Sunnfjord-ordførar Jenny Følling er leiar i Region Fjordane.

Slik er uttalen frå Region Fjordane

Dei elleve kommunane i Region Fjordane har samla seg om ein prinsipputtale i saka om ny tilbodsstruktur i dei vidaregåande skulane.

Det vart ikkje semje om ein fellesuttale frå Region Fjordane om dei konkrete vgs-tilboda, men medlemskommunane har gått saman om ein prinsipputtale i saka om ny tilbodsstruktur i vidaregåande skule i Vestland.

Les også
Vart ikkje einige om fellesuttale

Gloppen, Stryn, Stad, Kinn, Sunnfjord, Bremanger, Solund, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Høyanger er medlemmer av Region Fjordane. Dette er uttalen som blir sendt Vestland fylkeskommune:

Artikkelen held fram under annonsen.

Overkapasitet

I høyringsforslaget har ein fokus på samla overkapasitet av elevplassar som skal justerast med utgangspunkt i elevtalsprognosar fram mot 2035. Tabell 6 er ei oversikt som synleggjer overkapasitet i inntaksregionane med bakgrunn i elevtalsprognosane med dagens tilbod og framlegg til 2035. Tabellen viser korleis den tilrådde tilbodsstrukturen vil påverke dei ulike inntaksregionane. Det er 3 regionar som vil komme i underskot av elevplassar til «sine» elevar. Berekna overkapasitet i Nordfjord, med det tilbodet vi har i dag, er 8,7 % i 2035. Med forslaget til tilbodsstruktur i høyringsforslaget kjem Nordfjord ut med -2,8% som svarer til -35 plassar. Dette skil seg sterkt frå dei andre inntaksområda

I høyringsdokumentet s. 11 vert det vist til at fylkeskommunen må overdimensjonere med ein overkapasitet for at elevar skal ha reelle valmoglegheiter og få oppfylt retten til eitt av tre ønsker. Fylkeskommunen må leggje til rette for at inntaksregionane og skulane er riktig dimensjonert slik at ungdom har reelle valmoglegheiter til å velje ein skule nær der dei bur. Region Fjordane stiller seg undrande til kvifor fylkeskommunen legg opp til ei ulik fordeling av prosentvis overkapasitet. Stor-Bergen kan vise til ei høgre oppfyllingsgrad samstundes er det ein av dei regionane som er tilrådd prosentvis høgare overkapasitet. Tabell 6 tek berre omsyn til dei offentlege skulane og Region Fjordane meiner at det bør komme tydlegare fram kva for regionar som til tilbyr private elevplassar. Den kan tyde på at den samla overkapasiteten i stor-Bergen er om lag 3000 elevplassar fleire enn det som kjem fram i høyringsdokumentet.

Yrkesfaggruppene i den nordlege delen av Vestland har fått auka storleik frå 12 til 15 elevar. Den nye overkapasiteten har uheldig konsekvens når overkapasitet blir målt på fulle grupper. Dermed får ein dårlegare oppfyllingsgrad og redusert linjetilbod ved skulane. Det er viktig med eventuelle bygningsmessige tiltak for å tilpasse rom til denne standarden vert gjennomført før ei eventuell justering i elevplassar ved den einskilde skulen, slik at skulane kan drive forsvarleg innanfor tilrådingar og forskrift.

Elevane i fokus

Kommunane i Fjordane er særleg opptatt av at elevane skal ha gode utdanningsmoglegheiter der dei bur og fylkeskommunen sitt mandat er å planleggje ut frå elevane sine val. Målsetjinga er at alle fullfører vidaregåande opplæring og kjem seg i arbeid. For at elevane skal ha reelle valmoglegheiter må ein planleggje for overkapasitet og gjere årlege justeringar for finne gode løysingar for innsøkinga frå år til år. I staden for å strupe og sentralisere utdanningstilboda bør ein fokuserer på fleksible modellar som kjem elevane til gode.

Region Fjordane meiner at fylkeskommunen bør vareta eit breitt utdanningstilbod utanfor Bergen. Det er spesielt viktig at utdanningstilboda har ei breidde som tek omsyn til ungdom, næringslivet og arbeidsmarknadens behov. Forslaget til Vestland fylkeskommune er eit uttrykk for ein sterk sentralisering når ein vel å flytte dei kreative fagområda til Bergen.

Distriktstiltak for å sikre gode utdanningsmoglegheiter på mindre skular.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prinsippet om desentralisert skulestruktur er ikkje godt nok vareteke og region Fjordane ynskjer å vere tydleg på den sentraliseringa som fylkeskommunen legg fram er uønskt utvikling.

Region Fjordane har forståing for at Vestland fylkeskommune vil lage ein plan for tilbodsstruktur i takt med endra demografisamansetjing. Vi vil rå fylkeskommunen til å vere meir ambisiøs og innovativ i si tilnærming til tilbodsstrukturen for å ta vare på heile Vestland. Dei fleste vidaregåande skulane i region Fjordane er forholdsvis små skular og viktig arena for rekruttering til arbeidsmarknaden.

Region Fjordane meiner at fylkeskommunen bør sjå på andre modellar enn «fulle klasser» i arbeidet med tilbodsstruktur og innsparing. Den tilrådde modellen forringar utdanningstilboda utanfor stor-Bergen og difor meiner vi at ein bør gjere andre utgreiingar om framtidig tilbodsstruktur. Døme på utgreiingar som ein bør sjå på er;

• Fleksibel planlegging på skulane t.d. samanslåing av fellesfag på dei yrkesfaglege programområda slik at gruppene blir større.

• Periodeplanar og blokkdagar for å få til samarbeid mellom skulane og utnytting av ressursar.