Nikolaj viser fram medaljane sine sommaren 2016. Framleis er han svært sprek, seinast i vinter stod han på hendene! Han fortel at han har eit mål om å bli like gammal som bestefedrene sine. Dei vart 103 og 110 år.

Krigsfangen som dukka opp etter 71 år



Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert i papirutgåva og som vi framleis trur har interesse. Denne saka vart først presentert i Firda Tidend 26. august 2016. Nederst i saka er linkar til andre godbitar frå arkivet.






Historia om Russehola, der fire russiske krigsfangar oppheldt seg den siste krigsvinteren etter å ha rømd frå den tyske fangeleiren på Sandane, er utan tvil det mest dramatiske kapittelet i krigshistoria på våre kantar.

Lokale hjelparar utsette seg sjølve og sine næraste for stor fare for å hjelpe rømlingane. Dei tyske nazistyresmaktene la ikkje skjul på kva som var straffa for slikt: «Den som hjelper en krigsfange til å flykte ved å gi ham husly, klede og mat og lignende må, ifølge reichsstrafgesetzbuchs paragraf 91 b. regne med dødsstraff for begunstigelse av fienden».

Til stor forundring for dei fleste dukka dei fire russarfangane og Alex Krag, norskrussaren som budde saman med dei i hola, opp på Rygg 8. mai 1945, nær åtte månader etter røminga. Dei vart tekne vel imot i bygda og gjekk i 17. mai-toget på Sandane det året.

Sjølv om det vart knytt nære venskapsband mellom hjelparane i Gloppen og fangane, har ingen høyrt frå dei etter at dei reiste tilbake til Sovjetunionen. Mange har nok gjeve opp håpet om at det skulle skje, og har innfunne seg med at Jakob, Filip, Andrej og Nikolaj mest truleg gjekk ein tung lagnad i møte då dei kom tilbake til Stalin sitt regime.

No kan eit nytt kapittel leggjast til i ei soge dei fleste trudde var ferdigskriven. I sommar kom meldinga om at Nikolaj lever og kan fortelje!

- - - - - - - - -

– Eg vil helse og takke det norske folket for hjelpa eg fekk




Orda tilhøyrer Nikolaj Tsjitsjulin (97), ein av dei fire russiske krigsfangane som overvintra i Russehola vinteren 1944-45.

Historia om russarane som rømde frå fangeleiren på Sandane hausten 1944 og overvintra i ei hole i Sandsstranda på sørsida av Gloppefjorden har levd mellom bygdefolket sidan krigen tok slutt og russarane vart sende heim. Ingen har høyrt frå dei sidan. Heilt til no – 71 år etter.

Losse- og lastearbeid
– Vi var fire russarar i gruppa. Etter frigjeringa vart staden vi gøymde oss kalla den russiske hole.

Nikolaj Dmitrijevitsj Tsjitsjulin er snart 98 år, men hugsar framleis krigsåra 1940-45 og opphalda i fangeleiren på Sandane og i Russehola.

Tidlegare i sommar vitja ein journalist frå avisa Kuzbass, Nikolaj i byen Kemerovo i Sibir, der han bur. Historia han fortel er interessant, og bidreg til at eit nytt kapittel i soga om Russehola kan skrivast.

Nikolaj Tsjitsjulin deltok i artilleriregimentet heilt frå Sovjetunionen vart angripe av Tyskland 22. juni 1941. 11. september 1942 blei han såra ved byen Malgobek i det som no er i republikken Ingushetia i Russland og teken til fange. Først var han plassert i leirar i Vest-Ukraina, men 10. januar 1943 blei han send til ein fangeleir i Stargard ved Berlin.

30. mars 1943 vart han send vidare til Noreg, først til ein leir på Lillehammer, så til Sandane. I leiren på Lillehammer var han nær ved å setje livet til, men ein medfange redda livet hans ved å gje han kinin.



– På Sandane  var eg med på losse- og lastearbeid. 20. september 1944 flykta eg, og fram til 5. juni 1945 var eg med Heimefronten nær Sandane, fortel Nikolaj og minnest at legen Lyslo var mellom dei som hjelpte han til å flykte.

