

Heimturen neste dag gjekk i solskin, og sjøen var blikkstille.


Ragnar har vore ein ivrig laksefiskar. Desse laksane er fiska i Ommedalsvatnet, og Ragnar løftar både fiskar og sonesonen Øystein.

«Laksedreparen»


Ragnar likar svært godt å fiske, og det er kanskje fisketurane som har gjeve han dei største fritidsopplevingane.

– Blankfisket tok til i det små med fiskestang i elvar og vatn i Gloppen og Breim, men det tok ikkje av før eg vart skikkeleg kjend med Traudalsvatna. Der var eg flittig gjest heile somrane frå 1950-åra og fram imot hundreårsskiftet. Eg vitja Traudalen kvar sommar til Emily braut lårhalsen og vart sengeliggjande i år 2000, fortel 92-åringen, som sidan 2005 har budd åleine i det store huset på Øyrane.

Første laksen tok Ragnar i Gloppefjorden, men det vart Aa-elva og Ommedalsvatnet som vart arena for dei store lakseopplevingane.

– Eg fiska der i 25 år. Vi var ein flokk på seks som første året var der i åtte dagar, seinare fem-seks dagar i slutten av juli kvart år. Første sommaren låg vi i telt, men i 1968 bygde eg ei lita hytte som fire av oss heldt hus i. Eg fekk leige tomt av Mons Aa for ei krone året. Hytta vart bygd i hagen heime og frakta inn til Hyen. Ho står enno, men etterkomarane etter Mons Aa har overteke ansvaret, fortel han.

År om anna blei det litt fisk. Kronåret var 1969. Då vart det rikeleg på alle. Ragnar Sande fekk seks, og Bertel Aa gav han tittelen ”laksedreparen”. Det tok han som eit kompliment.

– Den største fisken var 14 kilo. Eg var dagens helt i eit par timar, men så fekk Anders Hansen ein på same storleik. Han tok laksen på fluge, eg hadde brukt reke. Dermed kunne han triumfere. Rangeringa er slik at fluge kjem først, deretter sluk, så reke og til slutt makk. Hadde ein fått fisken på makk, var det pinleg å vedgå det. Det ringaste året fiska eg i ti dagar, seks dagar i Aa-elva og tre i Eidselva, utan å få ein einaste fisk, seier han.

Set pris på familien


I dag er Ragnar Sande opptatt av å halde seg i form. Når vêr og føreforhold tillet det, går han tur opp til Hundvikesvingen, den knappaste svingen i Fjellbygda.

– Eg likar betre å gå ute enn å trene inne. Eg har ein trimsykkel framfor fjernsynet, men den vert lite brukt. For fem år sidan fekk eg eit lite slag. Det har ført til at høgrehanda er lite brukande. Noko fingerspisskjensle på denne handa har eg ikkje lenger, fortel han.

Dei tre borna, Marit (f. 1945), Ottar (f. 1947) og Arne (f. 1951), har gjeve han sju barnebarn. Han har også sju oldebarn. Dei mange fotografia kring på veggene i heimen syner at han er svært glad i familien sin. I vindaugskarmen i stova har han flotte orkidear, og året rundt passar han på å leggje ut mat på fuglebrettet ute på verandaen. Fuglane sin nærvisitt er noko Ragnar gler seg over kvar einaste dag. Trygt er det òg å ha sonen Ottar og familien buande like i nærleiken. Dei har bygd hus litt høgare oppe på eigedomen. Av sine næraste blir Ragnar karakterisert som humoristisk, fantasifull, klok, fornuftig og seriøs. Han kvir han seg ikkje på nye utfordringar og har lært seg å bruke både datamaskin og e-post.

God appetitt på livet, det har han.

– Vi får ordne oss slik at vi kan forlate dette livet kor tid som helst, men planleggje som om vi har tenkt å leve i all æve, seier den 92 år gamle gentlemanen.


På eigedomen på Øyrane står ei lade. Her har Ragnar laga seg verkstad.