Leiken er den beste arenaen for utvikling av vennskap, relasjonar, tryggleik, sjølvbilete og livsmeistring, og alt dette er læring. Illustrasjonsfoto frå Mona barnehage.

Leik – den forsvunne diamant?

Dei siste åra har fokuset på barnehagen sine oppgåver drege oss i ei retning av at læring er kjerneoppgåva vår.

Barna skal møte skulen klare og modne. Dei skal ha ein ryggsekk med verktøy og erfaringar med seg frå barnehagen som har rusta dei til det vidare livet.

Les også
Spørsmål eller beskjed?

Den beste arenaen

Korleis vi best fyller denne ryggsekken er individuelt frå barn til barn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men ein ting er felles for alle barn i barnehagealder. Leiken er den beste arenaen for utvikling av vennskap, relasjonar, tryggleik, sjølvbilete og livsmeistring, og alt dette er læring. Ikkje nødvendigvis læring slik vi kjenner det frå skulen, men det er heller ikkje barnehagen si oppgåve. Det er difor ordet «leik» er brukt heile 66 gongar i Rammeplanen for barnehagen (2017).

Ingen luksus

Å leike er synonymt med å agere, å ane, å anta, å tyde, å førestelle, å håpe, å introdusere, å kalle, å late som, å presentere, å skøye, å spele, å tenkje seg og å vente.

Synonymane fortel oss noko om det rommet leiken gjev barna for utvikling og læring. FN’s barnekonvensjon understrekar viktigheita av leik når den skriv at «lek er ingen luksus, den er en grunnleggende dynamikk i den fysiske, intellektuelle, følelesmessige og sosiale utviklingen for mennesker i alle aldre» (Elkind 2008 ref. i Öhman, 2012).

Indre motivert

Konvensjonen viser til det rommet leiken gjev barnet for vidare utvikling når den påpeikar at «gjennom leken kan barnet utnytte og utfordre sine evner og anlegg, slik de er utviklet til enhver tid, enten de leker alene eller sammen med andre» (Öhman, 2012).

Ved at leik er noko indre motivert og styrt, er det barnet som til ei kvar tid har kontroll over sin leik og kan tilpasse den til sitt eige utviklingsnivå. Når barn leikar saman, tilpassar dei i første rekke leiken til seg sjølv, før dei på neste utviklingstrinn evnar å tilpasse seg den andre leikedeltakaren. Er ikkje dette fantastisk? Barn regulerer sjølv, frå svært ung alder, korleis det er best for dei sjølve å leike. Og gjennom å oppdage kva som er best for meg, ser eg etterkvart om det fungerer for den andre, eller om vi saman må gjere endringar.

Leik for leiken si skuld

Rammeplanen skriv mykje om leik, og leiken vert nemnd som ei av barnehagen sine sentrale oppgåver overfor barna. «Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling» står det i kapittelet om leik (Rammeplanen, 2017).

Også i Rammeplanen sitt kapittel om læring er leik nemnd i første setning. «I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre». Det er liten tvil om at ei av barnehagen sine fremste oppgåver er å verne om, tilretteleggje for og bidra til barna sin leik og leikemiljø. Det fortener stor merksemd, for det er nettopp leik for leiken si skuld som er barna sitt første val av aktivitet i barnehagen.

Rommar ei heil verd

«Kva har du gjort på i dag?» spør du gjerne barnet ditt når du etter arbeid styrtar inn i garderoben på veg vidare til neste gjeremål før kvelden kjem så altfor fort. Eg vil tru at du har fått svaret «leika» meir enn ein gong. Dette svaret frå barnemunn, med gnist i auga, rommar ei heil verd. Ei verd «vi» vaksne ikkje alltid er i stand til å setje oss inn i lenger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg tør påstå at vi er noko prega av eit «skulsk» syn på læring. Eit meir formelt syn enn det som var tenkt for barnehagen sitt mandat. Heldigvis kan barna, gjennom lange skildringar og gnist i auga, minne oss på at leiken tilfører dei alt vi vaksne meiner dei skal lære før dei er klar for det lange livet «der ute» i verda.

