Barn er flinke til å ordne opp sjølve – berre vi gjev dei høve til det. Foto: Nordstranda barnehage

Ho treng ikkje orda mine enno

Det er karneval i barnehagen, og eg tek imot både ville dyr, prinsesser og superheltar i garderoben. Då kjem det ein pappa og eit barn inn i garderoben, litt stille og betenkte begge to.

Idet blikka våre møtest, forstår eg: Dei har gløymt at det er karneval i dag.

Treng ikkje alltid ord

Vi snakkar litt, og eg fortel både pappa og barnet at dette skal vi fikse. Etter avskjeden går barnet og eg inn i salen der det sit nokre superheltar rundt eit legobord. Barnet set seg på fanget mitt, og vi ser på dei som byggjer og snakkar rundt bordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi er stille ei stund. Vi treng ikkje alltid ord for å forstå ei kjensle. Eg kjenner det i barnet sin kropp, ved at barnet held eit hardt tak rundt meg. Denne situasjonen er ubehageleg og vanskeleg.

Føler trong til å gripe inn

Så blir vi oppdaga av gjengen rundt bordet, og fem par auge stirrar på oss. Det vert heilt stille, aktiviteten rundt bordet har stoppa. Stillheita i seg sjølv får tankane mine til å fly: «Oi, no vert det ubehageleg for barnet. All merksemd blir retta mot ho, og eg veit kvifor. Kva skal eg seie no?». Men eg seier ingenting, eg berre avventar.

Det eine barnet i gruppa spør: «Skal du ikkje kle deg ut?» medan han ser rett på jenta.

Trongen til å gripe inn er der i meg. Ønsket om å forsvare henne verbalt, trygge henne på at ho også skal få kle seg ut og bli måla i ansiktet slik som alle dei andre. At alt skal gå så fint. Men eg vel framleis å vere stille og avventande medan eg vurderer situasjonen i tankane mine.

Tid, tillit og rom

La barna få TID til å tenkje, handle og meistre sjølv og ha TILLIT til at barna vil klare å løyse dette utan mine ord som blandar seg og påverkar. Gje ROM for at barnet på fanget mitt kan få stå i det ubehagelege, gjere sine erfaringar og oppleve dei ulike kjenslene som vil oppstå.

For éin ting er sikkert, utfordringar vil barn møte i vaksenlivet. Kva treng dei av oss for å førebu seg på dette? Eg veit at vala mine og medvitet mitt rundt dette temaet vil vere med på å påverke kor robuste barn vil vere i møte med utfordringar som vil oppstå seinare.

Kjem med løysingar

Men eg er der, som støtte i både kropp og blikk, og vil kunne ta imot dei kjenslene som eventuelt vil kome. Ved å vere stille og avvente, vil eg òg få sjå kva løysingar barna kjem med – dei har så mange og dei er så unike.

«Eg skulle vere heks», kjem det frå barnet, medan ho framleis sit godt planta i fanget mitt. Enno ventar eg med å seie noko. Ho treng ikkje orda mine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det andre barnet ser på henne med store, runde og omsorgsfulle auge: «Ja, men vi har jo ein kjole i barnehagen som ser litt heksete ut som du kan ha», seier han med stort engasjement.

Klarer sjølv

Jenta på fanget ser på meg. «Åh, det tykkjer eg var ein god idé», seier eg for å anerkjenne barnet sitt gode innspel. «Kva tenkjer du?», spør eg og ser ned på jenta. Ho smiler, er litt lettare i kroppen no og nikkar forsiktig til meg. Eg vender meg mot det andre barnet: «Kanskje du kan hjelpe oss med å finne denne kjolen?».

Han hoppar av stolen som ein rakett, med ei hand opp i lufta. Ein skikkeleg superhelt. «Ja, det kan eg!», seier han med kraftig og klar stemme.

Barnet eg har nær meg sklir ned frå fanget mitt, og dei to går og leitar etter kjolen.

Eg følgjer med, men på litt avstand. For barna klarer sjølv – berre eg gjev dei høve til det. Så er eg der når barnet søkjer hjelp, anten gjennom kropp, blikk eller stemme.

Ein god barndom varer livet ut

På eit møte med fleire av styrarane i barnehagane i Gloppen, dukka idéen til denne spalta opp. I dag er det åtte barnehagar i kommunen. Barnehagane Breim, Mona og Hyen er kommunale, medan Nygård, Rygg, Nordstranda, Austrheim og Bakkeligrenda er private. I denne spalta vil dei i tur og orden løfte fram ulike aktuelle tema.