I vinter har det vore få finkeartar, som dompappen, i norske hagar.

Slik gjekk det med hagefuglteljinga i år

Det er fråværet av finkefuglar som nok vil hugsa best av årets hagefuglteljing. Meis-fuglane gjer det derimot veldig bra i Noreg også denne vinteren.

Publisert

I år har det komme tal til hagefuglteljinga frå meir enn 13.000 norske hagar, ifølgje Birdlife Norge, som får inn registreringane.

Finkefuglar og andre nomadar er det vanskelegare å få auge på denne vinteren. Alle finkeartane som overvintrar i Noreg, har det vorte registrert færre av i år enn i fjor, blant dei dompap, bjørkefink og gråsisik.

Tre av finkeartane er nede i halvparten så mange registreringar som i fjor. Det er truleg dårleg tilgang på føde som er grunnen til at finkebestanden går ned.

Stasjonære fuglar er dei mest trufaste hagefuglane. Dei mest stabile fuglane er kjøt- og blåmeis, skjor, pilfink og gråsporv samanlikna med tidlegare år.

Kjøtmeisa, som er den mest stabile vinterfuglen, vart rapportert av 94 prosent av hagefuglteljarane. Denne arten vart det talt heile 90.000 individ av.

Dei siste 30 åra har bestanden av spettmeis auka. 14.000 spettmeiser har vorte registrerte i nesten 7.000 hagar i år. Aldri før har det vorte registrert så mange under hagefuglteljinga.

Det høge talet kjem av at det er lettare for spettmeisa å finne mat når vintrane er mildare.

Kvar vinter tel nordmenn fuglar i eigen hage og rapporterer til Birdlife Norge. (©NPK)

Powered by Labrador CMS