I barnehagen er det mange bruer som skal etablerast, særleg no om hausten.

Den usynlege brua

Om tilvenning, tilknyting og relasjonsarbeid i barnehagen

Vegarbeid tek tid. Spesielt å byggje bru treng detaljregulering, gode planar, kompetente fagfolk og eit raust tidsperspektiv. Ei bru er ein konstruksjon som er laga for kryssing av eit vanskeleg farbart område, til dømes over til ei øy.

«Kvart menneske er ei øy, som kjent.

Så det må bruer til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uendeleg mange slags bruer».

Tarjei Vesaas

Relasjonsarbeid er brubygging

I barnehagen er det mange bruer som skal etablerast. Spesielt no på hausten, ved nytt barnehageår er dette ein prosess som pågår lenge. Nye born og vaksne skal dele kvardagen saman, og mange born kjem til barnehagen utan å kjenne nokon her frå før. Utan bruer over til øya si, då er det klart at barnet treng mamma eller pappa som har bygd trygge og gode relasjonar til barnet sitt, og slik gjort det dei kan for å gjere barnet så klart som mulig for barnehagestart. I tillegg treng barna sensitive og varme barnehagetilsette som er gode på å etablere trygge relasjonar. (Ida Brandtzæg m.fl, Se barnet innenfra», 2014).

Vegarbeid pågår

I trafikken står der ofte eit varselskilt: «Vegarbeid pågår». Dette kan samanliknast med tilvenningstida i barnehagen. Vi treng å etablere eit trygt fundament og bevege oss roleg, gå forsiktig til relasjonen er trygg. Felles opplevingar, LEIK og tolmod trengs i bøtter og spann.

Ungane testar – sjekkar om vi toler dei – pushar grensene, trampar på brua. Vår jobb er å halde ho trygg og sikker med gode grenser ut frå kunnskap og klokskap, erfaring og forsking om kva som er godt for born. Slik vert borna stadig tryggare, og dei kan fortsette å utforske og utvikle seg med glede og meistring.

Borna treng omsorg frå vaksne som speglar barnet sin uendelege verdi. Illustrasjonsfoto frå Nygård barnehage ved tilvenning, 2022.

Sju første leveåra

Forsking kring relasjonar og tilknyting viser at dei aller viktigaste relasjonane er dei som vert til dei sju første leveåra. Dei små vert sterkt påverka av relasjonar og menneska rundt seg. Dette er ei spesielt viktig tid for all læring, der borna treng å få vere seg sjølve – bekrefta og sett akkurat slik som dei er. Borna treng omsorg frå vaksne som speglar barnet sin verdi som uendeleg stor. Det er viktig for oss i barnehagen at du som er barn kjenner deg verdsett og trygg her saman med oss.

Det handlar om kjenslemessige band som bind menneske saman. Barnehage som lærande organisasjon treng òg trygge relasjonar internt mellom leiarar og medarbeidarar, til foreldre og andre samarbeidspartnarar. Slik får vi til samarbeid som er til beste for barna.

Det trengs som kjent «a village to raise a child».

Artikkelen held fram under annonsen.

Må stadig øve

Gode relasjonar til born inneheld ubetinga kjærleik og anerkjenning, trygge grenser og rammer som er sett av vaksne som tek 100 prosent ansvar i relasjonen til borna. Også når borna utfordrar oss. Borna er likeverdige, men dei er ikkje likestilte. Det er ein stor skilnad, som inneheld respekt for barndomens eigenverdi og som ansvarleggjer dei vaksne som rollemodellar for borna. (Herdis Palsdottir, «Relasjoner med barn», 2015).

Det heile startar med brua og relasjonen vi har til oss sjølve. Difor vil vi som arbeider i barnehagen stadig øve. Øve på å vere trygge i oss sjølve og glade i oss sjølve. Dette er strategisk arbeid for auka emosjonell kompetanse i arbeidet med borna. Det er eit faktum at den kjærleik du kjenner til deg sjølv, fortel kor mykje kjærleik du er i stand til å kjenne, også for andre. (Relasjoner, Herdis Palsdottir, 2013).

Livsmeistring

Som barnehagetilsette vil vi prøve å by på oss sjølve for å kunne skape stødige relasjonar til born og vaksne som kjem til oss. Vi tek arbeidet på alvor, er audmjuke, glade og takknemlege, og veit at barnehagen sitt samfunnsmandat er enormt og svært viktig, eit massivt sosialt entreprenørskap.

Vi vil vere bevisst på kva vi driv med. Ikkje bere drive med… (Line Melvold, Livsmestring, 2018).

Grunnlaget som vert lagt for å trygge borna i den relasjonelle utviklinga her og no har konsekvensar for korleis dei seinare fungerer som trygge menneske i eit samfunn som tek vare på kvarandre. Dagens born vert morgondagens vaksne. Vi arbeider såleis kvar dag heilt konkret med temaet livsmeistring.

Krevjande og spennande

I den digitaliserte verda vi lever i, er dette fokuset både meir krevjande og spennande enn nokon gong. Ingen praktisk-pedagogisk modell kan erstatte varme, stødige og truverdige vaksne. Vi må arbeide med oss sjølve som viktigaste reiskap. Barnehagelivet vert slik sett aldri kjedeleg. Vi er konstant i byggjebransjen med vedlikehaldsarbeid og nye sosiale entreprenørskap i tett samarbeid med dei enormt viktige heimane. Dette er arbeid som gir viktige og positive konsekvensar for livet – snakk om viktig tidlig innsats og positiv samfunnsøkonomi!

Litteratur

Ida Brandtzæg, Stig Torsteinson, Guro Øiestad (2014) Se barnet innenfra. Kommuneforlaget

Herdis Palsdottir (2013) Relasjoner- som jeg møter meg selv, slik møter jeg også andre. Relasjonssenteret

Herdis Palsdottir (2015) Relasjoner med barn. EQ institute

Line Melvold (2018) Livsmestring i barnehagen. Kommuneforlaget

Ein god barndom varer livet ut

På eit møte med fleire av styrarane i barnehagane i Gloppen, dukka idéen til denne spalta opp. I dag er det åtte barnehagar i kommunen. Barnehagane Breim, Mona og Hyen er kommunale, medan Nygård, Rygg, Nordstranda, Austrheim og Bakkeligrenda er private. I denne spalta vil dei i tur og orden løfte fram ulike aktuelle tema. Ragne Mari Røed Kandal i Nygård barnehage har skrive denne artikkelen.