Andre nyhende: Juli har førebels vore ein fuktig månad, og mange av campingturistane uteblir. Men nokre trassar vêret, og reiser på telttur til Sandane.

Dagen då draumar gjekk i oppfylling

Denne historia starta eigentleg for tre år sidan. Far min, Odd Gloppestad, vart brått alvorleg sjuk, og i fleire dagar visste ein ikkje om han kom til å overleve, eller i kva tilstand han ville vere om han eventuelt vakna opp att etter hjartestansen han blei råka av. Ved sjukesenga på Sentralsjukehuset i Førde vaks det fram eit brennande ønskje i meg om at alt måtte gå bra og at han ville bli så frisk at eg kunne ta han med på fisketur til Røsskleivdalen igjen, dalen vi hadde hatt så mange fine turar til opp gjennom åra, og som han sjølv, saman med kameratane i Gloppen jeger- og fiskarlag, hadde vore med og gjort til eit fiske- og tureldorado gjennom oppdemminga av vatnet og utsetjing av fisk på 1960-talet.
Torsdag 1. juli var dagen endeleg komen for at papps og eg skulle tilbake til Røsskleivdalen. Sjølv om papps ikkje er i den same forma som før han blei sjuk, er han etter tilhøva i bra slag, og vi gleda oss begge til å legge i veg og prøve fiskelukka i vatnet som inneheld pen fisk.
Spaserturen frå Leirstøylen var unnagjort på ein halv time, og framme ved vatnet kunne vi konstatere at gråen på overflata var fin, og at tilhøve for å lure nokre pene steikefiskar burde vere ideelle. Etter ein liten pause med wienerbrød og saft i Røssebu, hytta som er sett opp eit lite steinkast frå vatnet, var det på tide å gjere klar fiskestengene.
Fisken i Røsskleivvatnet er kjend for å vere sky og vanskeleg å lure, men dei ein klarer å overliste er feite og fine, med ei snittvekt på kring ein halv kilo.
Sidan dette er ein fiskereportasje litt utanom det vanlege, kan eg like godt gjere det mange sportsfiskarar ikkje likar å gjere, nemleg røpe kva reiskap eg brukar for å lure storfisken. Auren i Røsskleivvatnet bit både på makk, sluk og spinner om han er på hogget, men den sikraste måten å få fisk i vatnet på, er å dorge med fluge.
Eg sette på to små fluger, ei Heggeli og ei March Brown, og vi trakka ned mot den vesle prammen som ligg ute i sommarmånadene. Papps sette seg på tofta bak i båten, eg sette meg ved årane, og så la vi ut på.
Allereie før vi fekk bløytt taumen var turen eigentleg vellukka. Eg hadde fått oppfylt draumen eg hadde om at papps skulle bli så frisk at han kunne vere med på tur til Røsskleivdalen igjen. No sat vi på vatnet i strålande solskin ein flott sommardag, og venta på at fisken skulle bite.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.

Ein stolt far, Odd Gloppestad, med rekordfisken underteikna fekk i Røsskleivvatnet 1. juli. Fisken var i god stand, vog 3,43 kg og er den største som er teken i vatnet nokon gong.