Alle små og store overgangar er med på å forme det vesle mennesket. Foto: Nordstranda barnehage

Det er verdt ein trall!

Kva og kven er det som har vore med på å forme deg som menneske?

Det var kanskje nokre hendingar, opplevingar eller menneske som dukka opp i tanken din då du las spørsmålet. Svara våre kan vere like, unike, kompliserte, enkle etc. Men éin ting er sikkert; det og dei rundt oss pregar oss.

Mange overgangar

Og det starta allereie då vi låg i ein mage og kjende på puls, tempo og lydane av det som var utanfor. Og så kom vi ut i verda, og vi fekk kjenne på å gå frå det kjende til det ukjende.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fyrste åra i livet byr på mange nye opplevingar og overgangar. Frå dei store overgangane som til dømes barnehagestart, til mikroovergangane gjennom dagen. Alle desse små og store overgangane er med på å forme det vesle mennesket. Og vi som jobbar i barnehagane er så heldige at vi får vere med på denne reisa til så mange. Vår faglege kunnskap og erfaring er viktig i møte med desse «små», men så viktige opplevingar.

Les også
Det trengs ein heil landsby for å oppdra eit barn

Godt for barn og foreldre

Det å starte i barnehage er ein stor overgang for ein liten ven, og det er derfor så viktig at vi som møter barnet kan og evnar å gje av heile oss inn i denne overgangen slik at det opplevast godt for både barn og foreldre. Her har songen stor plass hos oss i vår barnehage.

Frå det fyrste møtet der vi besøker barnet heime, fellessamlingar om våren, til barnehagestart på hausten. Vi har barnet sin eigen song med oss, ein song som barnet likar og kjenner igjen. Den kjende songen framkallar noko trygt, gode minne og kjensler. Den bygger bru mellom heimen, det kjende, og barnehagen. Songen skaper tryggleik og fellesskap som gjer godt i den store overgangen. «Tenk at dei i barnehagen kan den same songen som dei heime!».

Det er ikkje alltid så lett for eit barn å skifte frå ein aktivitet til ein annan, til dømes frå leik til samlingsstund i barnehagen, eller frå leik til kveldsstell heime.

Glir lettare med song

Det er mange mikroovergangar i løpet av ein barnehagedag, t.d. frå leik til bleieskift, frå uteleik til måltid. I barnehagane nytter vi både song, visuelle hjelpemiddel, t.d. symbolkort, og teikn. Sjansen for at alle barn skal få med seg det som vert formidla er då stor, og overgangen kan lettare kjennast meiningsfull og forståeleg. Når vi til dømes syng ein beskjed, oppfattar ungane det kjappare og som ei meir motiverande melding. Songen bygger oppunder fellesskapet i gruppa, og den uroar ikkje leiken på same måte som ein verbal beskjed.

«Seidama, seidama, seidam då» – ein song som startar hos ein vaksen ilag med ein liten hjelpar. Og vipps så kjem små og store krypande og springande ut frå busker og skur, og stiller seg opp i den syngande køen – klar for neste post på agendaen!

Å synge seg inn i påkledning, i å rydde leikane, inn i dei små og store overgangane som finst i ein barnehagedag, gjer at livet glir lettare og rett og slett vert meir leikent.

Ikkje alltid så lett

Det er ikkje alltid lett å skifte frå ein aktivitet til ein annan, t.d. frå leik til samlingsstund. Eller frå leik til kveldsstell heime. For nokre barn er det ekstra krevjande når dei er midt i noko, og vert fortalt at du må avslutte og gjere deg klar for noko anna. Det er ofte i overgangssituasjonar at konfliktar oppstår. I barnehagen jobbar vi stadig med å skru på oss sjølv som vaksen for at desse situasjonane skal opplevast så gode som mogleg.

Og då handlar det ikkje om at alt skal bli lett, men at kvart enkelt barn skal bli litt meir rusta til å takle overgangar. Barn skal møte vaksne som har respekt for det barna er i, vaksne som møter/validerer kjenslene, og samtidig hjelper dei vidare inn i det som no må kome. Alle desse situasjonane som av og til kan kjennast lite viktige og avgjerande for oss vaksne, er med på å sette spor som kan hjelpe når livet seinare byr på større utfordringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er med på å forme dei

I møte med barnet og dei ulike overgangane, vil vi vere ein autoritativ vaksen (Diana Baumrind 1995). Ein vaksen som er høg på varme og som samtidig er tydeleg. Så må vi kanskje av og til våge å bruke litt meir tid i overgangane for å skape meining for barnet. I barnehagetilvenninga kan det handle om å legge til rette for fleire møte mellom barn og personale, eller å bruke fleire dagar enn vi hadde tenkt. I mikroovergangane er det kanskje snakk om berre nokre minutt – eller til og med berre nokre sekund meir.

Vi veit at det vi gjer og korleis vi gjer det er med på å forme det vesle mennesket. Det er ei gåve som gjer oss audmjuk og stolt. I lag med føresette og storsamfunnet er vi i barnehagane eit team rundt barnet, som saman legg grunnlag både for her-og-no og framtida.

Det er verdt ein trall!

Les også
Barnehagens vidunderlige verden
Les også
Eg er meg, og det er godt nok
Les også
Julestri eller juleTID?
Les også
Spørsmål eller beskjed?
Les også
Den usynlege brua
Les også
Leik – den forsvunne diamant?
Les også
Leik og vennskap i barnehagen
Les også
Ho treng ikkje orda mine enno
Les også
Livsmeistring i små og store overgangar