Datoane for flukta og avreisa frå Sandane stemmer og vitnar om at den gamle mannen med den spesielle historia framleis er ei god kjelde.

Fire rømde, to snudde
Vi skrur tida tilbake til sommaren 1943 og starten på historia om fangeleiren på Sandane. I juni det året flytte kring 25 russiske krigsfangar inn i dei gamle husa på Aabakken i det som no heiter Øvrevegen like utanfor sentrum. Det vart sett opp to rader med piggtråd rundt eigedomen, og rett over vegen, i bustadhuset til urmakar Gloppestad, flytte dei tyske fangevaktarane inn.

Dei russiske fangane arbeidde i ulike lager kring på Sandane, og var også med på å byggje tre store potetkjellarar i Øyna.

Utpå sommaren 1944 tok det til å gå eit rykte mellom fangane om at dei skulle sendast til Tyskland. Seks av dei bestemte seg då for å røme frå leiren kvelden før dei skulle reise. Dei kraup under piggtrådgjerdet og inn i Reimershagen (no Sundt Ravnestad). Dei kryssa vegen og sprang oppover mot Resi-huset, som i dag er eigd av Adrian Paulen, tidlegare Senneset-huset.

Der møtte dei ein ung gut som budde i huset. Mørkt som det var, sette han i eit hyl, noko som førte til at to av fangane vart skremde og kom seg inn att i leiren. Nikolaj, Jakob, Philip og Andrej sprang vidare oppover skogen mot Fjellbygda.

Undervegs kom dei frå kvarandre og var ikkje samla att før alle var på plass i Russehola i Sandstranda 18 dagar seinare. På ulike måtar vart dei plukka opp av gode hjelparar og transporterte på plass i hola.

Spennande minutt
Nikolaj har den mest dramatiske flukthistoria av dei fire. Han miste kontakten med dei andre straks etter flukta og visste ikkje kor mange eller kven som hadde kome seg unna. Han var innom Austrheimstøylen før han drog ned att til Sandane og braut seg inn i Pelsdyrhallen på Øyrane. Der hadde tyskarane høylager til hestane sine, og det var difor godt og varmt å liggje der.

Etter kvart tvinga svolten han ut, og han lurte seg innover mot Sandane sentrum. Han visste at tyskarane hadde matlager i Aalandsbua, som stod der Sandal sitt bygg står i dag. Han kom seg usett inn i bua, plukka med seg dei varene han trengde og kom seg ut att til Pelsdyrhallen.

Dagen etter heldt han seg i ro, men andre kvelden la han i veg innover mot Aalandsbua igjen. Han kom seg usett inn i bua, men medan han var i ferd med å leite fram matvarer, gjekk den tyske vaktpatruljen, to mann og ein schäferhund, forbi. Hunden sette i retning Aalandsbua og stansa ved eit vindauge i kjellaren. Der stod Nikolaj rett innanfor. Tyskarane lyste inn gjennom vindauget med ei lommelykt. Nikolaj stod urørleg vend mot glaset. Ved beina hans låg sekken med tjuvgods. Lykta søkte rundt i rommet og kom nærare og nærare der han stod. Brått stod Nikolaj fullt opplyst midt på golvet. Han venta berre på eit skrik, ein smell eller ein annan reaksjon. Ikkje noko hende. Strålen sveipa vidare og kom endå ein gong på han utan at noko hende. Så vart det mørkt. Trass i at hunden protesterte sterkt, gjekk vaktene vidare. Nikolaj uttalte etter krigen at dette var dei mest spennande minutta i livet hans.

Kamp på liv og død
Nokre dagar seinare fekk Alex Krag, norskrussaren som på den tid dreiv vedhogst i Traudalen i påvente av klarsignal til å reise til England, melding om at Nikolaj ville møte han ved Pelsdyrhallen klokka tolv. Krag og dei russiske fangane var blitt kjende i Turnhallen, der fangane arbeidde og Krag gjekk i dampbad.

