Stortinget røysta for å behalde monarkiet
Trass usedvanleg stor merksemd rundt saka, fall forslaget om å innføre republikk i Noreg. 26 representanter i Stortinget røysta for republikk, medan 141 røysta imot då det blei votert klokka 12:15 tysdag.
Forslag om å innføre republikk dukkar opp med jamne mellomrom i Stortinget, stort sett i starten av ein ny periode. Dei blir like rutinemessig stemnt ned, sjølv om enkelte parti og enkeltrepresentantar alltid stemmer for.
I år er det likevel ekstra merksemd rundt forslaget fordi det kjem opp til votering få dagar etter at nye detaljar om kronprinsesse Mette-Marits kontakt med Jeffrey Epstein vart offentleggjord av det amerikanske justisdepartementet. I tillegg starta rettssaka mot sonen til kronprinsessa, Marius Borg Høiby, i dag tidleg.
SV og Raudt hadde varsla i forkant at dei stemmer for å innføre republikk. Fleire parti stiller i utgangspunktet fri representantane sine, så dei kan stemme etter eige samvit.
Geir Pollestad erklærte under debatten at Senterpartiet kjem til å stemme imot. Dette grunngav han mellom anna med den stabiliteten ein kongefamilie bidreg til under regjeringsskifte, og at politikk «er meir enn prinsipp».
– Ein president kan vere vel så samlande som ein kongefamilie, repliserte Une Bastholm i MDG.
Sist Stortinget stemde over eit forslag om å innføre republikk i Noreg, 1. juni 2022, fekk monarkiet oppbakking frå 131 av 169 stortingsrepresentantar. Berre 35 stemde for å innføre republikk.
Om ein skal innført republikk, krev det to tredels fleirtal i Stortinget. Det er fordi det er ei grunnlovsendring.