Orkja med sin karakteristiske profil fotografert frå vest, nærare bestemt Sanddalen.

Fjellet, mytane og hendingane


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka var første gong publisert i Firda Tidend Jul 2009.





Enten ein kjem køyrande til Jølster frå aust eller vest, så vil noko av det første som møter ein vere det karakteristiske fjellet Orkja på sørsida av Jølstravatnet.



Trass si lite imponerande høgde på 948 moh, så ruvar dette fjellet godt i landskapet, og er så avgjort med på å prege naturen langs vatnet som strekkjer seg gjennom Astrupbygda.

Mange ras


Målaren Nikolai Astrup hadde også fjellet med på mange av sine arbeid, og fleire av dei mest kjende måleria hans har motiv frå stranda under fjellet. Her kan vi nemne «Marzmorgen», «Fugl på stein» og «Seljekallen». Sjølve fjellet var også med på mange bilete, og det mest karakteristiske i så måte er vel fana som han måla til Myklebost Ungdomslag.

Fjellet er eitt av svært få fjell i Sunnfjord som ligg heilt for seg sjølv, utan feste i andre fjell. Det ligg der som ei såte i landskapet med det loddrette stupet ned mot vatnet på nordsida, og den skogkledde og slakke lia mot Dvergsdalsdalen på sørsida. Her har vi vel også grunnen til namnet som kjem av ark-kiste (jfr. Noah’s Ark). Trass den til dels dramatiske topografien, var utmarka rundt dette fjellet svært mykje nytta til utmarksslått i eldre tider. Dei små utløene sto tett i tett i liene på sørsida og langs med strandkanten på nordsida. Nokre få av dei står enno og vitnar om tidlegare tider og deira driftsmåtar.

I lia på nordsida av fjellet var det i eldre tider ei god rås mellom Myklebust og Dvergsdalen. Ei eldre kone, som eingong var på veg mellom dei to grendene, trefte ein bjørn midt i råsa. «Fløtt deg dett styggebest», ropte ho til bjørnen, og det var nok til at han fann det best å flytte seg.

Den karakteristiske profilen som møter ein når ein køyrer langs vatnet, viser at her har det gått ras, store ras og fleire ras. Det første ein veit om, gjekk i 1684 og vart skildra slik av lensmann Jens Nielsen:

«Annen dag påske løb den forferdelige svor i Årken mellom Dvergsdal og Myklebust, og havde ikke den sterke Iisen veret, da havde den gjordt for stor skade, både på Helghems-Kirken, Sandenes og andre gårde, - Gud vere og os nådig.»

I ein gammal spådom heiter det så «at når det øvrige av Orken falder skal verden forgå». Ei lita regle som har versert i bygda i uminnelege tider og i litt ymse versjonar tek også føre seg rasfaren i Orkja. Den går slik:

Orkja brotnar
Kjerkja flotnar
Sandneset forgår
Men Øvr-åsen står

Raset i 1684 skapte altså flodbylgje som vart dempa av sterk is, men på nordsida av vatnet vart vatnet pressa opp mellom isflaka som gjennom ei sprøyte, og det vart funnen levande fisk langt opp på land. Til og med inne i løer fann dei fisk. Dersom dette er riktig, så har det nok vore store krefter i sving. Det var truleg etter dette raset at stupet mot vatnet vart reinska og fekk den forma det har i dag. Om namnet «Hengjeflogja» også er frå den tida eller tidlegare, er vanskeleg å seie.

Det gjekk elles fleire ras det året; både i Sandneset og i Årdalen gjekk ras som gjorde skade.

Fjellet har sidan opplevd to store ras utan att verda har forgått, men det gjekk to liv i raset i 1862. Det er denne hendinga som er bakgrunnen for denne artikkelen.


I 1959 var spaden framleis ein viktig reiskap på vegarbeid. F.v.: Anders Søgnesand, Anders K. Sunde, Sverre D. Sanddal, Oddbjørn Dvergsdal, Bjarne Dvergsdal og Sigmund Sunde.

Folket på «Runnaplassen»


Det hadde seg slik at under bruka på Myklebust var der på det meste sju plassbruk, og to av desse låg innetter stranda under Orkja. På ein av desse plassane budde der ein liten huslyd med to vaksne og etter kvart sju born. Plassen vart kalla Runnane, og ved folketeljinga i 1865 fødde den 6 storfe og 10 sauer, og det vart utsådd ¾ tynner havre og 1 tynne poteter. Plassen låg under bnr. 6 ”Med elva”. Plassen er som sagt nemnd under folketeljinga i 1865, men ikkje i 1835. Det er derfor truleg at dette bruket var ganske nytt, og at brukarane i 1865 var dei første.

