Olve Grotle.

Vil ha Grotle og Eide på stortingslista

Sunnfjord Høgre ønskjer Olve Grotle og Elias Eide på lista til neste stortingsval.

– Sunnfjord Høgre er glade for at Olve Grotle og Elias Eide ønskjer å vere kandidatar til komande stortingsval. Olve Grotle har lang politisk erfaring, både som lokalpolitikar og ordførar i Førde og Sunnfjord i ti år, og den siste perioden som stortingsrepresentant. Elias Eide sit i dag på fylkestinget og har lang erfaring frå både Unge Høgre, Høgre og Stortinget, skriv lokallaget i ei pressemelding.

Elias Eide.

– Olve og Elias høgt på stortingslista vil gje ei sterk løysing for Sogn og Fjordane. Begge har solid erfaring og kjenner Stortinget og det politiske handverket godt. Eg har stor tru på at dei, saman med resten av partiet, vil kunne gjere eit godt val – og deretter ein svært god jobb for Sogn og Fjordane, seier styreleiar i Sunnfjord Høgre, Arild Hornnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nominasjonsmøtet til Høgre vedtek den endelege lista 10. november 2024.