S.M.S. STRALSUND 1913. Slik står inskripsjonen framleis på fjellveggen i Engesetåsen.

Eit spesielt hundreårsminne


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka vart først presentert i Firda Tidend jul 2013.





På fjellveggen rett utanfor Utsikten i Engesetåsen lyser det mot ein med kvit måling: S.M.S. STRALSUND 1913. Inskripsjonen er ikkje ein forlaupar til tekstmeldinga, derimot ei helsing frå tyske marinegastar.

Båtferdsla på Gloppefjorden er langt frå det ho ein gong var. Snart er det berre småbåtar som trafikkerer ein av dei vakraste fjordarmane på Vestlandet. Slik var det ikkje den gongen sjøvegen var den viktigaste transportåra. Då var det mest aldri stilt langs kaiene på Sandane. For eit hundreår sidan var det vanleg at engelske og tyske turist- og marineskip ankra opp på Gloppefjorden. Eitt av desse la att eit spesielt visittkort.

Fascinerande
Etter ein 50 meter lang klatretur frå Fjellvegen opp gjennom ei steinur i Engesetåsen, lyser teksten mot ein: S.M.S. STRALSUND 1913.

Med ei spann kvit måling tok gastar frå skipet som var oppkalla etter den tyske byen ved Austersjøen, vegen frå Sandane og opp gjennom bratta til kring 370 meter over havet. Der plasserte dei ei heilt spesiell helsing til vertsbygda for den sommarlege utflukta si.

Det er fascinerande å tenkje på at tyske unggutar den gongen for 100 år sidan, mange år før vegen Engeset-Bjønndalen var påtenkt, hadde kome på ideen å måle namnet på skipet dei var på i brattaste fjellsida i ei lita norsk bygd.

Alle med litt kjennskap til europeisk historie, veit at verdsdelen på denne tida var på veg inn i ein svært turbulent periode. Med Tyskland som ein av hovudaktørane i dei føreståande krigshandlingane, er det rimeleg å tru at skip og mannskap gjekk ei spennande tid i møte. Gjennom ulike kjelder har vi funne ut meir om historia til skipet og vitjinga på Sandane.


Frå kaia på Sandane. Bygningen til høgre er bua til Jørgen Ryssdal, der det mellom anna var tønneproduksjon. Broren Søren Ryssdal hadde butikk i hjørnet mot sjøen. Personane er frå høgre: Per Ryssdal, Jørgen Ryssdal, Søren Ryssdal og Mons Kjørvik. Femtemann har vi ikkje namn på. Den vesle guten er Lars, son til Søren. På fjorden i bakgrunnen ligg S.M.S. Stralsund. Foto: Elias Ryssdal.

Ti dagar i Gloppen
Skipet, som var ein kryssar på 5.587 tonn, vart bygd i Bremen, med byggjestart i 1911. I desember 1912 vart det sett i teneste i den tyske marinen. Sommaren 1913 var, som vi veit, båten innom Gloppen. I avisa Nordfjord, som kom ut på Sandane, finn ein måndag 14. juli denne notisen:

- Sandene, Gloppen vil i slutninga av juli bli besøkt av følgende tyske krigsskibe: "Stralsund", "Køln" og to skoleflotiller.

Torsdag 31. juli følgde avisa opp med meir informasjon:
- Den tyske krydser "Stralsund" kom her til lørdag den 26. juli og blir antagelig liggende her til mandag 4. august.

Same dag:
- Et dansk dampskib "Ekliptika" kom til Sandene tirsdag med kullast frå Rotterdam til de tyske orlogsskib som fortiden er i Nordfjord. 10000 tønder lossedes over i "Stralsund" og med resten av lasten, 20000 tønder, fortsattes onsdag til Olden hvor ogsaa to tyske orlogsskibe henligger.

Ball ombord
Måndag 4. august forlét S.M.S. Stralsund Gloppen. Den dagen stod dette å lese i Nordfjord:

- Den tyske krydser "Stralsund" som har ligget her siden lørdag 26de f.m. avreiste i dag kl. 2 em. Igaaraftes hadde skibets officerer bal om bord hvortil en del av stedets damer samt frå hotellerne var indbudte.

