Inkluderande leik byggjer fellesskap, men leik er også kodar og sosiale reglar. Foto: Inger-Margrethe Sørland

Det trengs ein heil landsby for å oppdra eit barn

Har du nokon gong tenkt tilbake på barndommen din? Kva minne er sterkast? Er det dei gode? Eller dei vonde?

Sjølv om tidene og samfunnet har forandra seg sidan du var liten, så er kjenslene like universelle for dei som veks opp i dag uavhengig av tidas tann.

Innsatsteam mot mobbing

Alle barnehagar og skular i Gloppen kommune har eit innsatsteam mot mobbing beståande av personale som gjennom Læringssenteret har fått opplæring og praktisk trening for å kunne oppdage begynnande mobbeåtferd, og korleis stoppe det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved uønska handlingar nyttar vi stoppsamtale for å korrigere den type oppførsel. «Mari, no såg eg at du sendte eit stygt blikk til Tone. Eg hadde ikkje likt om du gjorde det til meg, så slutt/stopp med det.» Det er uangripeleg. Vi set ein standard for korleis vi ønskjer at vi skal ha det.

Stoppsamtale i praksis

«Eg såg kva du gjorde/Eg høyrde kva du sa.

Hadde du gjort det med meg, ville eg ikkje ha likt det, så slutt med det.»

Døme på stoppsamtale

Eit konkret døme frå ein ettermiddag i barnehagen der to barn sit og snurrar rundt på karusellen, i det eit tredje barn kjem til og seier «eg vil vere med». Dei to borna på karusellen stoggar farten. Den eine seier til den andre «kom, så går vi».

Ein tilsett får med seg dette, går bort til dei to barna som gav tredjemann den kalde skuldra og brukar stoppsamtalen. Dei to barna ser på kvarandre og nikkar før dei går tilbake til karusellen og barnet dei har forlate. Deretter snurrar dei rundt på karusellen i lag alle tre. Lenge. Dei ler og frydar seg. Den tilsette smiler til dei og gir ein tommel opp. Barna sender smilande munnar og auge tilbake.

Leik og sosial kompetanse

Kvardagen til store og små i barnehagen består i stor grad av leik. Leiken er flyktig. Leik er fellesskap. Leik er også kodar og sosiale reglar. For å få innpass, må du skjønne kva som er leik. Du må forstå reglane for samspelet. Du må kunne identifisere deg med leiketemaet. Og med fordel har du helst evne til å bidra i utviklinga av leiken.

For å kunne delta i leik treng ein sosial kompetanse, og sosial kompetanse blir utvikla gjennom leik. Foto: Espen Eithun Langedal

Ein følgjesvein til leiken er sosial kompetanse. For å kunne delta i leik treng ein sosial kompetanse, og sosial kompetanse blir utvikla gjennom leik. Det handlar ikkje berre om verbal kommunikasjon, men også ansiktsuttrykk, mimikk og kroppsspråk. Sosial kompetanse er eit omgrep som følgjer rammeplan for barnehagen og læreplanar i skulen. For å utvikle sosial kompetanse, treng ein å få innpass i leik. Det er dei vaksne sitt ansvar å følgje med og støtte barn som strevar med å tolke sosiale spelereglar eller få innpass i leik.

Frå haldning til handling

Slike situasjonar oppstår også på andre arenaer enn i barnehagen. Kva om det var du som var vitne til barna på karusellen? Ville du søkt tilflukt på mobiltelefonen i lomma og lata som du ikkje fekk det med deg? Kva gjer vi dersom vi ser at nokon behandlar eitt eller fleire barn dårleg? Det kan vere skitslenging. Det kan vere fysisk. Det kan vere eit ekskluderande kroppsspråk som «blikking» eller å snu ryggen til. Det kan vere hånleg latter. Eller ein kombinasjon. Kva gjer du? Er det ubehageleg å gripe inn når ingen av partane er «dine eigne»? Ja, det er det.

Kva om det er andre vaksne til stades, men ingen gjer noko? Kva om føresette til nokon av barna er der? Oi. No byrjar det å bli ubehageleg. Vi meiner likevel at det er viktig å gjere noko – der og då. For dersom ein som vaksenperson ser eller høyrer den slags, men ikkje gjer noko, så bekreftar ein handlinga som den eller dei barna blir utsette for. Er det greitt at Mari sender stygge blikk til Tone, eller snur ryggen til ho, kastar hua hennar i søla fordi Tone har blå lue og Mari hatar fargen blå? Nei, det er det ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må snakke om det

Kva grad av livsmeistring opplever eit barn som Tone? Kva med sjølvbiletet hennar? For barn og unge som blir utsett for dette, og som veit at vaksne ser det, eller høyrer det, utan å gripe inn – då er ein etter vårt syn med på å byggje taparar. Dette meiner vi er noko vi som vaksne må tore å snakke høgt om og ta stilling til. Kva gjer eg?

Kanskje har du sjølv eit forhold til utanforskap? Var du innanfor? Heldt du andre ute? Kanskje var det prisen du måtte betale? Eller stod du på utsida og kikka inn?

Storforeldremøte 7. februar

Kva for eit samfunn, og kva for eit miljø ønskjer ein å vere ein del av? Eit raust og inkluderande som har plass til alle? Eller ønskjer ein å vere med på å byggje opp om ekskludering så lenge det ikkje går ut over meg og mine? Kvifor seie ifrå? Jo, fordi ein har eit ønske om at alle skal oppleve å ha det trygt og godt. Oppleve kjensla av å høyre til. Dette meiner vi er noko vi som vaksne må tore å snakke høgt om og ta stilling til.

Gloppen kommune sin visjon er «ein rikare kvardag – midt i verda». Skal vi leve etter dette, kan vi ikkje ta oss råd til å halde nokon utanfor. Vi har alle eit ansvar. It takes a village to raise a child. Ta ditt ansvar som vaksen – lær meir ved til dømes å møte opp på storforeldremøte med Læringsmiljøsenteret onsdag 7. februar i kultursalen!