Nærvær og positive opplevingar saman med vaksne, fremjar trivsel og livsglede, skriv dagleg leiar i Bakkelidgrenda barnehage, Sara Marie Tystad, i denne artikkelen.

Julestri eller juleTID?

Det er 1. desember og nissefest i barnehagen. Det er ein dag utanom det vanlege. Ein dag borna har gleda seg til og har forventningar til. Ein dag som skaper felles opplevingar og barndomsminne.

Det er ein dag der vi vaksne er grautservitørar til eit langbord av born som ventar på nissegrauten. Hand i hand får vi gå rundt juletreet medan vi syng «Eg gjekk meg over sjø og land», og nissehuene sprett opp og ned. Vi kjenner oss heldige som får oppleve desse stundene saman med borna dykkar.

Samhald, tid og fellesskap

Det som gjorde sterkast inntrykk etter årets nissefest er ein stolt storebror som fortel mammaen sin om dagen ved hentetid. Det som var viktigast for han å fortelje, var at veslebror sat på fanget hans under adventssamlinga. Auga til guten glitrar av stoltheit når han vidare fortel at dei gjekk saman opp til juletreet og heldt hender medan dei song.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje ofte vi har felles samling for heile barnehagen eller nissefest. Likevel var det tydeleg kva som hadde sett sterkast spor i dette barnet. Det var ikkje grauten eller julenissen. Det var opplevinga saman med veslebror. Denne samtalen med mor står igjen som eit sterkt vitne om kva som kanskje er viktigast for born. Han fortel indirekte om samhald, tid og fellesskap.

Tidsklemma

Vi har entra førjulstida og passert midten av desember. Ein månad der vi vaksne kjenner på alt som skal og burde vore ordna. Kalenderen fyller seg fort opp med julefrukost, rampenisse, raude kle til nissefest, julemarknad, julegåvehandel, julebakst, julevask.. ja, lista er lang. MÅ, BURDE OG SKULLE! Ei kjensle av ikkje å strekke til kan smyge seg innpå. Kjenner vi på eit lite tidspress? Om det ikkje er krav og forventningar frå før, så blir det ikkje mindre i førjulstida.

I barnehagen er det også mykje som skjer i desember. Dagar utanom det vanlege: nissefest, luciamarkering, kyrkjebesøk, baking og juleverkstad…

Når vi har juleverkstad, er bordet fylt av konglar, raude naser, nissehuer, gulltråd, lim, saks, paljettar og anna julemateriale.

Juleverkstad

Vi har juleverkstad og har funne fram ulike materialar som barna kan bruke til å lage julekort og julepynt. Bordet er fylt av konglar, raude naser, nissehuer, gulltråd, lim, saks, paljettar og anna julemateriale. Barna set i gong. Éin byrjar på ei julelenke som endar opp med å bli ei pipe til nissen. Pipa vert så lang at ho faktisk når heile vegen frå korga i garderoben og ned på golvet. «Wow! Dette må vere den lengste pipa nissen nokon gong har sett»!

Ein annan finn ein dorull i papirsøpla som passar perfekt til reinsdyret han vil lage. «Kan vi finne fleire piperensarar? Helst ein lilla og ein orange». Saman går vi til formingsskapet og finn kassa med piperensarar. Rundt bordet dukkar det no opp både robotar, dinosaurar og nissar med hår i ulike fargar. Kanskje ikkje det ein vaksen tenker på som typisk julepynt, men i arbeid med barn er prosessen og kreativiteten som blomstrar undervegs det viktigaste. Og det stolte smilet til guten som viste fram nissepipa til mamma gløymer eg ikkje.

Bli meir medvitne

Undervegs i juleverkstaden kjenner eg ei lita hand som prikkar meg på ryggen. Når eg snur meg, møter blikket mitt ein gut som står med yndlingsboka si i handa og spør meg med forventningsfulle auge; kan vi lese denne?

Vi har så mykje vi har lyst til i desember månad. Kva vel vi å fylle tida vår med? Det motsette av tidsklemme kan kanskje vere samhald, tid og fellesskap? Den kjensla storebroren kjende på saman med veslebror på nissefesten, eller å finne tid og rom for å lese yndlingsboka. Kanskje må vi senke forventningane om alt ein helst skulle og burde gjort, og bli meir medvitne på bruken av den tida vi faktisk har i lag?

Vi kan ikkje stoppa tida, men vi kan velje å gje ho eit positivt innhald.

Ein kopp av kjærleik

Tida går som ho alltid har gjort. Vi kan ikkje stoppe ho, men vi kan velje innhaldet i ho. Som Karsten Isachsen seier det så fint: «Det er få ting et menneske lengter mer etter, enn å bli sett».

Artikkelen held fram under annonsen.

«Den aller beste gaven rundt juletreet: tilstedeværelsen til en glad familie, alle pakket inn i hverandre» - B. Hills

Borna treng oss vaksne. Dei treng at vi skaper rom, ro og tid, og at vi er til stades med kroppen, hjartet og hovudet. Nærvær og positive opplevingar saman med vaksne, fremjar trivsel og livsglede (Rammeplanen). Dette er med på å fylle opp borna sin emosjonelle kopp – ein kopp full av kjærleik.

La ting ta den tida det tar. La mjølet flyte på kjøkkenbenken og julekulene henge der borna plasserer dei. Jula er ei fin tid til å gje kvarandre tid. Tida blir minne – juleminne og barndomsminne. Kanskje er dette oppskrifta på julemagi?

Med ønske om ei god og roleg førjulstid!

Barnehagane har ordet

På eit møte med fleire av styrarane i barnehagane i Gloppen, dukka idéen til spalta «Ein god barndom varer livet ut» opp. I dag er det åtte barnehagar i kommunen. Barnehagane Breim, Mona og Hyen er kommunale, medan Nygård, Rygg, Nordstranda, Austrheim og Bakkeligrenda er private. Gjennom denne spalta vil dei i tur og orden løfte fram ulike aktuelle tema.