Krag trudde sjølvsagt møtetidspunktet var ved midnatt, men Nikolaj meinte midt på dagen! Ved middagstider gjekk Nikolaj ut for å sjå etter Krag. Det skulle han ikkje ha gjort. Han vart oppdaga av ein tysk soldat som tok til å fikle med geværet og ville skyte han. Det vart ein kamp på liv og død. Nikolaj tok seg inn att i Pelsdyrhallen, men tyskaren kom kjapt etter.

I halvmørket tok ei uhyggjeleg jakt til. Tyskaren prøvde heile tida å kome på skothald, men kvar gong smatt Nikolaj seg unna i høyet. Soldaten brukte alle knep for å få has på russaren, og heldt heile tida auge med utgangen, slik at Nikolaj ikkje skulle kome seg unna. Etter kvart som jakta drog i langdrag, skjønte soldaten at han måtte ha hjelp. Han kom seg ut, over Utstillingsplassen og opp på vegen. Der møtte han ein patrulje med schäferhund.



Russarfurua
Nikolaj måtte kome seg ut av hallen og vekk. I all hast sprang han utover langs sjøen, der det var mange svad og knausar og mykje småskog. Bak seg såg han tyskarane og hunden – som no var laus.

Russaren sprang for livet, men snart hadde han berre dei store, opne bøane på Austrheim framfor seg. Der ville han vere eit godt mål for eit velretta skot eller ein glamande hundekjeft. No var gode råd dyre.

Rett framfor han dukka det opp ei furu. Ho var berre tre meter høg, men greinene stod tett og rakk helt ned til marka. Nikolaj klatra til topps. Ikkje før var han komen opp, før han høyrde ein pesande hundekjeft og tyske røyster. Hunden kom på sporet rett mot furua. Der vart han gåande og krysse fram og tilbake. Så kom soldatane. Dei var klar over at russaren ikkje kunne ha passert bøane og at han måtte vere i nærleiken. Ein sersjant, som var leiaren for patruljen, stansa rett under furua der Nikolaj sat i toppen. Sersjanten brukte kjeft både på bikkja og soldatane, og det vart sett i gang leiting alle stader i småkrattet. Men oppi treet var det ingen som tenkte på å sjå. Nikolaj vart sitjande i furua til det vart mørkt. Då tok han seg opp att i skogen ovanfor Sandane.

Furua gjekk sidan under namnet Russarfurua.

Vågal sykkeltur
Nokre dagar seinare vart Nikolaj oppdaga i ei uteløe like ovanfor Sandane. Ein dag Agnes Sydness var oppe i kjøkkenhagen og stod attmed veggen av denne løa, høyrde ho brått ei røyst innanfor: – Ægnes, Ægnes.

Ho såg inn. Der sat Nikolaj.

No vart Albert Øydvin, som var næraste nabo til fangeleiren og som kjende fangane godt, varsla. Det vart også doktor Kolbjørn Lyslo. Dei tok kontakt med Agnar Nyhagen, som var vaktmeister ved Turnhallen og såleis hadde hatt ein del kontakt med fangane. Saman klekte dei ut ein smart plan for å få Nikolaj trygt ut til ei hole i Sandsstranda som Jakob H. Rygg og Edvin Sande hadde peika ut som potensiell gøymestad for dei rømde fangane.

Laurdags kvelden skulle det vere dans på Rygg. Planen var å kle Nikolaj fint opp og sykle utover. Kolbjørn og kona Alvhild Lyslo skulle sykle først, så Nikolaj og til slutt Nyhagen.

I eit lydbandopptak frå 2001 fortel Agnar Nyhagen om det som skjedde vidare:

– Nikolaj fekk på seg konfirmasjonsdressen som Øydvin sine hadde vakse ut av, hatt og låge sko. Han var fint pussa og såg ut som ein konfirmant. Vi hadde ein som passa på når den tyske vaktpatruljen var passert utover mot Øyrane. Vegen var klar, no måtte vi kome oss av garde. Vi gjekk ut, Kolbjørn og Alvhild sette seg på syklane og reiste. Nikolaj tok sykkelen sin, sette seg oppå og reiste direkte bort i grøfta. Eg tok opp sykkelen og såg at styret var skeivt og laust på gaffelen. Nikolaj stod der så forunderleg hjelpelaus og fattig og såg på meg. Han var motlaus, det såg eg i auga hans. Ja, ja, sa eg. Dette kan du ikkje sykle på. Eg snudde til sykkelen min og sa kom igjen, sett deg her. Då var auga hans overraska og veldig takknemlege.



