Mann funnen død i sjøen i Solund kom truleg frå utlandet
Politiet i Nordhordland jobbar med å finne ut av kven som vart funnen død i sjøen i februar 2023. Mannen er ikkje i det norske saknaregisteret.
Politiet seier at ingenting tyder på at funnet i Solund kan knytast til noka saknasak i Noreg, skriv Bergens Tidende.
Mannen er ikkje i det norske saknaregisteret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politisjef i Nordhordland, Kjell Idar Vangberg, seier teorien er at det er ein person som har kome med havstraumen frå utlandet.
– Gjennom Kripos samarbeider vi med utanlandsk politi om dette sporet, seier han.
Den førebelse obduksjonsrapporten viser at mannen har lege minst tre månader i sjøen.
(©NPK)