Sluttar som leiar ved Nordfjord sjukehus
30. november har stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus, Tone Holvik, sin siste arbeidsdag i Helse Førde.
Holvik har vore i Helse Førde i nær åtte år når ho no sluttar. I tillegg til jobben som den stadlege leiaren i Nordfjord, har ho leia utviklingsprosjekt i både Lærdal og Førde. Ho har også vore samhandlingssjef og avdelingssjef på ortopedisk avdeling.
– Det har ikkje mangla på arbeidsoppgåver i Helse Førde, seier 62-åringen i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho er no på veg tilbake til yrket ho eigentleg er utdanna for – som sjukepleiar i heimkommunen Kinn.
– Det har vore spennande og utfordrande år. Eg er blitt godt kjend med spesialisthelsetenestene i området vårt, og ikkje minst lært mykje om samhandlinga med kommunane. Eg kom til Helse Førde i ettertid av mykje strid og uro rundt lokalsjukehusa, og blei den første stadlege leiaren. For meg var det viktig å skape ro omkring sjukehuset i Nordfjord, og samtidig vise nordfjordingane at vi faktisk har eit fungerande lokalsjukehus. Eg trur eg har vore ei tydeleg røyst for lokalsjukehusa inn i føretaksleiinga i Helse Førde, samstundes som eg har vore oppteken av heilskapen i spesialithelsetenesta i helseføretaket. No blir det spennande å følgje utviklinga for lokalsjukehusa vidare, seier Tone Holvik.