På plass i hola
Turen gjekk ut vegen og ned ved bakeriet til Henden. Vidare innover forbi kaiene, ned Skarsteinbakken, over Fargarbrua og forbi Sivertsens Hotel. Gjennom sentrum gjekk alt fint, men då dei kom til butikken til «Kristen i Åsen», der gamlevegen går opp til Gloppen ungdomsskule og Trivselshagen i dag, stod det plutseleg to mann i vegen.

Nyhagen fortel vidare:

– Dei ropte «pass, pass». «Hald kjeft», sa eg. Då gnatt det ikkje meir i dei. Heldigvis hadde dei skjenkt seg så mykje at dei ikkje såg eller tenkte så godt. Etterpå tenkte eg på at det ikkje var godt å vite kva som hadde skjedd viss Nikolaj sykla åleine og dei kom brølande og ropte pass. Då hadde han vel stogga. Dei var ikkje farlege, men då ville straks to fleire vere innblanda.

Dei to karane var ungdomar, den eine ein bergensar som arbeidde på dei tyske lagra og som lett kunne ha kjent att Nikolaj om følgjet hadde stogga.

Resten av turen gjekk greitt. Nikolaj vart motteken på Rygg, og som den første kom han på plass i Russehola laurdag den 30. september.

Åtte dagar seinare, den 8. oktober, var også dei tre andre rømlingane på plass der. Alex Krag, som møtte på tyskarar og måtte gje frå seg passet då han var på veg til Pelshallen for å møte Nikolaj på det han trudde var møtetidspunktet, var utan pass og såleis i ein uheldig situasjon. Han slo seg difor saman med dei fire og overvintra i hola.

Vart varmt mottekne
Historia om overvintringa i Russehola er skriven og sett på trykk fleire gongar før, mellom anna i Firda Tidend. Vi skal difor ikkje ta henne opp att her. Då freden var eit faktum 8. mai 1945 vart dei fire rømde fangane og Alex Krag henta ned til bygda. Der vart dei varmt mottekne, og dei tok aktivt del i 17. mai-feiringa på Sandane.

I byrjinga av juni reiste dei herifrå. Fram til no har lagnaden deira etter at dei kom tilbake til Russland vore ukjend. Kolbjørn Lyslo fekk brev frå to av dei før dei reiste frå landet. Året etter kom det brev til Jakob H. Rygg frå ein av dei som kom til Sandane frå Førde i fredsdagane og vart buande ei stund på Rygg. Han skreiv at han hadde hatt kontakt med tre av dei fire i hola sidan han kom tilbake til Sovjetunionen. Andrej hadde han ikkje høyrt noko frå.

Mange har rekna med at mangelen på livsteikn frå dei fire som redda livet takka vere uredd innsats frå mange glopparar, skuldast at dei møtte ein ublid skjebne etter heimkomsten. Ein teori har gått ut på at Stalin likviderte mange av krigsfangane som kom tilbake fordi ein soldat etter hans ideologi ikkje skulle la seg ta til fange.

No veit vi at årsaka nok heller er lange avstandar, dårlege kommunikasjonar, kald krig og kanskje eit ønske om å legge krigshendingane bak seg og gå vidare.



Innsats og offermot
Nikolaj Tsjitsjulin kom seg heim og har etter det han sjølv fortel levd eit godt liv. Han fekk seg arbeid på ein elektromekanisk verksted i Kemerovo. Der arbeidde han i 40 år. Først på golvet som vanleg arbeidar, seinare som sjefsmekanikar. Han hugsar framleis at Kolbjørn Lyslo spurde om han kunne sykle, sykkelen med laus gaffel, den påfølgjande turen på bagasjebrettet til Agnar Nyhagen, at han kom på plass i hola og at dei andre kom etter – Andrej som sistemann etter ein «sjuketransport» sett i scene av doktor Lyslo og Olav K. Henden.

