Cora Bone frå London kan nyte ein fantastisk utsikt frå verandaen til det nybygde huset sitt på Skei. Etter å ha forelska seg i Noreg for 40 år sidan, flytte ho i fjor til Jølster. – Det er så fantastisk flott her, seier ho, godt nøgd med endeleg å realisert draumen sin om å bu i Noreg.

Engelske Cora tok bussen til Skei – og blei verande der


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka var første gong publisert i Firda Tidend 18. november 2009.




– Eg var i Fjærland i lag med mannen min og dottera mi for 40 år sidan. Då forelska eg meg i dette landet og bestemte meg for ein gong å bu her, fortel engelske Cora Bone. 



Å flytte åleine til eit nytt land som pensjonist, er det slett ikkje alle som gjer. Men Cora Bone frå England har gjort det. Og når ho først skulle flytte, var det aldri tvil om at Noreg måtte bli det nye heimlandet hennar. Men at ho hamna på Skei, var langt meir tilfeldig.

– For mykje folk

– I påska i fjor budde eg på hotell i Førde, og sidan alt var stengt og det ikkje skjedde noko på dagevis, kjeda eg meg. Det vart til at eg tok bussen til Skei. Eg tykte det var så fint her at eg bestemte meg for at dette var staden eg ville bu, fortel Cora Bone.

Den engelske dama sit på kjøkkenet i det nye huset sitt på Skei. Novemberdagen er vakker, og ho har ein utsikt over Jølstravatnet som mange kan misunne henne. Etter å ha hatt eit ønske om å slå seg ned i Noreg i nesten 40 år, tok ho i fjor steget og flytta til Jølster. Etter eitt år i ei hytte på Vassenden, stod i sommar det nye, flotte huset hennar på Skei ferdig. No nyt ho pensjonstilveret i den klare Jølster-lufta – langt vekke frå travle London-gater, slekt og vener.

– Det er for mykje folk i England, og eg ville flytte derifrå. Eg har alltid elska Noreg, og i fjor bestemte eg meg for å flytte hit. Dottera mi, som bur i Frankrike, tykte det var mest praktisk at eg budde i Oslo eller Bergen, men så trefte eg ei dame som lokka meg med til Sunnfjord. Eg såg først på ei tomt i Florø, men då eg fekk høyre at bølgjene kunne slå over huset om vinteren, fann eg ut at det ikkje var noko for meg, fortel Cora.

Dermed vart det Skei i Jølster for dama som har budd mesteparten av livet sitt i London

– Veldig hyggjelege

– Eg kjøpte tomt med Jølster kommune. Vegen opp hit var ikkje eingong bygd då eg såg meg ut tomta, og eg var heldig og kunne velje den tomta eg ville ha. Kommunen var veldig hjelpsam. Eg ville ha eit stort og moderne hus, og eg fekk ein arkitekt i England til å teikne det. Men det vart ganske dyrt, for pundkursen har vore veldig lav, seier Cora Bone med eit smil.

Og ein kan trygt slå fast at huset er moderne, stort og flott. Innvendig er det meste kvitt, og namnet ”Kvithagen”, som Cora har gjeve heimen sin, høver godt. Sjølv om huset er stort og romsleg, er ho klar på at ho ikkje har tenkt å leige vekk noko av det.

– Eg har budd åleine sidan mannen min døydde for 15 år sidan. Eg likar meg åleine, understrekar ho.

Men sjølv om ho flytte til ein stad der ho ikkje kjende éin einaste person frå før, er ho langt frå einsleg på Skei.

– Naboane og folk generelt her er veldig hyggjelege og hjelpsame. Eg blir henta og teken med på tilstellingar, og eg vert invitert på besøk til naboar og andre eg vert kjend med. Dessutan har eg framleis god kontakt med venene mine i England. Eg har både telefon og Internett, poengterer Cora.

– Men mange av venene mine i England trur eg er gal som har flytta til eit land der det er så kaldt. Dei vil ikkje kome på besøk til meg om vinteren, men når dei kjem hit om sommaren, elskar dei å vere her, legg ho til.

Opera

I England arbeidde Cora Bone mellom anna som lærar. Etter at mannen vart pensjonist, flytte dei frå London til Dorset i den sørvestlege delen av landet. Der engasjerte Cora seg i lokalpolitikken, i tillegg til å dyrke interessa for den engelske sporten cricket.