Husmannsfolka på «Runnane» i 1862 var Zakarias Erikson Myklebust og kona Anne Marie Andersdtr. Myklebust. Han kom frå Årdalen frå plassen «Markja», Årdal ytre. Anne Marie var frå bnr. 2 på Sægrov og dei har gifta seg rundt 1843. Mest truleg har dei overteke plassen på den tida, eller litt seinare.

Dei fekk 7 born, den første, Abraham, var fødd i 1844 på Sægrov, den neste, Johannes, i 1846 også han truleg fødd på Sægrov. Så fekk dei ein i 1849 som heitte Erik, han var fødd i Dvergsdalen, uvisst av kva grunn. I 1851 fekk dei så ei jente, Anne Marie, som også var fødd på Sægrov, ho døydde same året. Den første av borna som var fødd på Myklebust, var Anders i 1852, han døydde tidleg. Dei to siste Andreas f.1855 og Sakarias f. 1858 var begge fødde på Myklebust.

Tragedie råka


Bruket var for lite til å leve av åleine, og Zakarias måtte skaffe inntekter utanom, m.a. var han med på sildefisket ute ved havet om vintrane. Vinteren 1862 var Zakarias på sildefiske. Anne Marie var heime med borna, i alle fall dei to minste som då var fire og sju år gamle. Johannes, som då var 16 år, var kanskje med faren på fiske, det er mogeleg, men ikkje sikkert.

Ein kveld denne vinteren høyrde Anne Marie plutseleg duren frå fjellet og skjøna at her var det fare på ferde. Stova låg nede ved vatnet, medan fjøsen og løa låg lenger oppe i bakkane. Litt lenger vest og lenger oppe låg den andre av dei to husmannsplassane, og ho tok med seg borna og sprang mot den. Dette raset kom lenger vest enn det i 1684, og gjekk i vatnet litt aust for husmannsplassen. Ettersom det her ikkje var oppfylt av tidlegare ras, så vart det ei svær flodbylgje som skòla på land. Bylgja nådde att den flyktande kvinna med den minste guten i armane og den andre springande ved sida. Alle vart tekne av bylgja og den minste vart riven ut av armane på mora som fortvila prøvde å berge borna og seg sjølv. Anne Marie vart hengande fast i ein hesjestaur og berga såleis livet, men ho måtte snart innsjå at dei to borna var vekke. Der sto ho då fortvila og hjelpelaus, langt i frå folk, og det var mørkt og sikkert ruskevêr i tillegg. Ho skjøna nok etter kvart at borna var vekke for godt, for det var ingen tvil om at dei var farne på vatnet.

Det vart sokna og leita etter dei så godt det let seg gjere, men det har vorte fortalt at ein synsk person som vart kontakta «såg» dei liggande under ei stor torve som enten raset eller flodbylgja hadde teke med seg, og at det såleis ikkje var råd å finne dei.


Til påske kom mjølkebilen seg forbi raset. Dermed var eit stort problem ute av verda. Her ser vi f.v.: Bjarne Dvergsdal, Anders Søgnesand, Daniel M. Dvergsdal, Sigmund Sunde, Anders I. Sægrov, Anders K. Sunde, Magnus Dvergsdal, Oddbjørn Dvergsdal og Anders M. Sunde.

Katten berga seg


Stova som dei rømde frå sto like godt, og katten som var att inne berga livet. Det var sand på golvet og på bordet, men det er vel truleg at dei hadde berga seg dersom dei hadde blitt verande i huset.

Zakarias var som sagt på sildefiske og viste ingen ting om tragedien som hadde råka huslyden. Ut på seinvinteren eller våren, på veg heimatt, fekk han den grufulle bodskapen av soknepresten i Førde. Alle kan vel tenkje seg kva sjokk dette vart, og turen frå Førde og heimatt vart nok meir enn tung. Dette fortel også det meste om kommunikasjonane på den tida.

Men livet måtte gå vidare. Dei hadde trass alt tre born att, mellom dei den eldste, Johannes. Zakarias og Anne Marie heldt fram på bruket, og dei budde der resten av livet.

Ny tragedie


Johannes som var 16 år då raset gjekk, gifte seg i 1868 med Brita Olsdtr. Årdal frå bnr. 1 Årdal indre, «Instetunet». Dei fekk etterkvart åtte born. Den første, Zakarias, vart fødd i 1869 og den nest siste, Severina i 1881. Medan Severina var i oppveksten, ein gong på 1890-talet, vart huslyden på «Runnane» endå ein gong råka av Orkja. Denne gongen var det Johannes sin tur, som hadde overlevd raset og flodbylgja, enten fordi han ikkje var heime eller fordi bylgja ikkje nådde han. Under slåttearbeid oppe i fjellet ein stad, gjekk det gale. Han for utfor ein fjellhammar og slo seg i hel, og dermed hadde Orkja teke tre av borna til Zakarias og Anne Marie. Brita sat att med fleire mindre born, men dei eldste var vaksne og utflytta. I 1900 sat Zakarias og svigerdottera, Brita, att på bruket saman med yngste sonen hennar, Johan. Zakarias døydde i 1918 98 år gammal.