Framleis veit vi ikkje noko om Filip, Jakob og Andrej, men vi vonar kontakten med Nikolaj vil gjere at vi etter kvart får meir informasjon om kva som hende med desse etter at dei kom heim. Det skal mykje til at nokon av dei framleis er i live. Jakob var fødd i 1908, Filip i 1914 og Andrej i 1918.

Minnet etter dei fire russiske krigsfangane har halde seg levande i dei meir enn 70 åra etter at dei reiste frå Sandane. Historia om Russehola er eit framifrå døme på innsats og offervilje, på vågemot og djervskap av bygda sine eigne for å redde livet til fire menneske dei knapt kjende.

No er alle hjelparane borte. Dessverre kom det første livsteiknet frå stormakta i aust for seint til at dei sjølve kan ta imot takka direkte frå ein av dei som blei berga. Takka får dei post mortem.

 

- - - -






Les også andre saker frå arkivet
Då Skorahammeren ramla ned.
Engelske Cora tok bussen til Skei – og blei verande der.
Hotellet på Egge – eit viktig knutepunkt.

Dagen då draumar gjekk i oppfylling – Ei fiskehistorie.
Solheim, den veglause grenda.

Dobbel trillinglukke på Vereide.
Fjellet, mytane og hendingane.
– Eg er glad du er i live.

Eit spesielt hundreårsminne.
Skora – husmannsplassen like ved Sandane sentrum
Riset – det vesle bruket med den sterke historia

Øyna – den siste grøne sentrumslunga.

Personomtalar:

Ragnar Sande: Ein gentleman med glimt i auget.
Lars Kjøsnes: Bygde veg langs Kjøsnesfjorden for 42 øre timen
Tollef Sandal: Jølstringen som fotodokumenterte heimbygda på 1900-talet.

Ola J. Nyhagen: Redaktør, bæreksportør, telefoninstallatør og kleppar.
Rune Kjørvik: Har vore handballtrenar i ein mannsalder.

Jakob Neumann Hammer: Bispeslektning og hotelleventyrar.
Hugo Mowinckel: Verdsmannen på Holvikgård.
Randi Kristensen: Blei tvangsevakuerte frå Finnmark – fann hjarterom og husly i Bukta.

Per Hoel: Rømde frå tysk tukthusstraff – enda i alliert konvoifart.
John N. Svidal: Tusenkunstnaren

Dette er Nikolaj si hue. Ho vart funnen av Agnes Sydness i løa der Nikolaj gøymde seg før han vart frakta til Russehola. No blir ho teken vare på av Agnes si niese Berit Sagen.
Her er dei fem som budde i Russehola frå oktober 1944 til mai 1945. Frå venstre Andrej, Jakob, Alex Krag, Nikolaj (framme) og Filip.
Rømlingane og dei fleste av hjelpesmennene samla i atelieret til fotograf Lyslo. Med på dette biletet er også nokre andre russiske fangar. Framme f.v. Filip Spitsin, Nikolaj Tsjitsjulin, Alex Krag, Andrej Mosla og Jakob Potapov. Bak f.v. Karl Sande, Eirik Rygg, Sverre Skrivervik, Mitja Rutsikov, Olav K. Henden, ein russar, Sergej Ljalsjenko, Agnar Nyhagen, Edvin Sande, Jon Ravnestad og Jakob H. Rygg. Av dei sentrale hjelparane manglar Alvhild og Kolbjørn Lyslo.
Den tyske krigsfangeleiren på Aabakken, like ved Sandane sentrum. Herifrå rømde fire russiske fangar 20. september 1944. Eigedomen er i dag eigd av Dag Fosstvedt.
Nikolaj Dmitrijevitsj Tsjitsjulin, fødd 6. desember 1918 i Novosibirskaja Oblast fotografert på verandaen sin i den sibirske byen Kemerovo.