Arkivfoto frå Norsk Countrytreff 2025.

Norsk Countrytreff går motstraums

I ei tid der stadig fleire countryfestivalar fyller plakaten med pop, rock og sjangerlause kompromiss, vel Norsk Countrytreff å gå i motsett retning.

Publisert

Med slepp av den komplette artistlista for 2026, slår festivalen fast at country framleis er meir enn ein stil – det er ei musikalsk retning med røter, historie og identitet.

– Country er ikkje ein trend vi pyntar plakaten med. Det er sjølve fundamentet for festivalen, seier dagleg leiar Vegar Sårheim i ei pressemelding.

- Slik country skal låte

Årets program er ei tydeleg markering av dette standpunktet. På toppen av plakaten står Whitey Morgan and the 78’s, ein av dei fremste representantane for kompromisslaus outlaw-country i USA – ein artisttype som i aukande grad har forsvunne frå europeiske festivalplakatar.

– Whitey Morgan kjem ikkje med crossover-country eller radiopop. Han kjem med outlaw og honky-tonk. Akkurat slik country skal låte, seier Freddy Sårheim Brakestad, artistansvarleg for Norsk Countrytreff.

Saman med Emily Ann Roberts, ei sterk ung stemme innan tradisjonsforankra Nashville-country, teiknar festivalen eit klart bilete av kva retning Norsk Countrytreff ønskjer å gå i.

– Emily Ann Roberts viser at det framleis går an å vere ung artist i Nashville utan å gje slepp på sjangeren og sjølvrespekten. Ho er eit godt bevis på at country ikkje treng å vatnast ut for å vere relevant, seier Brakestad.

– Kunne ha valt ei enklare øysing

Den norske delen av programmet følgjer same linje. Hellbillies, Claudia Scott og Lucky Lips er artistar som, kvar på sin måte, har halde fast ved country og beslekta uttrykk – utan å pakke det inn som noko anna.

– Vi kunne lett ha valt ei enklare løysing og booka artistar som “liknar litt på country”. Men det har vi bevisst valt vekk. Norsk Countrytreff skal vere ein stad der publikum slepp å lure på om det dei høyrer faktisk er country, seier Sårheim.

Med namn som Joshua Ray Walker, Alex Miller, Joni og Olivia Harms og Rose’s Pawn Shop på plakaten, i tillegg til ei lang rekkje norske og internasjonale artistar innan americana, bluegrass og klassisk country, meiner arrangørane at festivalen representerer eit alternativ til den stadig meir utvatna festivalmodellen.

– Vi trur ikkje løysinga for country er å bli mindre country. Vi trur løysinga er å stå stødigare i det sjangeren faktisk er, seier Brakestad.

Norsk Countrytreff 2026 blir arrangert i Breim 8. til 12. juli.

Powered by Labrador CMS