– Cricket er ein stor idrett i Storbritannia. I 1995 blei eg kåra til Clubman of the year i den lokale cricketklubben i Dorset. Eg håpar det er mogleg å starte eit cricketlag her i Jølster også. Eg prøver å overtale ein del ungdomar til å vere med. Det er mykje betre at dei unge driv med idrett enn at dei heng rundt på gata, seier Cora Bone, og viser til at Skei stadion er ein ypparleg stad for cricketkampar.

I tillegg til lidenskapen for cricket, er Cora også svært musikkinteressert.

– Eg elskar opera. Eg har vore i operaene i Sydney, Verona, Helsingfors og London. Eg har lyst til å reise til operaen i Oslo, og eg satsar på å ta meg ein tur til Nordfjordeid og operaen der neste år, fortel ho.

Ho likar å synge sjølv også, men det er ho slutta med.

– Eg har sunge i kor tidlegare, men eg har ikkje stemme til det lenger, slår Cora Bone fast.

Krigsår i London

Ein annan av hobbyane til Cora, strikking, kosta henne nesten livet som ung jente. Familien hennar budde på Wimbledon i London, og under krigen datt dei tyske bombene tett over den engelske hovudstaden.

– Ein gong sat eg ved glaset og strikka. Eg la frå meg strikketøyet og gjekk for å gjere noko anna. Rett etterpå eksploderte ein V2-rakett i gata utanfor huset vårt. Glasa i huset vart blåsne inn, og strikketøyet eg hadde lagt frå meg i stolen eg sat i, flagra. Katten vår vart vekke og kom ikkje att på tre dagar etter den hendinga, fortel Cora.

Minna frå Den andre verdskrigen er framleis levande for den britiske dama. Faren var utkommandert og arbeidde med desarmering av miner. I huset i London levde ungjenta saman med mora og bestemora. Under slaget om Storbritannia kom tyske fly og sleppte bomber over den engelske hovudstaden kvar natt klokka tre.

– Vi kraup i dekning under eit stort stålbord i stova. Det gjekk bra, sjølv om huset vårt vart påført skader. Ein gong trefte ein V1-rakett kyrkjespiret på kyrkja i nærleiken. Hadde han ikkje treft der, hadde huset vårt blitt treft, så den gongen var vi heldige, slår Cora Bone fast.

Ho hugsar framleis den karakteristiske lyden V1-rakettane gav frå seg. Rett før dei landa vart dei stille, og då kunne ein ikkje lenger vite kvar dei var.

– Noreg redda England

Sjølv om krigskvardagen verka sterkt inn på livet i London og i familien til Cora Bone, prøvde ein å få dagleglivet til å gå mest mogleg som før.

– Eg gjekk på skulen som vanleg, kvardagen gjekk sin gang. Men det var knapt med mange varer. Eg hugsar at vi fekk eitt egg kvar i veka, og kvar søndag klokka ni om kvelden vart nasjonalsongane til alle dei allierte nasjonane spelte på radio, fortel ho.

Som engelsk statsborgar busett i Noreg, har ho eit hjarte som bankar både for det gamle og det nye heimlandet sitt. Ho meiner det er viktig å ta vare på det gode forholdet som blei skapt mellom dei to nasjonane under krigen.

– Ein kar eg møtte på butikken sa at England redda Noreg den gongen, men det er feil. Det var Noreg som redda England då tungtvatnet frå Rjukan vart uskadeleggjort, seier Cora og viser til den legendariske sabotasjeaksjonen på Norsk Hydro sitt anlegg på Vemork i 1943.

Men krigsåra i London ligg langt tilbake i tid. No nyt Cora Bone pensjonisttilveret i einebustaden sin på Skei. Dagane går med til strikking, turgåing, husarbeid og andre daglege gjeremål. Til og med Kong Harald har ho sett i Jølster.

– Eg var den einaste som var møtt opp og vinka til han då han reiste etter lunsjen på Skei Hotell i samband med vegopninga i Kjøsnesfjorden, seier Cora Bone med eit smil medan ho ser ut over eit blikkstilt Jølstravatn.

Det er godt å vere engelsk i Jølster.