Eg vil fortsetje å stille spørsmål og undre meg saman med borna, då eg er uhyre nysgjerrig på klokskapen og det dei har å tilføre fellesskapet og meg.

Spørsmål eller beskjed?

«Du har så mange spørsmål». Som oftast opplever eg ei slik tilbakemelding anerkjennande, som eit klapp på skuldra. Men er alltid spørsmåla mine eit spørsmål, eller er dei like gjerne ein beskjed?

Som barnehagefolk og saman med foreldre, er det lett for at vi utset borna for spørsmål.

Les også
Den usynlege brua

Kva skal vi ha til middag?

Altfor mange spørsmål. Nokre gonger spørsmål som aldri skulle ha vore stilte, som borna kan få sleppe å få, då svara ikkje er interessante i forhold til fortsetjinga. Svara vert ikkje følgde opp i praksis. Då bidreg spørsmål ofte til konflikt og vil igjen elske fram ein motstand i borna då dei vert skuffa av ikkje å bli høyrde. Ei kjensle eg godt forstår då valet dei fekk ikkje var reelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva skal vi ha til middag i dag? Eg kjenner meg igjen som småbarnsmamma. Kva håpar eg eigentleg at svaret vert frå barnet som har motteke spørsmålet mitt? På same tid som dette spørsmålet kjem, veit eg at svaret lett kan bli pannekake, og pannekake har vi ikkje tid til i dag. Vil eg eigentleg ha eit svar, eller har eg allereie ein middagsplan? Kvifor spør eg då om ikkje alle svar er gyldige?

Unødvendige situasjonar

«For de fleste er dette nemlig bare en måte å prate på, mener psykolog og terapeut Hedvig Montgomery, og kanskje et tegn på at vi prøver å framstå som hyggeligere enn vi egentlig er. Hun mener også det er et uttrykk for at vi ikke stoler på vår egen voksenstemme. Barna gjennomskuer denne usikkerheten, så skadelig er det neppe. Men det lager unødige situasjoner med diskusjoner og skuffelse» (Famlab.no, 2018).

Skal vi ete no? Skal vi gå ut no? Skal vi gå heim frå barnehagen no?

For oss er svara, når vi kjem med desse spørsmåla, openberre. Vi veit svara, men det gjer ikkje borna. Akkurat som vi vaksne tenkjer at det er sjølvsagt at born veit og har ein informasjon dei ikkje har?

Les også
Leik – den forsvunne diamant?

Trygge og tydelege vaksne

Er det eit spørsmål eller ein beskjed eg kjem med? Skal barnet ha eit val her? Dette er lure refleksjonar å ha i forkant, slik at vi unngår å stille barn spørsmål på ting dei faktisk ikkje kan gjere eit val på.

Som vaksne og barn er vi likeverdige, alltid, men i relasjonen er vi aldri likestilte. Som vaksne skal vi vere klokare, tryggare og bidra med varme inn i relasjonen til barnet. Det er vårt ansvar. Barn har behov for trygge og tydelege vaksne som kan ta avgjerder for dei ved å seie «no skal vi ete», eller «no skal vi gå heim, så du må gjere deg klar».

Les også
Leik og vennskap i barnehagen

Varme i relasjonen

På same tid er det å vere tydeleg ikkje det same som å vere kort i forma og kommanderande. Det er ei øving for mange av oss som er rundt barn å inneha ein varme i relasjonen og på same tid opplevast som tydelege.

«No vil eg at du vaskar hendene dine, så skal eg hjelpe deg med jakka etterpå.» Det er ein tydeleg og på same tid hyggeleg beskjed å få. Du er likeverdig, viser klokskap, er trygg og varm. «Vask hendene dine og ta på deg jakka», er kommanderande og har ei ovanfrå og ned-haldning. Eller «Kan du vaske hendene dine no og ta på deg jakka?» Då risikerer du å få «nei» til svar, og svar ville du kanskje ikkje ha, ikkje eit «nei» i alle fall.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ho treng ikkje orda mine enno

Vi må øve oss

Eg vil fortsetje å stille spørsmål og undre meg saman med born då eg er uhyre nysgjerrig på klokskapen og det dei har å tilføre fellesskapet og meg.

Å stille spørsmål til born er aldri feil når eg veit at det er det eg gjer og at svaret eg får gjeld. Vi er likeverdige, men eg er alltid klokare, tryggare og varmare i relasjonen. I denne relasjonen vert det avgjerande å kunne stole på sin eigen vaksenstemme som Hedvig Montgomery påpeikar. Eg trur det er fleire av oss som skal tenkje igjennom spørsmåla våre til born. Det er ikkje eit anten eller, men ein må finne ein balanse. Alltid til borna sitt beste. Vi må øve oss.

Les også
Livsmeistring i små og store overgangar
Ein god barndom varer livet ut

På eit møte med fleire av styrarane i barnehagane i Gloppen, dukka idéen til denne spalta opp. I dag er det åtte barnehagar i kommunen. Barnehagane Breim, Mona og Hyen er kommunale, medan Nygård, Rygg, Nordstranda, Austrheim og Bakkeligrenda er private. I denne spalta vil dei i tur og orden løfte fram ulike aktuelle tema.