600 lærarar kan få tilbod om vidareutdanning i praktiske fag
Fleire hundre lærarar kan få tilbod om vidareutdanning i praktiske og estetiske fag. Samtidig blir kompetansekrava for å undervise i andre teorifag fjerna.
Regjeringa seier dei vil fjerne kompetansekrava for å kunne undervise i matematikk, engelsk og norsk for lærarar utdanna før 2014. Regjeringa håpar å kunne sende forslaget på høyring i vår.
Samtidig vil fleire i år få tilbod i praktiske og estetiske fag, som til dømes kunst og handverk, musikk og kroppsøving. Regjeringa skriv i ei pressemelding at 600 lærarar kan få tilbod om vidareutdanning i slike fag, noko som er ei dobling frå i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det viktigaste for at barn og unge skal lære, meistre og trivast, er at dei møter dyktige og fagleg trygge tilsette i barnehagar og skular. Då må vi ha eit vidareutdanningstilbod som er breiare og gir plass til fleire fag. Som ein start, utvidar vi tilbodet i dei praktiske og estetiske faga, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).
Ho legg til at dei også ønskjer meir praktisk læring i alle fag.
I 2022 er det sett av 1,7 milliardar kroner til vidareutdanning av lærarar og 100 millionar kroner til vidareutdanning av barnehagelærarar.
(©NPK)