Kvar reisa til Stralsund gjekk vidare frå Sandane, veit vi ikkje så mykje om, men mange båtar heldt fram vidare langs norskekysten heilt til Nordkapp, medan andre for det meste heldt seg i fjordane på Vestlandet. Sikkert er det i alle fall at utfluktene dei tyske skipa hadde til Noreg i desse åra før Den første verdskrigen braut ut, var som reine ferieturar å rekne i høve til det som skulle kome.


«S.M.S. Stralsund. Kleiner geschützter Kreuzer.» Dette er det offisielle biletet vi har fått frå WZ-Bilddienst, Wilhelmshaven. Biletet er teke etter ombygginga i 1916.

I kamp med britane
Kort tid etter krigsutbrotet i august 1914 kom Stralsund, saman med korvetten Ariadne, i kamp med britiske sjøstridskrefter og vart råka av ein torpedo. Ingen av mannskapet på Stralsund omkom, men Ariadne vart senka. Før kommandant Harder trekte skipet sitt ut av kampane, lukkast det han å berge 59 mann frå den synkande korvetten.

Dei påfølgjande månadene oppheldt Stralsund seg for det meste i Nordsjøen og Austersjøen, der minelegging vart primæroppgåva. Ved eitt høve kom skipet i kamp med den britiske ubåten E1, men lukka stod tyskarane bi, og ein unngjekk treff frå den livsfarlege motstandaren.

Ombygging
I februar 1916 vart skipet ført til Kiel, der ombygging og opprusting venta. Mellom anna vart dei gamle kanonane bytte ut, torpedorøyra på midtdekket tekne vekk og skipsbakken forlenga med ti meter for å gje plass til nye kanonar i frontpartiet.

I juli same år var eit nyopprusta skip tilbake i Nordsjøen, klart til fleire harde tak.

Seinare under krigen kom Stralsund igjen i kamp med fleire britiske ubåtar, men kom kvar gong frå det utan større skader.

Dei siste krigsmånadene i 1918 låg skipet for det meste i Austersjøen, der tilstandane på den tid var heller kaotiske.

I august var skip og mannskap med på mineryddingsarbeid inst i Finskebukta, før kursen vart sett heim til Kiel. 17. desember vart Stralsund teken ut av teneste, og ei uviss framtid venta.


Gast frå S.M.S. Stralsund. Dette biletet er funne i eit privat album på Sandane, med påteikninga «Faaet 1913». Ettersom båten vart liggjande her i over ei veke, er det naturleg at det vart ein del kontakt mellom gastane og innbyggjarane på Sandane.

Til Frankrike
Sidan Stralsund ikkje var mellom dei internerte skipa ved slutten av krigen, hadde dei tyske styresmaktene eit godt håp om å få behalde skipet. Men dei knallharde vilkåra dei allierte sette til Tyskland i fredsforhandlingane i Versailles, der eitt av krava var at alle båtar over 1.600 tonn skulle utleverast, førte til at S.M.S. Stralsund den 5. november 1919 vart stroken frå lista over tyske krigsskip.

20. juli 1920 vart skipet overgjeve til Frankrike i Cherbourg, og omdøypt til Mulhouse. Etter mange års innsats i den franske marinen, vart skipet teke ut av teneste i 1935, og enda som vrakgods i Brest.

Eit artig minne
Stralsund var berre eitt av tallause tyske krigsskip som vitja Noreg i første halvdel av det førre hundreåret. Likevel hadde dette skipet ein litt spesiell plass i minnet til mange glopparar. Helsinga frå nokre av mannskapet, som var på kring 350 mann, var lenge ukjent for dei fleste i bygda. Likevel har orda i fjellsida levd som eit artig minne frå den tida Gloppefjorden jamleg vart trafikkert av større skip som kvar hadde si spesielle historie frå krig og fred å fortelje.

På Vangsnes i Sogn har dei ein statue som sitt minnesmerke frå denne tida. Gloppen sitt står måla på fjellveggen i Engesetåsen: S.M.S. STRALSUND 1913.





Fekk du med deg: «Skora – husmannsplassen like ved Sandane sentrum»
Tidlegare saker frå arkivet:
«Tusenkunstnaren John N. Svidal»
«Riset – det vesle bruket med den sterke historia»