Barnehagen er blitt ein del av utdanningssystemet, og blir sett på som ein del av det livslange læringsløpet.

Eg er meg, og det er godt nok

Utvikling av barnehage, syn på barn og viktigheita av individet

Før i tida såg ein på barnehage som ein instans der ein oppbevarte barna for at foreldre skulle gå på jobb. For nokon kan nok dette stemme enno, men barnehagen har fått langt større eigenverdi.

Barnehagen er blitt ein del av utdanningssystemet, og blir sett på som ein del av det livslange læringsløpet. Synet på barn har også endra seg.

Som vaksne må vi leggje til rette for at barn får medverke i eigne liv.

Barnet som aktør

Frå 1970-talet og fram til i dag, har barn gått frå å bli sett på som noko sårbart som trengde vern, til å få ei meir medverkande rolle i familien. Fokuset i oppsedinga blei meir forhandlande og inkluderande enn tidlegare (Thuen 2008).

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå barndomssosiologien si side blei det også argumentert for at barn skulle ha ei meir sentral rolle i eigne liv. Termane «human beings» og «human becomings» tredde fram. Her gjekk ein meir vekk frå tankegangen om barn som eit «human becomings», altså kva barnet skal bli til, og heller over på «human beings», kven barnet er, kva interesser det har og meiningar barnet måtte ha (James, Prout & Jenks 1998).

Vi ser i dag på barnet som eit subjekt, ein aktør i eigen kvardag som aktivt medverkar i eige liv. Som vaksne er vi av Barnekonvensjonen pliktige til å legge til rette for at barn får medverke i eigne liv, men kva vil det seie?

Barn sine rettar

Barn sin rett til medverknad er lovfesta i Barnekonvensjonen (2021 §13). Der står det at barn som er i stand til det, har rett til å gje eit fritt uttrykk i alle saker som gjeld dei, og at barn sine synspunkt skal ha vekt og tyngde som samsvarar med barnet sin alder og kor modne dei er.

Dette blir vidareført i Rammeplanen (2017) for barnehagen, der det står at barn skal få delta aktivt i planlegging og vurdering av barnehagen som verksemd. Alle skal få erfare at dei har påverknad på det som går føre seg i barnehagen.

Barn sin rett til medverknad er lovfesta i Barnekonvensjonen (2021 §13).

Ikkje fri flyt

Dette vil sjølvsagt ikkje seie at barna skal få bestemme at vi skal ha sjokoladekake til lunsj kvar dag, eller at barna skal få gjere det dei vil til ei kvar tid. Som nemnt tidlegare skal barna sine synspunkt vektleggjast i forhold til alder og kor modne dei er. Det er viktig at barn ikkje skal tildelast ansvar eller val dei ikkje er rusta til å kunne bere/ta. Det er som eit sitat av Astrid Lindgren attgjeve av Eva Heger (2018):

«De som alltid låter sina barn göra som dom vill – har fullständigt missförstått begrepet frihet. Det er direkt fegt att säga til sina barn: Gör som ni vil!»

Medverknad er ikkje det same som å gjere kva du vil, det handlar om å sjå barna for den dei er og handle ut frå det.

Medverknad i barnehagen

Når vi vaksne planlegg dagen i barnehagen, kan vi leggje til rette for barn sin medverknad ved at aktivitetar og leik tek utgangspunkt i barn sine interesser, opplevingar og formidla ønske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva snakkar barna om? Kva fortel dei oss vaksne? Er det noko spesielt nokon av barna har opplevd? Gjennom observasjon, gode relasjonar og samtalar med barna, kan vi vaksne avdekke kva barn likar og bryr seg om, vi kan med det skape ein barnehagekvardag som alle barna kjenner seg igjen i.

Medverknad er med på å skape sjølvhevdande og kommunikative barn, som er trygge på seg sjølve og eigne ferdigheiter.

Det er rom for alle

Å la born medverke ikkje berre i barnehagen, men til dagleg, vil vise at den dei er, deira meiningar og deira subjektivitet er viktig. Dette vil igjen vere med på å skape sjølvhevdande og kommunikative barn, som er trygge på seg sjølve og eigne ferdigheiter. I eit samfunn med stadig meir mangfald og ulikskapar kan det vere vanskeleg å gje plass til alle. Difor må vi vaksne aktivt jobbe for å skape rom for alle barn og vise at dei kan tenke om seg sjølv:

Eg er meg, og det er godt nok. Eg treng ikkje å vere nokon annan for å ha verdi. Den eg er her og no har noko å seie, og det er plass til meg også.

Les også
Julestri eller juleTID?
Les også
Spørsmål eller beskjed?
Les også
Den usynlege brua
Les også
Leik – den forsvunne diamant?
Les også
Leik og vennskap i barnehagen
Les også
Ho treng ikkje orda mine enno
Les også
Livsmeistring i små og store overgangar
Kjeldeliste

FNs Barnekonvensjon. (2021). FNs konvensjon om barnets rettigheter. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/fns-barnekonvensjon/id88078/

Heger, Eva. (2018). Kva er barns medvirkning. Barnehagenett. https://www.barnehage.no/barns-medvirkning-barnehagenett-blogg/hva-er-barns-medvirkning/128873

James, A., Prout, A. & Jenks, C.(1998). Theorizing Childhood, Oxford: Polity Press.

Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Udir. https://www.udir.no/contentassets/7c4387bb50314f33b828789ed767329e/rammeplan-for-barnehagen—bokmal-pdf.pdf

Thuen, H. (2008). Om barnet: oppdragelse, opplæring og omsorg gjennom historien. Oslo: Abstrakt forlag.

Barnehagane har ordet

På eit møte med fleire av styrarane i barnehagane i Gloppen, dukka idéen til spalta «Ein god barndom varer livet ut» opp. I dag er det åtte barnehagar i kommunen. Barnehagane Breim, Mona og Hyen er kommunale, medan Nygård, Rygg, Nordstranda, Austrheim og Bakkeligrenda er private. Gjennom denne spalta vil dei i tur og orden løfte fram ulike aktuelle tema.