Plassen var i drift fram til 1913, då Severina, den yngste dottera, gifte seg. Då flytte Brita til Bergen der fire av borna hadde busett seg. Tre var reiste til Amerika, og berre Severina vart verande i Jølster. I 1914 gjekk plassen attende til hovudbruket «Med elva».

Severina gifte seg med Knut J. Sunde frå bnr. 5 på Sunde, «Sundsgeilane». Dei fekk åtte born. Ein av dei, Johanna Egge, f. 1924, etter kvart busett i Dvergsdalen, no død, har vore med og kvalitetssikra nokre av opplysningane i denne artikkelen.

Stova på «Runnaplassen» vart etterkvart riven og murane gjekk med under vegbygginga, men i alle fall løa vart ståande lenge og var faktisk i bruk fram til 1968. Murane viser godt, og det er også mogeleg å sjå spor etter der stova sto nede ved vegen. Odden som stikk ut i vatnet der raset gjekk har sidan vorte heitande «Nysvorodden».

Det siste raset


Det gjekk nesten nye hundre år før det neste store raset gjekk i Orkja. I sekstida om morgonen 1. mars 1959 buldra det på nytt. Denne gongen var det «Hengjeflogja» som kom, altså på same staden som i 1684. Dette raset var venta, for oppe i toppen av «Hengjeflogja», om lag 500 meter over vatnet, hadde det i lange tider vore ei stor sprekke som var godt kjend og som var vurdert av geologar. No låg urda frå det førre raset der og det var også oppfylt i vatnet utanfor. Difor meinte geologane at faren for flodbylgje ville vere liten ved eit nytt ras. Is på vatnet gjorde også sitt til at fagfolka fekk rett, og at det denne gongen ikkje vart skade av flodbylgje. Riktig nok slo vatnet på land i Årdalen, men det vart ikkje nemnande skade av det.


Arbeidsfolk frå Dvergsdal, Sunde og Sægrov som var med på oppryddinga etter raset i 1959. F.v.: Anders I. Sægrov, Daniel M. Dvergsdal, Audun K. Dvergsdal, Anders Søgnesand, Anders M. Sunde, Sigmund Sunde, Bjarne Dvergsdal. Framme Anders K. Sunde.

Vegen langs stranda under Orkja, derimot, hadde fått stygg medfart. Raset var 300 meter breitt og 15 meter på det høgste, og vegen var såleis sperra i fleire veker. Mjølketransport og annan transport måtte gå forbi rasstaden med båt, og det var heller ikkje så enkelt sidan det ikkje lenger var større båtar i vatnet. Kyrkjebåten M/B Gudtorm var seld for vel to år sidan, og dermed sto dei stort sett att med færingar.

Rasmorgonen var mjølkebilen på veg nedover sørsida i si vanlege rute. Komen litt ut i stranda under Orkja, vart bilen stoppa av folk frå Dvergsdalen som hadde vore utover og sett kva som hadde hendt. Ein kar som var med bilen sa då noko slikt som dette:

– Er det ikkje råd å få tak i nokre spett og spadar så vi får rydda såpass at vi kjem forbi. Han gav nok fort opp den tanken då han såg raset.

Det vart sett i gang rydding av raset ganske fort, og prisen for å få vegen såpass at det kunne køyrast forbi, vart kalkulert til 35-40 tusen kroner. Full opprydding og istandsetjing av vegen var rekna til å koste om lag 80 000 kroner. Til Påske var vegen farande med bil, og dermed kunne livet kome inn att i sitt vande gjenge for dei som trafikkerte sørsida av Jølstravatnet.

Såret i fjellsida var synleg lenge og er det sjølvsagt enno, men fjellet har mørkna og det store, kvite arret er såleis borte. Den store rasura er for lenge sidan overgrodd med skog og er omtrent ikkje synleg.

Mindre steinsprang har gått i fjellet mange gonger sidan, men ikkje større ras. Det mange lurer på er sjølvsagt kva som skjer neste gong, for der er nok opplegg til nye ras i «Hengjeflogja». Spørsmålet er då om den gamle spådommen om at «når det øvrige av Orken falder, skal verden forgå» blir berre ein spådom.

Den som lever får sjå.

Kjelder:
Folketeljing Jølster 1865 og 1835 – Digitalarkivet.no
Fødselsregister Jølster 1800 – talet – Fylkesarkivet Sfj
Klakegg A. O.: Bygdebok for Jølster
Sanddal Johs D: Glimt frå Jølster
Egge, Johanna; munnlege overleveringar
Avisa Firda Mars 1959
Takk også til Svein-Olav Sandnes som har hjelpt til med opplysningar til denne artikkelen.