Jølster-trenar Leander Mulen Sunde var godt fornøgd etter siger over Stryn laurdag. Arkivfoto.

Sterk Jølster-siger i Stryn

Jølster sikra sesongens første siger borte mot Stryn laurdag.

Jølstringane vann 3-2 etter at stillinga ved pause var 1-1.

– Hakket kvassare

Trenar Leander Mulen Sunde var godt fornøgd etter kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ein jamspelt kamp, men vi har lengre periodar der vi styrer kampen og er hakket kvassare enn Stryn i både innsats og intensitet, seier han.

Han meiner det offensive spelet har byrja å setje seg.

– Vi har løfta oss nokre hakk frå dei to fyrste kampane. Til slutt vinn vi fortent, og det er skikkeleg godt at årets første siger er i boks, smiler Jølster-trenaren.

Kampfakta Stryn - Jølster

Stryn - Jølster 2 - 3 (1 - 1)

Kretsligaen

Måla:

0-1 (19 min.) Sigmund Høyvik

1-1 (24 min.) Vegard Sæten Hopland

2-1 (55 min.) Simen Reed Hopland

2-2 (61 min.) Tobias By Vikøren

2-3 (83 min.) Håkon Mallesvik

Jølster: Ard Ragnar Sundal, Steffen Sjøvold-Igelkjøn, Joakim Solheim Kvellestad, Kristoffer Flatjord Sunde, Torjus Turøy Berge, Jakob Gjesdal Eikås, Andreas Årseth, Tobias By Vikøren, Arild Øygard, Sigmund Høyvik, og Hans Gjesdal Eikås. Innbytarar: Jonas Rødvik, August Årdal Øvrebø, Håkon Mallesvik, Jarand Mathias Håheim, Emil Klævold Kjempenes, Isak Tveit og Gestur Arnar Gylfason.

Gule kort: Jonas Rand Hopland, Stryn

Raude kort: Jesper Endal Jepsen, Stryn

Dommar: Haakon Javier Tronstad