Ola Kvernberg tek med seg kvartetten sin og står for opningskonserten under Jazz på Jølst.

Dobbel trillinglukke på Vereide

Dei er fødde det same året, vaks opp eit par kilometer frå kvarandre, gjekk i klasse i lag på Vereide skule, Gloppen ungdomsskule og Firda vidaregåande skule. 21 år etter at dei gjekk ut av 6. klasse på den no nedlagde skulen på Vereide i lag med tre andre jenter og tre gutar, er Janne Katrin Føleide og Unni Margrete Reinen Tveit trillingmødrer.

Ifølgje Store norske leksikon er éin av 7.200 fødslar trillingfødslar. Sjansen for at to av fem jenter frå ei lita klasse på ein liten skule skulle få trillingar, er forsvinnande liten. Så liten at sjølv statistikkane slit med å strekkje til.

– Ei av dei vi gjekk i klasse med har uttrykt at ho ikkje torer å få fleire ungar av frykt for at også ho skal få trillingar, smiler Janne Katrin Føleide.

5. mai 2010 blei ho og ektemannen Knut Oddvar Sundli foreldre til to gutar og ei jente. Knapt to år seinare, 10. april i år, følgde Unni Tveit og sambuaren Bjørn Skarbøvik etter som trillingforeldre. Dei fekk to velskapte jenter og ein gut.

Les heile saka i papirutgåva fredag.

– Vi er heldige som kan snakke med nokon som kjenner situasjonen. Vi forstår kvarandre godt, seier dei gamle klassevenninnene Janne Katrin Føleide og Unni Tveit.