Mykje vind og tørt gras gjorde til at brannen spreidde seg over eit stort område raskt.

Har sløkt lyngbrann i Jølster

Kl. 15:18 onsdag ettermiddag blei det meldt om lyng-/grasbrann i Førde i Jølster. 

- Det bles ein del i området og brenn nedover mot elva. Er folk på staden som prøver å sløkke. Politiet er på veg, opplyste Vest politidistrikt kl. 15:24.

Klokka 15:51 blei det meldt at det ikkje var fare for spreiing til busetnad, og at brannvesenet var framme. 

11 minutt seinare blei det meldt om kontroll på situasjonen, og klokka 16:36 kunne politiet opplyse at brannen var sløkt og ingen var kome til skade.

Brannårsaka er ukjend.

Powered by Labrador CMS