To døme

«Eg har bygd ei togbane. Og dette er ein stasjon. Nei, ikkje togbane for tog. Det er bane for båt. Sånn at båten veit kor han skal køyre. Så slepp han å køyre feil. Ein gong køyrde pappa feil i bil. Han skulle hatt ei bane. Eg kan bygge ei til han. Kan eg ta den med heim då?»

- gut 5 år

«Vi er brannmenn. Det brenn der på døra. Pass deg! Du står faktisk midt i brannen. Då må eg ringe sjukebilen.» «Det heiter faktisk ambulanse», skyt leikekameraten inn. «Ja, eg ringe ambulansen. Du kan jobbe der?» «Nei, eg er jo politi.» «Men då døyr ho, for nokon må jo køyre ambulansen. Vi må finne nokon som kan køyre.» «Ja, for ho som er i brannen, ho er passasjer.»

- gut og jente 3,5 år

Lærer gjennom leiken

I desse to døma på leik, av heilt ulik karakter; den eine ein konstruksjonsleik heilt for seg sjølv i hjørnet av eit rom, den andre ein rolleleik på puterommet med to svært engasjerte leikekameratar, får vi eit blikk inn i dette rommet leiken gjev.

Barna brukar personlege erfaringar. Dei utforskar uendelege moglegheiter. Dei spelar vidare på det dei veit frå før. Dei latar som. Dei lever seg heilt inn i situasjonen. Dei løyser utfordringar. Dei utvidar og utfyller kvarandre. Og dei lærer. Dei lærer så uendeleg mykje. Om seg sjølv, av seg sjølv. Om kvarandre, av kvarandre. Om vaksne og av vaksne. Om verda. Det er ikkje alltid enkelt. Leik, som verda for øvrig, er ingen dans på roser. Men leiken er eit trygt rom å utforske, det er trygt å teste det utrygge. For vegen til noko anna, noko tryggare, er kort. Dette gjer leiken unik.

Hyllar leiken

Barnehagen hyllar leiken. Ja, vi forgudar den nærast. Leik, kun for leiken si skuld, er ein diamant av uante dimensjonar. Den rommar ei verd av moglegheiter for utvikling og læring. Dette høyrest ut som ei idyllisering, eg ser den. Men det er verdt å stoppe opp og dvele over nettopp leiken sin verdi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Held vi på å miste den av syne? Er det ein forsvunnen diamant? I periodar er eg redd for det. I periodar der det er mykje snakk om læring i det «skulske» perspektivet, i periodar der ein snakkar om systematisk språkkartlegging av barn, og liknande. Då hyllar eg leiken ekstra mykje.

Leiken er viktig

Rammeplanen (2017) listar opp kva personalet skal gjere for å ivareta leiken. Ei liste beståande av sju punkt. Ei liste det er verdt å merke seg. Når rammeplanen er så tydeleg i sin tale, er det ikkje utan grunn. Leiken er viktig, kanskje noko av det viktigaste for barn i barnehagealder.

Den svenske psykologen og familieterapeuten Margareta Öhman skriv om leiken at den «betraktes som en tilstand og ikke som aktivitet. Lek er noe man opplever, en innstilling til livet snarere enn noe man gjør, en aktivitet. Det er opplevelsen av å leke som er det vesentlige».

La oss, foreldre, besteforeldre, tanter og onklar, barnehagetilsette, naboar og vener, finne fram igjen den «forsvunne diamant» og hylle og verne om leiken. For barna våre si skuld.

Litteratur

Utdanningsdirektoratet (2017). Rammeplan for barnehagen

Margareta Öhman (2012). Det viktigste er å få leke. Pedagogisk Forum

Ein god barndom varer livet ut

På eit møte med fleire av styrarane i barnehagane i Gloppen, dukka idéen til denne spalta opp. I dag er det åtte barnehagar i kommunen. Barnehagane Breim, Mona og Hyen er kommunale, medan Nygård, Rygg, Nordstranda, Austrheim og Bakkeligrenda er private. I denne spalta vil dei i tur og orden løfte fram ulike aktuelle tema. Dagens artikkel er ført i pennen av Marte Christensen, spesialpedagog i Mona barnehage.