Barn treng å få bryne seg på oppgåver. Alle foto: Breim barnehage

Livsmeistring i små og store overgangar

Mange omgrep vert løfta fram i oppvekstsektoren for tida. Livsmeistring er eitt av dei. I det ligg at barn og unge får praktisk kunnskap og ferdigheit til å handtere medgang, motgang, personlege utfordringar, endringar og konfliktar på ein best mogleg måte.

Dei skal gjennom oppveksten verte robuste nok til å bere sin eigen bagasje og ta gode val for seg sjølv og andre. Det er ikkje berre berre….

Nære vaksne som rettleier.

Kva er livsmeistring?

For å lære å ta gode val, må dei fleste prøve og feile. Dette inneber at ein både må tore og tole å stå i å feile, utan at verda fell i grus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foreldra og nære vaksne i skule og barnehage skal hjelpe barn til å lære denne praktiske livsmeistringa. Kva er greitt å seie og gjere når nokon er ueinig med deg? Korleis framheve at du er god på noko, utan å trakke andre ned i same slengen? Kva gjer du for å ta tak i utfordringar framfor å unngå dei?

Klare sjølv.

Vaksne er rollemodellar

Det dei vaksne rundt gjer er viktig. Er ein opne for og trur at sitt eige barn kan feile og gjere mindre gode val i sin higen etter livsmeistring? Eller er det berre alle andre sine barn som gjer det?

Barn og unge gjer ikkje det dei vaksne seier dei skal gjere, dei gjer det dei ser dei vaksne gjer. Vaksne er rollemodellar for korleis barna handterer medgang og motgang. Handterer den vaksne til dømes motgang ved å baksnakke kring kjøkenbordet, så er det det barnet gjer i neste omgang.

Rom for ulikskap i fellesskapet.

Den første store motgang

For 1-åringen kan tilvenning til barnehagen opplevast som den første store motgang. Gråt, glede, nyfikenheit og ikkje minst forvirring kring kor foreldra vart av. Her startar også livsmeistringa. I mangel av verbalt språk, vert gråt ein måte å kommunisere på.

Når ord kjem til kort, kommuniserer barn gjennom kroppsspråk og åtferd. Korleis responderer vaksne på det? Får ein klump i magen, vert på gråten sjølve og må dobbelsjekke om dei vaksne i barnehagen faktisk tek i vare barnet? Eller beheld ein roen og lagar faste gode rutinar ved å sette av nok tid, gje tryggleik via blikkontakt, vinke og signalisere «dette går fint barnet mitt»?

Har den vaksne kontroll på eigne emosjonar og såleis vert i stand til å hjelpe barnet med å meistre den motgang og uvisse det kjenner på i overgang til barnehage? Heile livet er fullt av små og store overgangar. Nokre barn må klare seg sjølv altfor tidleg, mens andre vert pakka så godt inn at prosessen med å lausrive seg frå føresette og å meistre livet sjølv kjem for seint i gang. Den gyldne middelveg er krevjande å få til, men desto viktigare å etterstrebe.

Ta sats og hopp i det...våg å bli våt!

Alle barn er unike

Går vi i vegen for barnet – eller går vi han saman med barnet? Kva treng barn i dag?

Det handlar om å syne omsorg utan at å bli overbeskyttande. Det handlar om omsorg som vert gitt barnet utan at det vert kravd noko tilbake (betingelseslaus kjærleik). Barn treng vaksne som støttar dei i det dei gjer, og respekterer dei for den dei er.

Artikkelen held fram under annonsen.

Barn må få ha sin eigen personlegdom. Barn er som dei vaksne ulike, og det har dei rett til å få vere. Vaksne sine oppgåver, anten det er som foreldre eller som tilsett i barnehage eller skule, er å hjelpe barna til å finne sin eigen veg. Alle er unike og spesielle på kvar sin måte.

Treng tid med vaksne

Barn treng tid med vaksne. Dei treng vaksne som lyttar til dei og er tolmodige med dei. Dei treng vaksne som ser det gode dei gjer i kvardagen og syner barnet at dei har sett det. Språk skaper røyndom. Det den vaksne set ord på og gjev fokus, får ein meir av.

Den vaksne bør tidleg gje seg tid til å la barna få enkle oppgåver i kvardagen. Det kan til dømes vere å sette skoa på plass når dei kjem heim, rydde av bordet etter seg, henge opp jakka si eller gå inn i barnehagen på eigne bein om morgonen.

Ja, det tek lenger tid enn om den vaksne gjer det sjølv, men det er slike småting i kvardagen som gjev barna kjensle av meistring og stoltheit. Barn treng moglegheiter og opplevingar som let dei oppdage kva dei greier å gjere sjølve. Dette er med på å lære dei ansvar og gjev dei evner dei kan ta med seg vidare i livet. Det er ein del av det å lære seg å bere sin eigen bagasje.

Ta tak i nye utfordringar i lag.

Gå vegen saman

Gå vegen saman med barna, ikkje for dei. Set av nok tid til barna. Vektlegg samspel med blikkontakt der den vaksne snakkar med barna om det som er både kjekt og utfordrande.

Haldningane den vaksne møter barn med, er sentrale for korleis barn taklar ulike situasjonar. Om barn gret eller syner frustrasjon, så stammer det frå same kjelde. Er det lettare for vaksne å syne medkjensle når barn gret? Kva kan den vaksne gjere annleis når barnet viser frustrasjon i sin prosess med å meistre livet?

Fakta

På eit møte med fleire av styrarane i barnehagane i Gloppen, dukka idéen til spalta «Ein god barndom varer livet ut» opp. I dag er det åtte barnehagar i kommunen. Barnehagane Breim, Mona og Hyen er kommunale, medan Nygård, Rygg, Nordstranda, Austrheim og Bakkeligrenda er private. Gjennom denne spalta vil dei i tur og orden løfte fram ulike aktuelle tema. Den første artikkelen er skriven av Anette Støyva og Britt Rønnekleiv Mølmann i Breim barnehage.